Hopp til innhold

Kartdata skal skape nye arbeidsplassar

Når Kartverket er ferdig med å skanne heile Noreg frå fly, vil alle få tilgang til informasjonen. – Kan skape nye arbeidsplassar, seier kommunal- og moderniseringsminister.

Laserkart av Harstad

3D-KART: Om lag 20 prosent av Noreg er laserskanna så langt. Her er Harstad ferdigmålt i 3D-kart.

Foto: 42nd Pixel AS

– No målar vi Noreg på nytt. Bakgrunnen er at vi treng høgdedata for å kunne gje ei meir presis angjeving av til dømes farer for flaum og skred. På denne måten vil ein lettare kunne vite kor det er tryggast å bygge. Det kan også bidra til meir effektiv planlegging av land og kystsone.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kunne fredag melde at Kartverket vil frigjeve alle dataene som blir samla inn etter kvart som Noreg blir kartlagt.

Statsråd Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Tilgjengeleg for alle

Med nye og presise målingar skal det gjere myndigheitene meir budde på å styrke beredskapen ved klimaendringar, sikre luftfart, og til og med gjere det enklare å finne dei optimale plasseringane for mobilmaster.

– Tanken er at dei skal vere fritt tilgjengeleg for private verksemder, utviklarar og andre som vil bruke dei til å lage nye applikasjonar.

Dataene blir gjort tilgjengeleg kring tre til fire månader frå dei er ferdigskanna. Høgdedataene leggast ut her.

– Kan skape nye arbeidsplassar

– Det er ei enorm interesse for denne dataen. Tidlegare har vi fått rapportar som viser at slike data kan skape nye arbeidsplassar. Det kan ha ein stor samfunnsøkonomisk gevinst.

Grunnen til at dei vel å offentleggjere all dataen skal vere for å kunne skape nye arbeidsplassar og digitale verktøy. Sanner seier han har god erfaring med unge og dyktige mennesker.

– Det veks opp ein generasjon som har interesse for koding og digitale verktøy. Dei har dette under huda.

Høgdebilete av Galdhøpiggen
Foto: Kartverket

Ferdigskanna i 2020

Kartverket starta arbeidet med å laserskanne Noreg tidlegare i år, etter å ha fått klarsignal frå Regjeringa i fjor haust.

Så langt er 47.000 kvadratkilometer landareal skanna via fly. Til saman skal 230.000 kvadratkilometer skannast. Ein kan forvente at heile landet skal vere ferdigskanna i 2020.

Arbeid med laserskanning

FRÅ LUFTA: Med nye målingar vil ein få eit meir presist 3D-kart over Noreg. Dette arbeidet skjer frå lufta.

Foto: Blom

Er det noko risiko knytt til alle data som blir offentleg?

– Vi har vurdert det dit hen at det er ingen risiko på høgdedata. Det er snarare ein vinn-vinnsituasjon.

Offentlege data blir til applikasjonar

Det finst allereie applikasjonar som tek i bruk offentlege data.

Til dømes nyttar Nabobil.no seg av data frå Statens vegvesen, som gir deg moglegheita til å leige ein privatbil i ditt område. Opne data frå Legemiddelverket gjer at applikasjonen Medisinskapet får hjulpet brukarar til å ta rett medisin til rett tid.

Konkurrerer om vidarebruk av data

Sanner opnar konkurransen Hack4no på Hønefoss fredag 28. oktober. Dette er eit årleg "hackathon", ein idékonkurranse og eit datatreff, der born, ungdomar, studenter, utviklarar og gründere møtast for å konkurrere om vidarebruk av offentlege data.

Formålet med arrangementet er å utvikle nye tenester og applikasjonar. I år er det kring 500 deltakarar som er påmelde.

AKTUELT NÅ