Mammografi kan vere bortkasta penger

Kvart år gjennomgår tusenvis av norske kvinner mammografiundersøking for å finna kreftsvulstar i brysta. Men ny forsking syner at dette er langt frå så effektivt som ein har trudd.

Mammografi

Mammografi minskar ikkje risikoen for å døy av brystkreft, meiner forskarar.

Foto: Jean-Paul Pelissier / Scanpix/Reuters

– Når me screenar 2000 kvinner reddar me ei frå å døy av brystfkreft. Det seier lege Mette Kalager ved Radiumhospitalet.

Risikoen for å døy er like stor

Saman med tre andre forskarar publiserer ho funna i det amerikanske legetidsskriftet The New England journal of medicine i dag.

Stortinget vedtok mammografiprogrammet var det venta at dette skulle redusera dødstala med 30 prosent.

Effekten mht. å redde liv er lett å måle. For eksempel forventer vi at brystkreftscreening i Norge vil medføre redusert dødelighet slik at syv år etter avsluttet screening er antallet som dør av brystkreft redusert med 200 per år (ca. 30 %).

Stortingsmelding om Omsorg og kunnskap NOU 1997:20

Men no syner ny, norsk forsking at slik er det ikkje.

For Mette Kalager har gjort ein totalgjennomgang av alle brystkreftdata i Noreg mellom 1985 og 2005, og dei syner at risikoen for å døy av brystkreft ikkje vert særleg mindre om du fotograferer brysta i ei mammografiundersøking.

Video MAMMOGRAFI-230910-WW_MXF_Innboks.MP4

NETT-TV: Mette Kalager er overraska over funna i undersøkinga.

– Dersom ein ser på dei historiske dataa frå 1985 til 2005, så er den totale døyelegheita redusert med 20 prosent i denne perioden. Men på grunn av at me hadde ei kontrollgruppe med kvinner som ikkje var med på mammografiscreening i perioden 1995 til 2005 så har me sett at dei har ein reduksjon på 20 prosent i døyelegheit.

– Dermed kan me seia at den reduksjonen i døyelegheita som mammografiprogrammet er årsak til er 10 prosent, seier Kalager.

Det er altså færre som døyr av brystkreft i Noreg no enn tidlegare, men det er få kvinner som vert redda av mammografi.

Berre 2 prosent effekt

Men det er ikkje alt. For undersøkinga syner òg at kvinner over 70, som vert behandla av dei same tverrfaglege tema som dei kvinnene som er med i mammografiprogrammet vert, har i tillegg ein reduksjon i dødsfall på 8 prosent.

Dette syner at den reelle effekten av sjølve mammografifotograferinga kan vera så låg som 2 prosent.

– Desse tverrfaglege tema vart innførte samstundes med mammografiprogrammet. Det vert difor rett å gje mammografiprogrammet æra for 10 prosent av reduksjonen i døydelegheit, men det er nok ikkje fotograferinga som har heile æra, seier Kalager.

Overraskande funn

Det er Mammografiprogrammet til Kreftregisteret som organiserer og inviterer kvinner til mammografiundersøkingar. Og 76 prosent av kvinnene som vert inviterte møter.

Tidlegare var Mette Kalager leiar for Mammografiprogrammet i Noreg. Og resultata ho kom fram til gjennom forskinga var ikkje venta.

– Eg hadde jo venta at me skulle finna ein reduksjon på 30 prosent, så at det synte seg å berre vera 10 prosent er overraskande, seier ho.

Likevel. For nokre år sidan kom dei fyrste resultata som kunne tyda på at mammografi var bortkasta .

No stadfester denne storgjennomgangen at masseundersøkingane av kvinnebryst har liten effekt.

Bør leggjast ned?

Mette Kalager meiner det er for tidleg å konkludera med at programmet bør leggjast ned, men ho er klar på at premissane Stortinget vedtok programmet ut ifrå er endra. Stortinget må diskutera om programmet er kan forsvarst, seier Kalager.

– Stortinget ventar at døyelegheita av brystkreft skal gå ned med 30 prosent, og me finn berre ein reduksjon på 10 prosent, altså ein tredel av det som er venta. Då meiner eg at Stortinget må diskutera om programmet kan og bør vidareførast, seier Kalager.

SISTE NYTT

Siste meldinger