Hopp til innhold

Noreg ønsker internasjonal domstol for IS-krigarar

Justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) støttar det svenske forslaget om å undersøke om det er mogleg å få etablert ein internasjonal domstol for IS-krigarar.

Tor Mikkel Wara

Justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) stiller seg bak det svenske forslaget om å opprette eit internasjonalt tribunal for IS-krigarar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sverige ønsker å fremje eit forslag for EU om å opprette ein internasjonal domstol som skal kunne dømme IS-terroristar for krigslovbrot.

– Det er rein og rituell vondskap og dei som er skuldige skal stå til ansvar for dette, seier den svenske statsministeren Stefan Löfven (S) til Aftonbladet.

Statsminister Erna Solberg har sagt at alle norske statsborgarar får kome heim og eventuelt bli stilt for retten her, men at Noreg ikkje kjem til å hjelpe IS-krigarar, konene deira eller barna heim.

No stiller også Noreg seg bak det svenske forslaget om å undersøke moglegheita for ein internasjonal straffedomstol.

– Det vi står overfor er bestialske drap, herleggjering av vald og det mange vil kalle brotsverk mot menneskeætta. Difor bør vi sjå om vi kan straffe slike brotsverk der brotsverka har skjedd, seier Wara til NRK.

Bør også vurdere Haag

Noreg støtta opp om internasjonale domstolar både på Balkan, i Rwanda og Kambodsja. Samtidig meiner Wara at det er naturleg at ein også vurderer om den internasjonale domstolen i Haag kan brukast.

– For å få til det, trengst det eit mandat frå FNs tryggingsråd. Men der er det mogleg for enkelte land å legge ned veto, så det har også nokre utfordringar med seg. Men eg meiner det er naturleg at vi prøver så langt som vi kjem.

Samtidig er ikkje Noreg avhengig av internasjonale domstolar for å straffe norske IS-krigarar.

– Norsk terrorlovgjeving gjer det mogleg å straffe norske statsborgarar som kjem tilbake hit. Lova seier at det er straffbart å vere medlem av IS, støtte IS eller forsøke å rekruttere til IS. Det gjer at vi kan straffe også dei som ikkje har vore i Syria eller Irak, seier Wara.

Samlar støtte

Spørsmålet om kva som skal skje med framandkrigarane har skapt debatt i EU. Mange europeiske land har sagt at dei ikkje ønsker å hente heim dei som har vore IS-krigarar. Blant dei er Sverige.

Den svenske innanriksministeren Mikael Damberg seier til Sveriges Radio at dei har prøvd å løfte spørsmålet tidlegare, men ikkje fått støtte for det. Men at det no er aukande interesse for forslaget.

– Eg opplevde sterkt støtte til det svenske forslaget, og vi skal jobbe for å løfte spørsmålet og få samla støtte til det, seier han.

Mikael Damberg

Den svenske innanriksministeren Mikael Damberg seier det er aukande interesse i Europa for å undersøke om det er mogleg å etablere ein internasjonal straffedomstol for IS-krigarar.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Forskar og terrorekspert ved tankesmia Egmont Institut i Brussel, Thomas Renard, trur det kan bli vanskeleg å få etablert ein slik domstol.

– Kurdiske styrkar ber om det, men dei har ikkje mandat til å be det. Ein lokal domstol vil også krevje støtte frå Syrias leiar Assad, og det uklart om det mogleg politisk og jurdisk, seier han til Sveriges Radio.

Les: Adibs farlige flukt fra Syria til Norge

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger