NRK Meny
Normal

Dagens Breivik-rapport kan bli avgjerande for dommarane

Det er utenkjeleg at dommarane gir Anders Behring Breivik fengselsstraff dersom terroristen i dag blir erklært utilrekneleg for andre gong, meiner fleire rettspsykiatrar.

Breivik

Om seks dagar startar rettssaka mot Anders Behring Breivik i Oslo tingrett. Skuldspørsmålet er det i denne saka ikkje tvil om. Tilreknelegheitsspørsmålet står sentralt.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

I dag leverer dei sakkunnige rettspsykiatrane, Agnar Aspaas og Terje Tørrissen, rapport nummer to om den mentale helsa til Anders Behring Breivik.

Det store spørsmålet er om rettsvesenet kan dømma massedrapsmannen til fengselsstraff.

Nei, meiner rettspsykiatrane Synne Sørheim og Torgeir Husby, som først fekk mandatet til å vurdera massemordaren. Breivik var og er så psykisk sjuk at han må få behandling og ikkje straff, var konklusjonen i rapporten som dei leverte i november i fjor.

Dersom Aspaas og Tørrissen konkluderer på same måte, er det meir eller mindre utelukka at retten vil setja Breivik bak fengselsmurane når dommen fell i midten av juli, meiner fleire rettspsykiatrar som NRK har snakka med.

Aspaas og Tørrissen

Dei sakkunnige psykiatrane Agnar Aspaas (f.v.) og Terje Tørrissen har vurdert Breivik ved hjelp av samtalar, tvangsobservasjon og store mengder saksdokument. Den rettspsykiatriske rapporten blir den mest omfattande i noregshistoria.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

– Ville vore underleg

– Tilreknelegheitsspørsmålet er truleg avgjort dersom alle dei fire sakkunnige konkluderer likt. Det er heilt utenkjeleg at dommarane då vil forkasta to faglege råd, seier psykiatar Erik Rønneberg Hauge.

Han får støtte frå yrkesfellene Yngve Ystad og Kjersti Narud.

– Det ville vera underleg. Det er jo logisk at ein ny utilrekneleg-konklusjon vil underbyggja den første rapporten, seier Ystad.

– Generelt skjer det berre unntaksvis at retten går imot det faglege rådet frå dei sakkunnige. I denne saka har dei heile fire sakkunnige og to rettspsykiatriske rapportar å sjå til. Er det i tillegg semje mellom desse, aukar sjølvsagt sannsynet for at dommarane lyttar til dei, meiner psykiatrispesialist Narud.

Breivik vil i fengsel

Breivik vart fornærma då han vart erklært psykotisk og utilrekneleg i den første rapporten, og har omtalt det som eit karakterdrap på han. Massedrapsmannen vil under rettssaka kjempa for å bli erklært tilrekneleg, og har i samsvar med forsvararane kalla inn vitne som skal kunne byggja opp under ein slik konklusjon.

Advokat Harald Stabell understrekar at retten er suveren og at det er fullt og heilt opp til dommarane å avgjera tilreknelegheitsspørsmålet.

Men sjølv om retten i teorien står fritt til å overprøva psykiatrane, skjer det nesten aldri i praksis lenger. Dommarane var langt meir fristilte frå dei sakkunnige for 30-40 år tilbake.

– Ein kan faktisk kritisera retten for å leggja for mykje vekt på dei sakkunnige, seier Stabell.

Annleis rettssak med motstridande rapportar

Advokat Harald Stabell i "Aktuelt" 29.11.2011

Advokat Harald Stabell.

Foto: NRK

Dersom Aspaas og Tørrissen i dag leverer ein rapport som «friskmelder» Breivik, ligg det derimot an til ein psykologisk thriller av ei rettssak.

– Då får dommarane to motstridande råd, og det blir stor spenning knytta til det endelege utfallet, seier Stabell.

To motstridande rapportar vil påverka rettssaka, som startar den 16.april. Det kan bli aktuelt for både aktoratet og forsvararane å justera bevisoppgåvene sine ved å fjerna eller kalla inn nye vitne.

– Dommarane vil i ein slik situasjon leggja meir vekt på vitneføringa og på observasjonen av Breivik i rettslokalet. Det vil truleg også bli sett av meir tid til utspørjinga av rettspsykiatrane, fortel Stabell.

I bevisoppgåva til påtalemakta er det førebels sett av tre dagar til rettspsykiatri, heilt på tampen av rettssaka.

Rettssal 250 Oslo tingrett

Hovudforhandlingane skjer i splitter nye rettssal 250 i Oslo Tinghus i perioden 16. april til slutten av juni.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Me kan endra konklusjon

Både Tørrissen, Aspaas og dei to første sakkunnige skal vera til stades under heile rettssaka for å observera Breivik.

Ifølgje Tørrissen har dei høve til å endra syn på sinnstilstanden til Breivik undervegs i hovudforhandlingane.

– Me kan endra konklusjonen dersom det i løpet av rettssaka kjem fram vesentlege opplysningar som ikkje var kjende for oss frå før, forklarar han.

Nye relevante opplysningar kan dukka opp når nye vitne skal forklara seg, som til dømes familiemedlemmer og vener. Det kan også koma fram ny informasjon frå vitne som allereie har vore i politiavhøyr.

Tørrissen poengterer også at dei sakkunnige hittil har fått mykje vitneinformasjon overlevert frå politiet. Under rettssaka får dei moglegheita til å stilla sine eigne spørsmål til alle som skal inn i vitneboksen.

– Som psykiatrar kan me ha interesse av å spørja om ting som ikkje politiet har vore like opptekne av. Det kan vera meir inngåande spørsmål om kva type kontakt vedkommande har hatt med Breivik, og korleis han eller ho oppfatta tiltalte.

Psykiatrispesialist Kjersti Narud

- Den eine rapporten legg ikkje den andre død, seier psykiatrispesialist Kjersti Narud.

Foto: Jonas Sætre / NRK
– Den eine legg ikkje den andre død

Spørsmålet om Breivik er tilrekneleg eller ikkje har ridd landet som ei mare heilt sidan terroristen vart pågripen etter åtaka den 22. juli 2011. I november i fjor kom den første rapporten, der dei dei sakkunnige rettspsykiatrane, Synne Sørheim og Torgeir Husby, konkluderte med at Breivik lir av paranoid schizofreni og følgjeleg er strafferettsleg utilrekneleg.

Rapporten skapte ein massiv debatt og hausta kritikk frå fleire hald, noko som førte til at retten valde å oppnemna to nye sakkunnige til å skriva ein heilt ny rettspsykiatrisk rapport, Terje Tørrissen og Agnar Aspaas.

Psykiatrispesialist Narud understrekar at den nye rapporten ikkje må vurderast som ein dom over den første.

– Den eine rapporten legg ikkje den andre død. Poenget med å be om ein ny rapport var at retten skulle få saka så opplyst som mogleg. Uansett kva konklusjon me får i dag, vil retten ha god nytte av to rapportar når dei omsider skal ta den endelege avgjerda, seier ho.

Riddar, regent og avlsprosjekt

Nokre av argumenta som Husby og Sørheim la til grunn då dei erklærte han paranoid schizofren og utilrekneleg, er at Breivik:

– er ein person som lever i sitt eige vrangførestellingsunivers, der vrangførestellingane styrer alle tankar og handlingar.

– seier at han har utført drapa av kjærleik til folket sitt. Han kjenner seg utvald til å bestemma kven som skal leva og døy, og som ein som skal rettleia folket.

– karakteriserer seg sjølv som den mest perfekte riddaren etter Den andre verdskrigen, og seier at hans organisasjon «Knight`s Templar» vil overta makta i Europa.

– kallar seg «den framtidige regenten i Noreg og Europa».

– har tankar om å gjennomføra eit avlsprosjekt på nordmenn og å organisera dei i reservat.

Fleire ekspertar på høgreekstremisme meiner at mange av argumenta til dei to rettspsykiatrane ikkje nødvendigvis peikar i retning av ei sinnsliding, men er kollektive oppfatningar som Breivik deler med mange i det høgreekstreme miljøet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger