Hopp til innhold

Ny studie: Kutt i psykiatriske sengeplassar fører til dårlegare behandling

Ein ny studie frå Finland viser at å kutta sengeplassar fører til eit dårlegare tilbod for psykiatriske pasientar.

Gaustad sykehus

Dei finske forskarane er bekymra for at endringane innan helsehjelpa for psykisk sjuke i Finland kan ha ført til at fleire ikkje får den behandlinga dei burde. Landsforeininga for pårørande til psykisk sjuke trur situasjonen skildra i studien er samanliknbar med Noreg. Bildet er av Gaustad sjukehus, og er ikkje direkte knytt til saka.

Foto: André Børke / André Børke

På 23 år har 42 prosent av dei psykiatriske døgnsengene i Noreg blitt fjerna. Det svarar til eit kutt på over 2500 senger frå 1998 til i fjor.

Dei siste fire tiåra har 60 prosent av døgnplassane i Finland, Sverige og Danmark forsvunne.

Samtidig har ein bygd opp nye tenester i kommunane, og i spesialisthelsetenesta har ein gått over til poliklinisk behandling og ambulante tenester, fortel psykiater og professor i psykiatri ved NTNU, Solveig Klæbo Reitan.

– Dette er ein del av ein fagleg og politisk bevisst strategi som gjeld heile Europa, som også er støtta av Verdas helseorganisasjon (WHO).

– Det å vera langtidsinnlagd på psykiatriske institusjonar skal vera unntaket, seier Klæbo.

I staden skal pasientar med psykiske lidingar bu heime all den tida det er mogleg, og få hjelp og behandling frå ambulante og lokale tenester.

Korleis denne overgangen har fungert i Finland, har nokon finske forskarar ved Oulu universitetssjukehus nå undersøkt.

Ein av forskarane, doktorgradsstipendiat Efran Jahangiri, trur funna er representative for heile Norden.

Erfan Jahangiri, forskar ved Oulu universitet i Finland.

Erfan Jahangiri, forskar ved Oulu universitet.

Foto: Hanna Puolakka

Får ikkje hjelpa dei treng

I den finske studien kjem det fram at det har vore ei dramatisk auke i pasientar som blir plassert på psykiatriske omsorgsbustader med låg grad av støtte.

Samtidig får færre hjelp frå psykiatriske poliklinikkar, der talet på plassar ikkje har auka samtidig som talet på døgnsenger har søkke, fortel Jahangiri.

– Det indikerer at folk som har psykiske lidingar ikkje får den tenesta dei treng frå poliklinikkane, og at det er grunnen til at dei blir flytta til omsorgsbustader utan adekvat behandling, seier Jahangiri.

Les også Lavterskeltilbud for spiseforstyrrelser i fare – mister penger i statsbudsjettet

Faglig leder Line Orvedal i ROS, Rådgivning om spiseforstyrrelser

Han fortel at samtidig som døgnplassane har blitt kutta, har ikkje pengane gått tilbake til tenesta. Dermed har verken omsorgsbustadane eller poliklinikkane ressursane til å gje pasientane den behandlinga dei burde få, seier Jahangiri.

– Folka som jobbar der gjer faktisk ein veldig god jobb med dei få ressursane dei har, men i det store bildet fungerer ikkje denne trenden.

Helsedirektoratet seier til NRK at dei ikkje kan svara for om den finske studien er samanliknbar med Noreg, fordi dei ikkje er kjend med at dei har norsk undersøkingar om akkurat dette.

LPP: Pårørande må ta ansvar for behandling

Leiar av Landsforeining for pårørande innan psykisk helse (LPP), Christine Lingjærde, meiner dette er ein generell trend som også gjeld for Noreg.

NRK forklarer

Hva er helse-foretaksmodellen?

Hva er helse-foretaksmodellen?

Eies av «selskap»

Norge har en helseforetaksmodell. Det betyr at sykehusene eies av foretak, selskaper, eid av staten.

De drives i stor grad som private selskap, men kan ikke gå konkurs fordi de er statseid.

Modellen styres av lov for helseforetak.

Hva er helse-foretaksmodellen?

Sånn fungerer det

Norge er delt opp i fire helseregioner: Nord, Vest, Midt-Norge og Sør-Øst.

Hver region har sitt eget regionale helseforetak.

Hver av de regionale helseforetakene eier flere helseforetak.

Hvert helseforetak driver flere sykehus eller behandlingssteder.

Hva er helse-foretaksmodellen?

Noen eksempler

Forvirrende? Her er eksempler:

  • Helse Nord eier både Nordlandssykehuset, Finnmarkssykehuset og Universitetssykehuset Nord-Norge
  • Helse Sør-Øst eier blant annet Oslo universitetssykehus, Sørlandet sykehus og Sykehuset Innlandet
Hva er helse-foretaksmodellen?

Sykehus og foretak

Helseforetakene har ofte sykehus i navnet, men mange av dem driver mange sykehus:

  • For eksempel er både Ullevål sykehus og Rikshospitalet en del av Oslo universitetssykehus.
  • Og både sykehuset på Stokmarknes og sykehuset i Bodø tilhører Nordlandssykehuset.
Hva er helse-foretaksmodellen?

Sånn er organiseringa

Staten

Regionale helseforetak (som Helse Nord, Helse Vest)

Helseforetak (Oslo universitetssykehus, Nordlandssykehuset)

Enkeltsykehus (som Drammen sykehus, Ullevål)

Hva er helse-foretaksmodellen?

Krav om sparing

I loven for helseforetak stilles det krav om at helseforetakene skal ha egenkapital som står «i forsvarlig forhold til foretakets virksomhet.»

Enkelt forklart betyr det at helseforetakene er forplikta til å ha penger på konto. Har de for lite penger, må de finne tiltak som gjør at de får mer penger - spare mer. De må også ha penger til egenkapital hvis de trenger lån til store investeringer.

Lingjærde meiner helsetenestene ikkje lenger har kapasitet til å hjelpa alle som er sjuke. Derfor blir pasientar sende heim for tidleg utan ordentleg oppfølging, seier ho.

– Det rammar først og fremst dei sjukaste, som ikkje kan bli følgd opp heime eller av kommunen.

Ho meiner denne utviklinga kan skapa ei djup krise for dei pasientane det går ut over. I tillegg går det ut over deira pårørande, seier ho.

– Når det ikkje er hjelp å få, er det me pårørande som må stilla opp. Me blir omtala som frivillige, men det gjer me ikkje frivillig, fordi det er noko me må gjera.

Les også «Yasmin» (25) brukte seks år på å finne psykolog

"Yasmin" ser ut vindu mens hun holder rundt tekoppen sin.

Ho seier at pårørande sjølvsagt vil hjelpa folk dei er glade i, men at dei ikkje har kunnskapen og heller ikkje den økonomiske støtta til å klara det på ein god måte.

– Det er mange pårørande som blir heilt utslitne og sjuke, og må gå frå jobben sin for å ta seg av ein person som bur heime eller delvis heime som er veldig, veldig sjuk.

HOD: Eit av dei viktigaste satsingsområda

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Karl Kristian Bekeng, seier at dei delar bekymringa til LPP om at tilbodet må bli styrka.

– Psykisk helse er derfor eit av denne regjeringa sine viktigaste satsingsområde, og me er mellom anna i gang med ein eigen opptrappingsplan for psykisk helse, seier Bekeng.

Han seier at det i statsbudsjettet er ei tydeleg prioritering om å styrka tilbodet innan psykisk helse og auke døgnkapasiteten.

– Samtidig må me styrka den polikliniske kapasiteten, det er der me har sett ei auke i ventetider. Me har også ei historisk satsing på fastlegeordninga.

Bekeng seier at dei veit at mange pårørande står i svært krevjande situasjonar over tid.

– Pårørande er ein enorm ressurs for sine næraste og for samfunnet, og dei må få god støtte. Ikkje minst må vår felles helseteneste vera gode til å lytta til og samarbeida med pårørande, som kjenner pasienten best.

HOD har derfor gjeve Helsedirektoratet i oppdrag å utvikla eit verktøy for pårørandeavtaler, og har set av eigne middel i neste års statsbudsjett for tiltak som kan styrka pårøranderolla, seier Bekeng.

Konkluderer på feil grunnlag

Klæbo Reitan ved NTNU har lest studia, og meiner forskarane konkluderer på feil grunnlag.

– Dei viser til ein rapport frå 2004 som seier at det kan henda at tenestene i kommunane ikkje er gode nok. Dette er ei 20 år gamal antaking. Denne kan ikkje nyttast som premiss for ein konklusjon nå, seier ho.

Funnet av at talet på døgnplassar går ned, samtidig som trykket aukar i andre tenester, meiner ho er heilt greitt.

Forskaren Jahangiri svarer at dei i konklusjonen har skrive at dei er bekymra for behandlinga til psykisk sjuke i Finland, og at det er behov for meir forsking for å kunna seia noko om effektiviteten av behandlinga.

Les også Frykter for nedleggelse: – Jeg fatter det ikke

Fay Wildhagen

Krevjande å undersøka

Professor ved Oslo Met og forskar ved Universitetet i Oslo, Tonje Lossius Husum, fortel at det er krevjande å undersøka samanhengen mellom nedbygginga av sengeplassar og oppbygginga av andre helsetenester, som omsorgsbustader.

– Det kan vera fleire grunner for å legga ned sengeplassar, og meir motstand mot å bygga opp nye tenester.

Det er ofte vanskeleg å sei noko sikkert om årsakssamanhengar i forsking, seier ho. Samtidig veit ein at utviklinga som forskarane frå Finland skildrar er ein del av ei ønska og planlagt utvikling.

I Noreg la opptrappingsplanen opp til nedbygging av sengeplassar i sjukehus og oppbygging av tenester i kommunen, seier Husum.

– Begge deler trur eg har tatt lengre tid enn planlagt, og har skjedd i ulikt tempo.

Sjølv har ho erfart at mange av pasientane innan psykisk helsevern ønsker å ha ein eigen stad å bu utanfor sjukehuset. Ho trur det både er bra og nyttig at pasientane får ein eigen bustad.

– Men det kan vera stor forskjell på i kor stod grad desse tenestene er bygga ut i kommunen og på kvaliteten på tenestene, seier ho.

Les også Vil bruke 900 millioner for å hjelpe unge som sliter

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef Mental Helse Ungdom

AKTUELT NÅ