Noreg toppar liste over land som vil greie seg best gjennom koronakrisa

Noreg toppar ei liste over land som har best sjanse til å kome seg raskt på beina igjen etter koronaviruset sine herjingar.

Illustrasjonsbilder: NAV

Mange norske arbeidstakarar er oppsagde eller permitterte som følgje av korona-pandemien. Men mange land er langt verre ramma enn Noreg.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Koronaviruset har sendt sjokkbølgjer inn i den internasjonale økonomien. Så å seie alle land i verda er ramma av pandemien, og stenginga av viktige næringsverksemder og offentlege instansar får enorme økonomiske konsekvensar.

BBC har publisert ei oversikt frå forsikringsgiganten FM Global. Her kjem det fram at Noreg det landet i verda som er best rusta til å kome sterkt tilbake når viruset slepper taket. På dei neste plassane kjem Danmark, Sveits, Tyskland, Finland og Sverige. Vidare kjem Luxembourg, Austerrike, USA og Storbritannia.

Jan Tore Sanner

Finansminister Jan Tore Sanner (H) meiner Noreg er godt rusta for å møte dei økonomiske problema som skuldast pandemien.

Foto: Marte Garmann

For å kome fram til Index for 2019 frå forsikringsgiganten FM Global som utgangspunkt.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) er samd i at Noreg, samanlikna med mange andre land, er godt rusta for å møte dei økonomiske utfordringane som koronaviruset fører med seg.

Stabilitet og styring

Denne indeksen er basert på faktorar som politisk stabilitet, selskapsstyring, risikovurdering, forsyningssituasjonen og openheit.

Rangering fra FM Global som viser at Norge er det landet som regnes som best egnet til å komme seg økonomisk etter koronakrisen

NOREG PÅ TOPP: Indeksen til FM Global rangerer Noreg på topp.

Foto: FM Global

Denne indeksen blir så sett saman med opplysningar om dei tiltaka dei ulike landa sette i verk mot koronaviruset, og ikkje minst, kor raskt dei reagerte.

Både Noreg og Danmark reagerte raskt og sette i verk omfattande tiltak, slik som stenging av skular og andre utdanningsinstitusjonar, og dessutan massive restriksjonar på reiser og folkesamlingar.

Konklusjonen er at Noreg har den mest fleksible økonomien, som lettast kan tilpasse seg den nye kvardagen etter pandemien.

Moralsk plikt

Dei meiner både Noreg og Danmark er prega av det vi her i landet kallar samfunnsånd eller i Danmark «samfundssind». Det betyr at innbyggjarane har kjent det som ei moralsk plikt å gjere ein innsats for å hjelpe storsamfunnet med å avgrense følgjene av pandemien.

I skandinaviske land er det tradisjon å stole på dei styrande, og innbyggjarane er viljuge til å stå saman for ei felles sak, heiter det i grunngjevinga.

– Ingen ynskjer å bli skulda for å handle uansvarleg og dermed setje liva til eldre menneske i fare, berre fordi dei ikkje vil gi opp sine eigne luksusvanar, seier den danske næringslivsleiaren Rasmus Aarup Christiansen til BBC.

Ikkje uventa er det land i Sør- og Mellom-Amerika, Asia og Afrika som kjem lengst ned på lista. Overraskande nok er Rwanda eitt av landa som kjem best ut på det afrikanske kontinentet, med ein indeks på 40,9, der Noreg er 100.

Sanner: – Skikkeleg slagside

– Det er ingen tvil om at norsk økonomi har fått skikkeleg slagside som følgje av virusutbrotet og dei strenge smitteverntiltaka som er innførte i Noreg og andre land. Men samanliknar vi oss med mange andre land, er vi heldigvis godt rusta til å takle dei økonomiske utfordringane, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i ein kommentar til NRK.

Han peikar på at vi har solide statsfinansar, robuste bankar og gode velferdsordningar og poengterer kor viktig det er å ha tett dialog med partane i arbeidslivet og med bedrifter.

– Dette gjer at vi kan setje inn kraftfulle tiltak for å hjelpe næringslivet gjennom dette, og å sikre inntekta for dei som blir ramma av permitteringar og sjukdom, seier Sanner.

Finansministeren forsikrar at alt regjeringa no gjer, handlar om å leggje til rette for at norsk økonomi kan ta seg raskt opp igjen når smitteverntiltaka ein dag kan fasast ut.

– Kvar einaste arbeidsplass vi klarer å berge, vil bety enormt mykje den dagen, både for den enkelte arbeidstakar og for oss som velferdssamfunn, avsluttar Jan Tore Sanner.

Rapport om tiltaka

Måndag leverte utvalet som vurderer om koronatiltaka i Noreg er samfunnsøkonomisk forsvarlege, rapporten sin til regjeringa.

Utvalet har vore leidd av professor Svein Holden frå Universitetet i Oslo. Med seg i utvalet har han åtte medlemer frå Statistisk sentralbyrå, Noregs Bank, NTNU, Oslo Economics, Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Helsedirektoratet.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.06.2021
1 126
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger