Hopp til innhold

PST etterforskar terrorfinansiering frå Noreg

Norsk og tysk politi etterforskar terrorfinansiering via norske bankar. Bankane si rapportering om mistenkelege transaksjonar avslørte personane.

Video PST-pressekonferanse

HAR ETTERFORSKET I LENGRE TID: Politiets sikkerhetstjeneste har startet etterforskning av flere norske statsborgere for terrorfinansiering. Dette er et bilde av PSTs kontorer i Nydalen i Oslo.

Foto: Nyhetsspiller

Pengar som blei overført frå Noreg skulle til terrorgrupper i utlandet, meiner Politiets sikkerhetsteneste (PST). Også fleire tyske statsborgarar er pågrepne.

– PST oppretta ei etterforskingssak tidlegare i år som omhandlar terrorfinansiering. Den pågår no, seier seniorrådgjevar i PST, Annett Aamodt, til NRK.

– Dette er eit resultat av eit europeisk samarbeid, spesielt med tyske styresmakter, seier ho.

– Det har vist seg å være ei svært omfattande og tidkrevjande sak, sier Aamodt.

Økokrim: – Knytta til terrororganisasjonar

– Med utgangspunkt i rapportering i Norge, er det avslørt finansielle strukturar som er tilknytta terrororganisasjonar, seier førstestatsadvokat i Økokrim, Sven Arild Damslora.

Han vil ikkje opplyse kva bank som skal ha blitt brukt i overføringa av pengane, og som varsla om mistenkelege transaksjonar.

PST meiner pengane er sendt til personar tilknytta terrororganisasjonen IS.

Bankar skal varsle

Det er gjennom omfattande analyser av rapportane Økokrim har fått av bankane, at dei no tar tak i det dei meiner er terrorfinansiering.

Bankane har rapporteringsplikt etter kvitvaskingslova dersom dei oppdagar mistenkelege transaksjonar.

I 2019 er det meldt inn rundt 11.000 slike rapportar frå finansnæringa til Økokrim.

Økokrim kallar desse rapportane «brikker i eit større puslespill».

– Det er utfordrande for bankene å fange opp dette. Her er det mykje informasjon som blir sett saman av oss for å ta tak i heile biletet, seier Damslora.

Økokrims logo

SA FRA TIL PST OM SAKEN: Økokrim meldte fra om saken til Økokrim. Det skjedde etter at Økokrim hadde fått tips fra finansnæringen.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Finans Norge: – Vil bidra

Finans Norge er finansnæringen sin hovedorganisasjon og representerer rundt 240 bedrifter med 50.000 tilsette.

– Vi vil gjerne vera med på å verne samfunnet mot denne typen kriminalitet, seier Atle Roaldsøy, som er advokat i Finans Norge.

– Kriminalitet skal ikkje løna seg. Vi er klare til å gjera det vi kan gjera for å demma opp for at finansnæringa blir misbrukt til kriminelle føremål, seier Roaldsøy.

PST opplyser til NRK at etterforskinga av terrorfinansieringssaka truleg vil pågå ueit stykke ut i 2020, og at ho då skal opp for norske domstolar.

Les også: Økokrim: Norske bankar har avslørt terrorfinansiering

AKTUELT NÅ