Hopp til innhold

Nav-skandalen kunne ha vorte oppdaga i januar

I januar vedtok Nav å betale tilbake 200.000 kroner til ei kvinne fordi dei hadde tolka EØS-reglane feil. Likevel heldt Nav fram med å bruke lova feil.

Nav logo

Nav framleis ulovleg praksis, sjølv etter at dei hadde byrja å betale tilbake pengar til offer for feilbehandling.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB Scanpix

Kvinna fekk tilbake pengane etter at Trygderetten hadde slått fast at tolkinga til Nav av regelverket var feil. Trygderetten slo fast at kvinna var i si fulle rett sin til å vere i Spania medan ho fekk arbeidsavklaringspengar, skriv Klassekampen.

I slutten av april 2016 slo Nav fast at den 56 år gamle kvinna frå Stavanger fire gonger i perioden 2010 til 2013 hadde opptredd «grovt aktlaust» ved å reise til utlandet utan å søke om førehandsgodkjenning.

Ifølgje Klassekampen vart Arbeids- og sosialdepartementet gjort merksam på saka til 56-åringen. Det skjedde då Nav vurderte å ta ut søksmål etter Trygderettens rettsavgjerd i saka.

Framleis ulovleg praksis

Sjølv om Nav innrømte feilen og betalte pengane tilbake til kvinna, så heldt Nav fram med å politimelde brukarar som hadde tatt med seg AAP, sjukepengar eller pleiepenger til utlandet.

Den siste politimeldinga vart levert i april, tre månader etter at Nav vedtok å betale tilbake pengane.

Arbeidsminister Anniken Hauglie

Arbeidsminister Anniken Hauglie er i hardt vêr og må forklare seg for Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Forklaringa frå Nav

«På generelt grunnlag kan vi seie at alle ankesaker der brukarar får medhald av Trygderetten, så innrettar Nav seg etter dette og betaler tilbake stønad i h.h.t. til Trygderettens avgjerder. Dette er vanleg praksis dersom staten ikkje tar ut søksmål for lagmannsretten for å prøve Trygderettens avgjerd i ein høgare rettsinstans. Det er sett i gang ein intern gjennomgang i Nav, og det skal setjast i gang ei ekstern gransking som vil gi oss ei meir detaljert oversikt», skriv ein seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Nav til Klassekampen.

«Den konkrete enkeltsaken vart ikkje drøfta i dialogen mellom direktoratet og departementet. Formålet var å avklare prinsipielt korleis kortvarige opphald skal praktiserast, skriv statssekretær Vegard Einan (H) i Arbeids- og sosialdepartementet til avisa, som til liks med Nav viser til granskinga som er sett i gang.

Les òg: Dette er trygdeskandalen

AKTUELT NÅ