NRK Meny
Normal

Manglande varsling av ekstrafly - Norwegian går gjennom rutinane sine

Flyselskapet Norwegian vil no sjå på rutinane sine, etter at fleire passasjerar ikkje fekk beskjed om at det var sett inn eit ekstrafly frå Riga til Oslo i går for å frakte heim nordmenn som var «snøfaste» i byen.

Et Norwegian-fly går inn for landing på Gardermoen.

Eit Norwegian-fly går inn for landing på Gardermoen. No vil selskapet gå gjennom rutinane sine for varsling av passasjerar ved kansellering.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det var måndag denne veka problema starta. Eit kraftig snøvêr på Gardermoen gjorde at fleire flygingar vart kansellerte, blant anna Norwegians fly til og frå den latviske hovudstaden Riga.

186 passasjerar kom seg ikkje tilbake til Oslo måndag, og mange av dei har retta kritikk mot Norwegian for dårleg informasjon. Blant anna var det mange av dei som aldri fekk melding om at selskapet hadde sett opp eit ekstrafly for å hente heim dei stranda passasjerane.

Ekstrafly

Dette flyet gjekk frå den internasjonale flyplassen i Riga klokka 11.30 lokal tid i går. Ein av passasjerane seier til NRK at det etter hans vurdering var ein stad mellom 20 og 30 passasjerar om bord på flyet.

Charlotte Holmbergh Jacobsson

Charlotte Holmbergh Jacobsson er pressesjef i flyselskapet Norwegian.

Foto: Norwegian

Pressesjef i Norwegian, Charlotte Holmbergh Jacobsson, seier at det i utgangspunktet skulle ha vore 108 passasjerar om bord, men at ho ikkje veit eksakt kor mange som verkeleg var med. I utgangspunktet skulle alle som var ramma av innstillinga ha fått informasjon på SMS om at det var sett inn eit ekstrafly.

– At fleire passasjerar ikkje har fått SMS om ekstraflyet er sjølvsagt beklageleg. Dette er noko vi vil sjå på for å vurdere om vi bør endre rutinane våre. Det er veldig viktig for oss at kundane er nøgde, og vi prøver alltid å informere passasjerane våre så snart vi har informasjon, seier ho til NRK.

– At ein del reisande synest dei ikkje har fått nok informasjon er trist å høyre, og det beklagar vi sjølvsagt, legg ho til.

Reisefølgje på veg heim.

Etter to ekstra døgn i Riga er dette reisefølgjet på veg heim med Finnair via Helsingfors. Frå venstre Hanne Holen, Kristin Karlsen. May Lisbeth Herttua, Stine Karlsen, Wenche Keiserud og Trond Keiserud.

Foto: Privat

– Fekk aldri beskjed

Kristin Karlsen og dei fem andre i reisefølgjet hennar hadde ei flott langhelg i Riga, der dei feira mora hennar sin 60-årsdag. Dei fekk aldri beskjed om ekstraflyet som var sett inn, og dermed vart det endå ei ekstranatt i den latviske hovudstaden for dei.

Dei greidde på eiga hand å seg billettar til Oslo i dag via Helsingfors, og dei kjem ikkje til Gardermoen før i løpet av kvelden. Dei er irriterte over at dei ikkje fekk beskjed om ekstraflyet i går.

Opphavleg fekk dei tilbod frå Norwegian om returbillett til Oslo 30. april og 1. mai , men det var uaktuelt for dei å vente så lenge.

Også andre passasjerar

Dette gjeld fleire andre passasjerar NRK har vore i kontakt med. Alle seier at dei også har snakka med andre som aldri fekk informasjonen om ekstraflyet. Det er såleis vanskeleg å gi noko tal på kor mange som skulle hatt informasjonen, men som aldri fekk det.

Charlotte Holmbergh Jacobsson seier at systemet til Norwegian er at alle som har registrert telefonnummeret sitt, skal få informasjonen selskapet sender ut. Ho lovar at Norwegian vil gå gjennom dei interne rutinane sine for å sjå om dei kan gjerast betre.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger