Hopp til innhold

Økokrim: Norske bankar har avslørt terrorfinansiering

I jakta på kvitvasking, har norske bankar avslørt at pengar har gått til å betale for terror, seier Økokrim.

Sven Arild Damslora

MISBRUK: Førstestatsadvokat Sven Arild Damslora i Økokrim seier at norske bankar har vore brukt i terrorfinansiering.

Foto: Ellen Omland / NRK

Hittil i år har Økokrim fått inn 7153 rapportar frå banker og andre finansinstitusjonar. Over 5000 av dei gjeld mistanke om kvitvasking. Dette er fleire enn nokon gang tidlegare.

Økokrim stadfester at fleire av sakene også gjeld terrorfinansiering, noko som har ei strafferamme på opptil 10 års fengsel.

– Ja, vi har oppdaga kvitvasking som er spora vidare til terror, seier førstestatsadvokat Sven Arild Damslora i Økokrim.

Han seier at norske bankar og andre finansinstitusjonar er pålagde i medhald av lov å melde frå når det får mistanke om kvitvasking av pengar. Kvitvaskingslova gjev dei plikt til å etterforske slike mistankar.

Nordeas hovedkvarter på Majoestua i Oslo

ETTERFORSKAR: Bak denne fasaden på Majorstua i Oslo sit 16 tilsette og sjekkar ut mistenkjelege pengeflyttingar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Banken etterforskar sjølve

Dersom det plutseleg dukkar opp ein stor pengesum på kontoen din, må du rekne med at alarmen går. Banken er forplikta til å granske deg og bringe mistanken vidare.

I hovudkvarteret til Nordea på Majorstua i Oslo sit 16 medarbeidarar og vurderer tips om uvanlege transaksjonar.

Torill Kjøs leiar kvitvaskingsrapporteringa.

– Vi har ein fast rutine på dette i banken. Dei som observerer noko mistenkeleg, fyller ut eit skjema som går vidare til vår eining. Så søkjer vi etter ytterlegare informasjon og gjer ein vurdering, før vi eventuelt følgjer opp med ein rapport til styresmaktene.

– Ein må ha eit lite etterforskar-gen for å gjere denne jobben bra, seier ho.

Hemmelege metodar

Banken sine eigne etterforskarar har til dømes avdekka heilt nye metodar for kvitvasking, men det vil Kjøs ikkje seie meir om. Heller ikkje om metodane dei bruker for å spore opp svarte pengar, og korleis dei flyt vidare i systemet.

– Vi anstrenger oss å finne metodane og følgje pengane, men korleis vi jobbar, deler vi ikkje, seier Kjøs.

Metodane som vert nytta for å kvitvaske utbytte frå kriminalitet, vert stadig meir kompliserte, bekreftar direktør Evy Ann Hagen i Finans Norge. Ho seier at finansføretaka legg store ressursar i å førebyggje og avdekke kvitvasking og mogeleg terrorfinansiering.

Damslora i Økokrim seier erfaringa deira er at dei fleste tilfella av kvitvasking går føre seg i dei same bransjane som anna arbeidslivskriminalitet.

– Transportbransjen, reinhald og bilvask er bransjar som går igjen når det gjeld denne typen straffbare tilhøve, seier han.

Men dei er ikkje åleine. I dei klassiske kvitsnippbransjane vert det og oppdaga utruskap, underslag og skattekriminalitet.

AKTUELT NÅ