Hopp til innhold

– For dyrt å la bussane køyre på biodiesel

Busselskapet Unibuss vil gjerne køyre på biodrivstoff, men ein auke i prisen gjer at fleire transportselskap må gå tilbake til vanleg diesel.

Unibuss Kjell Knarbakk

STOR FORSKJELL: Prisauken på tre kroner per liter for biodiesel utgjer ein så stor kostnad for busselskapet Unibuss, at dei ikkje kan velje miljøvennleg.

Foto: Irina Tjelle / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi ønskjer å køyre på miljøvennleg HVO, men prisforskjellen har blitt så stor at det i fleire fylke truleg ikkje er aktuelt, seier viseadministrerande direktør Kjell Knarbakk i Unibuss.

Inne i vaskehallen til Unibuss på Alnabru i Oslo står raude bussar på rekke. Fleire av desse kunne ha køyrd på biodrivstoff.

Sidan nyttår har prisen på biodrivstoff gått kraftig opp, ifølgje Aftenposten. Det har fått selskap som Posten og Bring til å velje fossil diesel i staden.

Stor auke i pris

– Før nyttår var prisforskjellen på rundt 40 øre per liter. Etter nyttår er den oppe i tre kroner, og det er ein betydeleg forskjell, seier Knarbakk.

Den store satsinga på biodrivstoff har ført til høgare prisar. Det har mellom anna kome strengare krav til palmeoljeavfall, og eit krav om at sju prosent av alt drivstoff i Noreg i 2017 må vere biodrivstoff.

Rasmus Hansson

ETTERLYSER TILTAK: Rasmus Hansson i MDG meiner regjeringa ikkje har vore flinke nok til å greie ut konsekvensane ved auka bruk av biodieseldrivstoff.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne meiner regjeringa burde ha føresett prisauken, og sett i verk tiltak som gjer at selskapa likevel vel biodiesel framfor fossil diesel.

– Posten og Bring er strålande eksempel. Dei vil gjerne og dei gjer ein innsats, men det må bli billegare å velje miljøvenleg, seier Hansson. Han skulle heller sett at regjeringa valde å innføre ei klimaavgift på fossil diesel.

Kompensasjon

Av dei rundt 750 bussane til Unibuss kunne om lag halvparten ha gått på biodrivstoff. Knarbakk forklarar at nokre bussar gjer det, fordi dei enkelte stadar i landet får kompensasjon frå oppdragsgjevar. Men dette gjelder ikkje i hovudstaden.

– Dette er ein bransje med låge marginar. Å bruke så mykje meir utan at det vert kompensert for har vi ikkje høve til, seier Knarbakk.

Tom Christer Nilsen

POPULÆRT: Den store etterspurnaden etter biodrivstoff har gjort at prisane har gått opp, forklarar statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom-Christer Nilsen.

Foto: Ole Andre Langmandokk / NRK

Byråd for miljø og samferdsel i Oslo kunne ikkje kommentere saka.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom-Christer Nilsen, synest det er leit at transportselskapa vel vekk biodiesel på grunn av prisen.

– Eg vil oppmode dei til å velje grønt, sjølv om det er dyrare. Vi må alle jobbe for at det biodiesel blir meir tilgjengeleg, og at det blir produsert meir slik at prisen går ned igjen.

AKTUELT NÅ