Hopp til innhold

Medlemstalet halvert i Senterpartiet

Senterpartiet har mista halvparten av alle medlemmane dei hadde ved tusenårsskiftet. Sp har mista fleire medlemmar enn alle dei andre partia.

Senterpartiet
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er Klassekampen som skriv dette i dag. Det fallande medlemstalet er også ei av bekymringane til utvalet som har evaluert valkampen til Sp. Partiet gjorde i år det dårlegaste valet nokon sinne.

«I mange kommuner skraper nok Senterpartiets lokallag nå nedpå et kritisk nivå for å ha nok aktive medlemmer til å drive en skikkelig valgkamp i lokalmiljøene», skriv utvalet i rapporten sin.

I år 2000 hadde Senterpartiet 30.000 medlemmar. I dag er talet nede i 15.000.

– Veit ikkje kvifor

Assisterande generalsekretær Oddvar Igland har ikkje noko forklaring på kvifor Sp meir ned enn andre parti.

– Dei fleste parti har gått ned i medlemstal i nyare tid. Folk vil heller vere med i éinsaksorganisasjonar, seier Igland til Klassekampen.

Den såkalla «havarikommisjonen» peikar på at også tidlegare evalueringsutval har råda Sp-leiinga om å ta tak i organisasjonsutviklinga.

Fekk åtvaringar i 2005

«At årets evalueringsutvalg nok en gang gjentar mange av de samme rådene, tyder på at tidligere evalueringsrapporter ikke er tatt tilstrekkelig på alvor av partiets organer», skriv utvalet.

Igland seier at vervinga går bra i tradisjonelt sterke Sp-fylke som Oppland og Nord-Trøndelag, og at målet for neste år er å kome opp i 18.000 medlemmar.

AKTUELT NÅ