Hopp til innhold

– Vi fekk aldri beskjed om ekstrafly frå Riga

– Vi har sett opp eit ekstrafly frå Riga i dag for å få heim alle passasjerar, opplyser Norwegian. – Det har ikkje vi fått beskjed om, seier norsk reisefølgje på seks.

Deler av reisefølget tidligere på turen.

Fire av reisefølgjet på seks hadde eit flott opphald i Riga, heilt til dei skulle heim. Frå venstre Kristin Karlsen, Stine Karlsen, Wenche Keiserud og Trond Keiserud.

Foto: Privat

Kristin Karlsen og følgjet hennar skulle i går heim frå Riga etter ei langhelg i den latviske hovudstaden. Flyet vart innstilt på grunn av snøvêret på Gardermoen. Familien fekk tilbod om nytt fly måndag 1. mai, ei veke etter at dei eigentleg skulle ha reist.

Presseansvarleg i Norwegian, Charlotte Holmbergh Jacobsson, opplyser at det er sett opp eit ekstrafly frå Riga i føremiddag for å få heim alle passasjerane som eigentleg skulle heim i går. Alle passasjerane det gjeld er varsla, seier ho.

– Ikkje høyrt om

Charlotte Holmbergh Jacobsson

Charlotte Holmbergh Jacobsson er pressesjef i Norwegian. Ho seier alle passasjerar skal ha fått beskjed om ekstraflyet.

Foto: VI-FOTO

– Dette har vi ikkje høyrt eit ord om, seier Kristin Karlsen på telefon på Riga ved 10-tida norsk tid, klokka 11 latvisk tid. På det tidspunktet var familien på veg til flyplassen, men rekna ikkje med å kome fram til klokka 11.30.

– Det einaste tilbodet vi har fått er retur 30. april og 1. mai. Vi har ikkje fått nokon informasjon om ekstraflyet i dag, seier Kristin Karlsen.

Charlotte Holmberg Jacobsson seier dette når ho blir konfrontert med at Kristin Karlsen og hennar reisefølgje ikkje har høyrt noko frå selskapet om ekstraflyet..

- Vi har sendt ut sms til alle passasjerar som har registrert mobilnummeret sitt i samband med bestillinga. Om denne passasjeren ikkje har fått sms, så er dette sjølvsagt beklageleg.

Ekstraflyet gjekk frå Riga kl. 11.40 i dag, utan Kristin Karlsen og dei fem ho reiser saman med.

Dekker to netter på hotell

Ho greidde å kome gjennom til Norwegian på telefon i dag, og då fekk ho beskjed om at to personar i reisefølgjet var booka inn på eit fly tilbake til Oslo 30. april og resten 1. mai.

Martin Skaug Alsos, pressetalsmann i Forbrukarrådet.

Flyselskapet er ikkje forplikta til å setje opp ekstrafly for å få passasjerar heim, seier pressekontakt i Forbrukarrådet, Martin Skaug Alsos.

Foto: Forbrukarrådet

Familien har fått dekt hotellopphaldet i natt, og dei belagar seg på ei ny natt på hotell i Riga. Norwegian har gjort det klart at dei vil dekke to netter på hotell, ikkje noko meir.

– Vi kan ikkje vere her heile veka, alle saman har jobbar å tenkje på. Eg reknar med at vi greier å få billett til Oslo med eit anna flyselskap i morgon. Det må vi betale sjølve, men vi kan håpe på å få det refundert på ein eller annan måte, seier ei oppgitt Kristin Karlsen til NRK

– Første tilgjengelege avgang

Pressekontakt i Forbrukarrådet, Martin Skaug Halsos, seier at flyselskapet er forplikta til å hjelpe passasjerane med å få tilsvarande transport heim, altså fly. Om ikkje selskapet gjer det, kan passasjerane ordne det sjølv, og så krevje pengane tilbake frå selskapet

Flyseskapet er også forplikta til å betale hotellopphald til passasjerane heilt fram til avreise, fortel han.

Om ikkje flyselskapet vil dekke utgiftene, kan passasjerar klage til Transportklagenemnda , opplyser han.

Han viser også til Flyreisekalkulatoren til Forbrukarrådet, som fortel kva passasjerar har krav på ved innstillingar og forseinkingar.

AKTUELT NÅ