Hopp til innhold

Missilsamarbeid med Tyskland gir norsk sal for 10 milliardar

Tyskland kjøper det norske NSM-missilet, og verdien av framtidige sal vil komme opp i over 10 milliardar kroner, opplyser regjeringa.

Naval Strike Missile - fra prøveskyting i California

Naval Strike Missile (NSM) er eit norsk missil produsert av Kongsberg Defence Systems. Her frå ei prøveskyting i California.

Foto: Kongsberg Defence & Aerospace

– På same måte som Noreg anerkjenner Tyskland sin spisskompetanse på ubåtar, så anerkjenner Tyskland Noreg sin spisskompetanse på missilar og missilteknologi, sa statsminister Erna Solberg på ei pressekonferanse i ettermiddag.

Tyskland inngår eit omfattande samarbeid med Noreg på dette området, og kjøper det Solberg kallar ei «betydeleg mengd» missilar til sin marine.

Avtalen kjem i samband med det norske ubåtkjøpet frå Tyskland.

– Viktig for framtidige truslar

Kongsberg Defence Communications

Naval Strike Missile (NSM) er eit norskprodusert sjømåls- og kryssermissil frå Kongsberg Defence Systems.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Erna Solberg presiserte at dette gir store moglegheiter for norsk industri. Både for Kongsberg Defence Systems som produserer missilane, og for underleverandørar til Kongsberg.

– Det er viktig å sikre det teknologiske forspranget som norsk missilteknologi gir, og Noreg vil i åra framover, i lag med Tyskland vidareutvikle NSM-missilar mot framtidige typar truslar, sa Solberg.

Naval Strike Missile (NSM) er eit norskprodusert sjømåls- og kryssermissil frå Kongsberg Defence Systems.

Verdi på 10 milliardar kroner

Verdien av framtidige sal vil komme opp i over 10 milliardar kroner, opplyser regjeringa. Men ifølgje Solberg vil dette samarbeide gi oss andre fordelar også.

– Det gir eit industrisamarbeid på ei rekkje andre området. Eit døme på dette er eit kampleiingsstystem på ubåtar, der Kongsberg allereie er leiande. Også her ligg det kontraktar i milliardklassen i åra framover, sa Solberg.

Kjøper ubåtar frå Tyskland

Tidlegare denne månaden vart det kjent at Regjeringa samarbeider med det tyske selskapet ThyssenKrupp Marine Systems om å kjøpe fire nye ubåtar.

– Avgjerda inneber eit forpliktande og langvarig samarbeid som omfattar både ubåtar og andre kapasitetar, sa forsvarsminister Ine Eriksen Søreide den dagen då samarbeidet vart kjent.

Ubåtane vil vere baserte på det tyske 212-designet som alt er i teneste både i Italia og Tyskland.

Nato-landa Nederland og Polen planlegg også å kjøpe nye ubåtar og har vore i dialog med Noreg om eit samarbeid om kjøp, vedlikehald og opplæring.

I langtidsplanen for Forsvaret, som vart vedteke i Stortinget i november i fjor, vert det lagt opp til kjøp av fire nye ubåtar. Prislappen med våpen, kaianlegg, opplæring og vedlikehald blir truleg på over 30 milliardar kroner.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger