Hopp til innhold

Helsedirektoratet vil forby omstridd krefttest

Helsedirektoratet vil forby ein omdiskutert krefttest som vert nytta ved fleire norske sjukehus. Fagorganet gjev kritikarane rett i at testen er for upåliteleg.

Helsedirektoratet vil forby norsk krefttest

Helsedirektoratet støttar kritikarane av ein krefttest som er i bruk ved fem norske sjukehus. Direktoratet ber politikarane setja ein stoppar for praksisen.

Foto: NRK

Medisinske ekspertar kranglar så busta fyk over ein test som blir brukt ved fem norske sjukehus for å oppdaga kvinner med risiko for livmorhalskreft.

Fleire overlegar har mobilisert til felles front mot praksisen ved desse sjukehusa, fordi dei meiner krefttesten er upåliteleg og kan friskmelda kvinner som i realiteten står i fare for å utvikla livmorhalskreft.

No får kritikarane støtte fra Helsedirektorat, som har kome med ei tilråding til departementet om å stramma inn retningslinjene for krefttesting.

Anbefalinga frå direktoratet vil i realiteten medføra at den utskjelte krefttesten hamnar på svartelista.

– Behov for innstramming

– Dei nasjonale retningslinjene for gjennomføring av livmorhalsprøvar har vore for vage. Me innser no at det er behov for å stramma inn krava til testane. Kvinner som testar negativt, må kunne lita på resultatet, seier Hans Petter Aarseth som er prosjektdirektør i Helsedirektoratet.

Livmorhalskreft er den mest utbreidte krefttypen blant kvinner under 35 år i Noreg. Det er ein seksuelt overførbar sjukdom, som i dei aller fleste tilfelle kjem frå eit såkalla HPV-virus.

Ved hjelp av spesielle HPV-testar kan ein påvisa virus-infeksjon, og dermed oppdaga og behandla kvinner i risikosona før viruset utviklar seg til alvorleg kreft.

Striden i fagmiljøa dreier seg om kva for ein HPV-test som eignar seg best til å luka ut dei kvinnene som treng behandling.

Divisjonsdirektør Hans Petter Aarseth i Helsedirektoratet.

Hans Petter Aarseth er prosjektdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

– Liv i fare

Den utskjelte krefttesten er i bruk ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og ved sjukehusa i Drammen, Fredrikstad, Lillehammer og i Aalesund.

I fagbladet Dagens Medisin rettar fleire overlegar kritikk mot desse sjukehusa som dei meiner driv med uforsvarleg eksperimentering, fordi krefftesten dei brukar er unøyaktig.

– Dette er hårreisande fordi dei set pasientane sine liv i fare – heilt unødig, seier professor og overlege ved Kvinneklinikken i Bergen, Ole-Erik Iversen.

Vil begrava testen

Forkjemparane for testen meiner den er meir treffsikker enn alternativet, og minst like sikker når den vert supplert med ein celleprøve.

Basert på grundige vurderingar frå ulike faggrupper og internasjonale anbefalingar, har direktoratet likevel teke parti med kritikarane.

Fagorganet sende nyleg ei tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet, som går ut på å begrava den omstridde testen.

Aarseth i Helsedirektoratet seier det er på høg tid at dette skjer.

– Me kan ikkje akseptera ein praksis som medfører at kvinner vert friskmelde når dei i realiteten står i fare for å utvikla livmorhalskreft.

Vil stoppa test for livmorhalskreft

Livmorhalskreft kjem hovudsakleg frå HPV-virus. Det er utvikla mange testar for å påvisa virusinfeksjon, men ein av testane som er i bruk i Noreg er for dårleg, meiner Helsedirektoratet.

Foto: NRK

Staten har punga ut

Helsedirektoratet gjev også kritikarane rett i at testen er økonomisk uforsvarleg.

– Rikstrygdeverket no har betalt mange millionar for testing som ikkje var i tråd med nasjonale krav, seier Aarseth som likevel påpeiker at testinga ikkje ulovleg slik reglane er utforma i dag.

Han seier staten må ta dette på eigen kappe fordi retningslinjene har vore utydelege.

– Sjukehusa kan ikkje klandrast for dette. Det er gjort i beste faglege meining, men staten har kommunisert testkrava for dårleg, erkjenner Aarseth.

Men no vil Helsedirektoratet feia for eiga dør, ved å skjerpa krava for livmorhalstest i screeningprogram.

– Det er viktig at praksisen er i samsvar med føresetnadene når staten skal ta kostnadene.

Strengare krav

Innskjerpinga som Helsedirektoratet foreslår, består i at livmorhalstestane må fanga opp godt over 90 prosent av kvinnene i risikosona for å utvikla livmorhalskreft.

I tillegg må dei testa for minimum tolv variantar av HPV-virus, som er den vanlegaste årsaka til kreft

Testen som får kritikk (HPV RNA-test) greier berre å luka ut 75 prosent av dei som med kreftrisiko, og testar for fem varantar av HPV-viruset.

Aarseth vonar at Helsedirektoratet vil ta tilrådinga til etterretning, og at forskriftene vil verta endra i løpet av det nærmaste halvåret.

AKTUELT NÅ