Hopp til innhold

Norsk kamp mot terrorfinansiering: – Jakt på springande villsvin

Personvern og teieplikt hindrar norske bankar si jakt på bakmenn som gir pengar til terror. Det seier ein økonomigranskar, som meiner politiet bør læra triks frå kriminelle.

Terrorgruppa IS i en tankbil i Irak

TERRORSTØTTE: IS er ei av fleire terrorgrupper som fekk pengestøtte frå sympatisørar verda over. Biletet er frå 2014 då terrorgruppa paraderte i den irakiske byen Mosul etter å ha erobra store område.

Foto: AP

– Dette er jakt på springande villsvin, for å seie det sånn. Det er ikkje på stilleståande blink. Dei kriminelle er også ekstremt flinke til å utveksle informasjon, og tilpasse seg med ein gong bankane tek nye grep, seier granskar Gunnar Holm Ringen til NRK.

Han er partnar og granskar i PWC, og har bakgrunn frå mellom anna Økokrim.

Granskaren er ikkje overraska over at det går føre seg terrorfinansiering via norske bankar – noko førstestatsadvokat Sven Arild Damslora stadfesta tidlegare denne veka i NRK.

– Inga tvil om at teieplikt er ein hemsko

Gunnar Holm Ringen, partner og gransker i PwC Norge.

KVIFOR IKKJE GJERA SOM KRIMINELLE? Granskar Gunnar Holm Ringen i PWC meiner politiet i større grad bør bruke utradisjonelle etterforskingsmetodar for å avdekke økonomisk kriminalitet.

Foto: Janna Myerscough Aarvik / PWC

Men personvernet hindrar endå sterkare innsats mot terrorfinansiering, hevdar den erfarne etterforskaren i PWC:


– Det er inga tvil om at reglar for personvern og teieplikt er ein hemsko i kampen mot økonomisk kriminalitet. Eg oppfattar at bankar og betalingsformidlingsføretak er noko urolege for å dele informasjon i frykt for å bryte teieplikta, seier Gunnar Holm Ringen.

Terrorfinansiering skjer via omfattande nettverk som er vanskelege å avsløra.
Men det er nettopp ved å gå gjennom personane nøye ein kan avsløra nettverk og planar om terrorfinansiering, sidan bakmennene er smarte:

– Dei bruker ofte fleire bankar og kontoar så det ikkje skal vekke mistanke, fortel Ringen.

I tillegg knyter dei kriminelle ofte til seg ein person som er litt utanforståande, eit såkalla muldyr, til å gjennomføre transaksjonen ut av Noreg og til mottakarstaden, som ligg nært staden, som er ei krigssone eller ei terrorfinansieringssone.

– Politiet må tenkja nytt

Norsk bank- og finansnæring har gjort mykje i kampen mot kvitvasking og terrorfinansiering dei seinaste åra, men problemet veks år for år, erkjenner også advokat Atle Roaldsøy i Finans Norge:

– Kriminalitetsbiletet endrar seg stadig. Teknologien utviklar seg og får stadig nye måtar å operere på. Det gjer det vanskeleg å avdekke kriminaliteten, rett og slett.

Så vanskeleg at Gunnar Holm Ringen i PWC meiner også politiet må tenkja nytt, og faktisk vurdera å læra av kriminelle miljø:

– Det er ein interessant tanke. Ein har for eksempel mange kjelder innan narkotikamiljøet. Ein kan i større grad bruke utradisjonelle etterforskingsmetodar og kjelder også i denne samanhengen. Det er heilt opplagt.

– Dei kriminelle gjer det motsette. Dei infiltrerer studentmiljø og dei formelle institusjonane for å læra, så kvifor ikkje gå motsett veg? spør granskaren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger