– Eg meiner at det er viktig å gå inn i regjeringsforhandlingane med opne kort, og målet må vere å få til ein størst mogleg reduksjon i Co₂-utslepp, seier Per Espen Stoknes.
Han er klimapsykolog med doktorgrad i økonomi, og han jobbar som førsteamenuensis på BI i Oslo. Stoknes er også første vara til Stortinget for MDG, og møtte i nesten eit år som fast representant då Une Bastholm var i fødselspermisjon.
I dag har MDG eit vedtak som seier at dei ikkje kan sitje i ei regjering som opnar nye felt for oljeboring i Noreg. Dei har også programfesta at norsk oljeproduksjon skal bli fasa ut dei neste femten åra.
Begge desse punkta gjer at både Fellesforbundet og mange i Arbeidarpartiet er skeptiske til å samarbeide med MDG.
Stoknes meiner på si side at partiet kanskje kan oppnå betre resultat ved å ikkje starte med ultimatum.
– Dersom vi til dømes kunne ha fått eit vedtak om at store delar av oljefondet skal bli investert i fornybarprosjekt i utviklingsland, så kan det gje langt større utsleppsreduksjonar enn nokre få oljefelt.
– Dette kravet skal vi ikkje fire på
Nasjonal Talsperson i MDG Arild Hermstad vil ikkje vere med på å legge alle ultimatum vekk.
Foto: Tore LinnerudNasjonal Talsperson i MDG Arild Hermstad er derimot ikkje samd med Stoknes i at ultimatumet om å ikkje sitje i ei regjering som opnar nye oljefelt, bør leggast vekk.
– Det er ingenting som tyder på at det er ein betre ide å opne nye oljefelt, enn det var då vi gjorde dette vedtaket i 2017. Eg meiner at dette ikkje er noko vi bør fire på, seier Hermstad.
Og også leiar i Oslo MDG Einar Wilhelmsen meiner at det er viktig å hindre utbygginga av nye oljefelt.
– Vi har jo vedteke eit sluttpunkt for norsk oljeindustri, og dersom vi skal klare det, så kan vi ikkje opne nye felt, seier Wilhelmsen.
Stoknes: – Skal framleis stille harde krav
Per Espen Stoknes understrekar at også han meiner at det er ein dårleg ide å opne nye oljefelt. Og han trur ikkje det er slik at ein ikkje stiller harde krav sjølv om ein ikkje stiller ultimatum.
– Det er jo ikkje slik at vi ikkje skal stille harde krav, eg er berre tvilande til om det er riktig å starte med å stille eit ultimatum, seier Stoknes.