Hopp til innhold

Vil gi norske kjøttkaker og brunost eit særleg vern

Kvardagsmat bør få same status som manchego og roquefort. Det meiner Stiftinga Norsk Mat som foreslår at norske kjøttkaker og brunost får beskytta nemning.

En porsjon med kjøttkaker i brun saus og en brødskive med brunost

KVARDAGSMAT: Kjøttkaker med poteter, ertestuing, tyttebær og brun saus, og nybakt brød med brunost er typisk norsk for mange nordmenn.

Foto: Espen Alnes/Tine Mediabank / NRK/Tine

Champagne, gorgonzola og parmaskinke har eit særleg vern etter EU-lovgjeving. Du kan ikkje lage ei spekeskinke i Noreg, og kalle henne parmaskinke. Dei er knytt opp mot geografiske område.

– Dei gamle oppskriftene blir lefla med

Noreg har 32 mat- og drikkevarer som har beskytta nemning. Det er blant anna cider frå Hardanger, Lofotlam og festsodd frå Trøndelag. Men det er lite kvardagsmat på lista, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i Norsk Mat, som administrerer ordninga.

– Vi opplever kanskje ikkje kvardagsmaten som høgkvalitetsprodukt. Men vi ser at dei gamle oppskriftene blir lefla med. Ein puttar kanskje andre og billegare ingrediensar i ei kjøttkake enn det som var opphavet.

Ho viser til at Sverige, som har langt færre beskytta nemningar enn Noreg, blant anna har gjeve hushållsosten og falukorven eit særleg vern.

NRK forklarer

Kva er beskytta nemningar

Kva er beskytta nemningar

Ei nasjonal, offentleg merkeordning for mat og drikke

  • Ordninga blei etablert i 2002, og baserer seg på EUs regelverk
  • Ei beskytta nemning gir eit juridisk vern mot etterlikning og kopiering, og er ein garanti for at produktet er det som det gir seg ut for vere.
  • Stiftinga Norsk Mat administrerer ordninga
  • Mattilsynet har ansvaret for godkjenning.
Kva er beskytta nemningar

Hovudkrav for beskytta nemningar

  • Ein må kunne dokumentere samanheng mellom geografisk opphav og kvaliteten/omdømmet til produktet.
  • Tradisjonsprodukt.
  • Geografisk namn i produktnamnet.
  • Ei samanslutning av produsentar må stå bak ein søknad om å få beskytta eit produkt.
Kva er beskytta nemningar

Noreg har flest beskytta nemningar i Norden

  • Noreg har i dag (2022) 32 beskytta nemningar, som er meir enn dei andre nordiske landa til saman.
  • Mange av desse er knytt til eit geografisk område, som Rakfisk frå Valdres og Lofotlam.
  • Andre er nasjonale, som fenalår frå Noreg og pinnekjøtt frå Noreg.

Ikkje alt kan kallast norske kjøttkaker

Når nordmenn blir spurt om kva mat som er typisk norsk, svarer flest kjøttkaker. Det er difor naturleg at dette er eitt av matprodukta ein ser nærmare på, seier Sundqvist.

– For å kunne kalle eit produkt for kjøttkake, må ho ha bestemte ingrediensar. Ein kan ikkje putte kyllingkjøttdeig i farsen, det har vi ingen tradisjon for. Det er også ei grense for kor mykje svinekjøtt du kan ha i, elles blir det medisterkaker.

Stabburets lager kjøttkaker til vinterøvelse i 1954

I 1954 laga Stabburet 83.000 kjøttkaker om dagen for å mette 25.000 soldatar som deltok på ei vinterøving.

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB

I tillegg står eplesider frå Sogn og fjellam frå Ryfylke på lista over produkt dei håper å kunne starte søkeprosess på i år. Ein slik godkjenningsprosess i Noreg tek som regel to til tre år.

– Det er raskt samanlikna med Frankrike som bruker opp mot sju-åtte år, seier Sundqvist.

Slik lagar du ekte norske kjøttkaker:

Ingrid Espelid Hovik og Wenche Andersen lager kjøttkaker

I 1986 laga Ingrid Espelid Hovik og Wenche Andersen, som i dag er kjent frå God Morgen Norge på TV 2, tradisjonelle kjøttkaker.

Nortura er blant produsentane som skal vere med i søkeprosessen for å beskytte kjøttkaker. Dei skriv i ein e-post til NRK at det foreløpig er litt tidleg å seie noko om prosessen.

Men dei har allereie vore med å få beskytta norsk fenalår, som også har fått vern i EU, og pinnekjøtt. Dette er ifølge marknadssjef i Nortura, Bente Kittelsrud, eit viktig arbeid for selskapet.

– Fenalår og pinnekjøtt er tufta på gamle tradisjonar, og vi ønsker ikkje at dette skal bli «vatna ut». Vi ønsker å føre tradisjonane vidare til neste generasjon og sikre at norske matskattar får det vernet og anerkjenninga dei fortener, skriv ho.

Indisk brunost vann pris

Eit anna produkt som ligg i toppen over matvarer nordmenn ser på som typiske norske, er brunosten. Då Noreg skulle presentere seg i Tryggingsrådet i FN, var det blant anna brunost som stod på menyen.

Denne osten har røter fleire hundre år tilbake i tid i Noreg. Osten slik vi kjenner han i dag, såg dagens lys i Gudbrandsdalen for over 150 år sidan.

Les også Slik lagar du din eigen brunost

Brunost laget på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.

Og no har også utlandet fått auga opp for den brune mysosten. Sidan 2019 er det eksportert over 100 tonn til Sør-Korea aleine.

Under oste-VM i Spania i fjor, var det ein indisk ostemakar som fekk sølv for sin «Brunost». Dei marknadsfører osten med at han er laga etter norske tradisjonar. Dei har no byrja å produsere ost med tanke på eksport.

Brunost fra India

Brunost er ein av signaturostane til indiske Eleftheria.

Foto: Faksimile / Instagram

Sundqvist håper difor at brunosten også bør kome på lista etter kvart.

– Det er mange variantar av brunost, og både store og små produsentar i Noreg. Men eg skulle ønske dei kunne samarbeidd om å finne felles retningslinjer for kva ein brunost skal vere, og søke vern. Vi tenker på brunosten som norsk, men vi kan risikere at andre land kjem og tek han.

Les også Sør-Korea: – Ja, vi elsker brunost

Heesook Shin

Tine er i dialog

Tine har registrert suksessen India har hatt med brunost etter oste-VM, og at det stor interesse for produktet i den asiatiske marknaden. Dei har difor hatt møte med Norsk Mat, seier kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen til NRK.

– Vi har hatt eitt godt møte med Norsk Mat, og vi delar deira engasjement for å sikre at norsk mat og særnorske namn på matprodukt får eit betre vern.

Sindre Ånonsen, kommunikasjonssjef i Tine

Kommunikasjonssjef Sindre Ånonsen i Tine.

Foto: Tine

Men for å kunne starte ein prosess for å gi brunosten ei beskytta nemning, er dei avhengige av å få med seg fleire produsentar på laget. Det er difor for tidleg å seie noko om når ein eventuell prosess kan starte.

– Det er for tidleg å seie noko om Tines vidare strategi på området, men vi held fram den positive dialogen med Norsk Mat, seier Ånonsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT