Hopp til innhold

MDG usikre på miljøgevinsten av biodrivstoff

Biodrivstoff er viktig for å nå klimamåla, meiner miljøstiftinga ZERO. Men Miljøpartiet Dei Grøne er slett ikkje sikre på kor store miljøeffektene er.

Biodrivstoff har en viktig og helt sentral plass for å nå klimamålene, mener miljøstiftelsen ZERO. 
Men stopp en halv, sier Miljøpartiet de grønne. Hva vet vi egentlig om miljøeffekten av biodrivstoff, spør partiet.

DEBATT: Stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne Rasmus Hansson, statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom-Christer Nilsen og Marius Holm i miljøstiftinga ZERO diskuterte biodrivstoff i Politisk kvarter.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Biodrivstoff er ein del av klimaløysinga, men det er ein vanskelege del, og ikkje ein veldig langvarig del, seier Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne.

Innan 2020 skal norske bilar, bussar og trailerar køyre på minst 20 prosent biodrivstoff. Hansson er skeptisk til kor godt miljøtiltak biodrivstoff eigentleg er, og peikar på fleire usikre faktorar.

– Vi har ikkje kontroll på tilgangen på biodiesel. Vi veit heller ikkje kor raskt vi kjem i gong med å produsere norsk biodrivstoff, eller kva det får å seie for norske aktørar.

– Må vite meir om effekten

Miljøpartiet Dei Grøne er opptekne av at satsinga på biodrivstoff skal vere basert på nok kunnskap, og ber derfor regjeringa om å ha is i magen.

– Skulle vi ha visst alt på førhand hadde vi aldri sett i gong med elbilomstillinga i Noreg. Då trudde vi ikkje at det kunne bli berekraftig, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom-Christer Nilsen.

Han seier at det er umogleg å vite alt som kjem til å skje i framtida, og meiner det er viktig å vere modige, og ta grep om vi skal nå målet om å bli eit nullutsleppsamfunn.

– Biodrivstoff er eit slikt grep, seier Nilsen.

Prisen har gått ned

Som ein del av satsinga på biodrivstoff har det kome strengare krav til palmeoljeavfall. Dette har pressa prisane oppover, og fleire transportselskap droppar den ekstra miljøsatsinga fordi dei meiner biodiesel har blitt for dyrt.

– Miljøkrava har gjort at vi har fått eit palmeoljebasert biodrivstoff ut av marknaden, slik at det no er knapt igjen. Men det går over, seier Marius Holm i miljøstiftinga ZERO.

Han er godt nøgd med at det er innført avgifter på fossil diesel, og trur at omsettingspåbodet kjem til å føre til meir bruk av fornybart drivstoff.

Han har også ei gladmelding til selskapa som synest prisauken på biodiesel har vore stor.

– Det har vore fleire oppslag i media om at biodieselen er blitt 3 kroner dyrare, men prisen har falle med nokre kroner, så no er forskjellen nede i normale svingingar igjen, seier Holm.

Trur på stabilisering

Regjeringa har òg tru på at marknaden for biodrivstoff kjem til å gå seg til etter kvart.

Nilsen i Samferdselsdepartementet meiner det er viktig for produsentane av biodrivstoff å vite at det er ein marknad for det i framtida.

– Då kan vi få opp produksjonen, og etter kvart vil prisen gå ned. Slik kan få eit konkurransedyktig produkt som eg trur kjem til å utkonkurrere fossilt drivstoff.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger