Hopp til innhold

Ny forsking: Mammakroppen er vanskeleg å akseptere

Fleire tusen kvinner har problem med å akseptere kroppen, mens dei er gravide og etterpå. Det viser ny forsking. Christina Kjeserud Ose (34) mista kontrollen.

Christina Kjeserud Ose

MAMMAKROPPEN: Christina Kjesrud Ose opplevde at ho mista kontrollen over kroppen.

Foto: privat / NRK

Vi lever jo i ei veldig kroppsopptatt tid. Og det betyr jo at vi er veldig opptatte av kroppen som eit objekt.

Det seier psykolog Bente Sommerfeldt.

Ho har i fleire år forska på kvinners forhold til mat under og etter ein graviditet, og er akkurat ferdig med ei doktorgrad om temaet.

Studien hennar viser:

  • Førekomstar av eteforstyrring i svangerskap er langt meir vanleg enn det vi har trudd.
  • Problema aukar det første året etter fødsel.
  • Fleire internasjonale studiar viser at over 5 prosent blir ramma under graviditeten, og om lag 12 prosent blir ramma dei første seks månadene etter.
Bente Sommerfeldt , psykolog. Skrevet doktotorgradsavhandling om gravide og spiseforstyrrelser

Psykolog Bente Sommerfeldt meiner norsk helsevesen har for lite kunnskap om gravide, mat og mammakropp.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Ein har jo veldig mykje å samanlikne seg med, både i sosiale medium og blad. Fasongen og størrelsen til kroppen blir fort eit blikkfang og noko fast og konkret.

Mista kontroll over kroppen

Christina Kjeserud Ose er klinisk ernæringsfysiolog og har heile livet hatt interesse for mat og trening, og har følt at ho har kontroll over sin eigen kropp. 31 år gamal blei ho gravid, og det blei vanskeleg for henne.

Christina Kjeserud Ose

Christina Kjeserud Ose følte at ho mista kontrollen over kroppen.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Det var rett og slett ordentleg vanskeleg å miste kontrollen på kroppen. For det er det du gjer. Du mistar kontrollen.

Christina har vore høg og slank heile livet, og likte dårleg endringa som skjedde med kroppen hennar.

Då er det ein sånn identitet. Det blir skapt ein litt sånn, kall det falsk identitet på kven du er, basert på utsjånaden. Noko som i seg sjølv, synest eg, er ganske problematisk.

Ho brukte svangerskapskvalmen til å regulere matinntaket og gjorde alt ho kunne for å skjule dette for jordmora ho gjekk til.

Eg var kjempegod på å skjule det. Eg viser ikkje deg at eg har noko ubehag med kroppen min. Ho hadde jo ikkje ein sjanse, altså.

Christina Kjeserud Ose gravid andre gang

Christina Kjeserud Ose var gladare og tryggare med mammakroppen andre gong ho var gravid

Foto: Privat / NRK

Må stille spørsmål

Ifølge psykolog Bente Sommerfeldt er det vanleg at gravide og nybakte mødrer prøver å skjule at dei har problem med at kroppen endrar seg. Det er derfor viktig at kvinnene blir spurde om forholdet sitt til mat frå personane dei møter i helsevesenet.

Det første vi i helsevesenet må hugse på, er å spørje folk om korleis dette med kropp og mat er. Og korleis svangerskapet har påverka det.

Psykolog Bente Sommerfeldt

Psykolog Bente Sommerfeldt seier det er viktig å stille dei rette spørsmåla.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Doktorgrada hennar viser at veldig mange som tidlegare har hatt eteforstyrring, får tilbakefall i løpet av svangerskapet.

Ein dansk studie viser tilbakefall dei første 20 vekene av svangerskapet.

Ho meiner fokuset på dei gravide og mat må forsterkast.

– Det blir to for prisen av éin.

Ho seier det er for lite fokus rundt dette hos jordmødrer og legar i møte med dei gravide.

Lena Henriksen, Den norske jordmorforeining

Politisk leiar i den norske jordmorforeininga, Lena Henriksen seier det eit aukande problem med mammaer som slit med kroppsbilde.

Foto: Den norske jordmorforeining

Jordmorforeininga erkjenner at dette er eit problem. Politisk leiar Lena Henriksen seier ho har snakka med jordmødrer ulike stader i landet som opplever at problem med mammakroppen er eit aukande problem.

Den spesifikke kunnskapen når det gjeld eteforstyrring verkar litt vilkårleg. At han enten er basert på interesse, erfaring eller om kvar enkelt arbeidsplass har hatt for eksempel fagdagar, fagkurs på problematikken.

Sommerfeldt seier problema med mammakroppen ikkje blir mindre etter fødselen. Internasjonale studiar viser at over 10 prosent av alle fødande kvinner har dårleg sjølvbilde seks månader etter at babyen er fødd.

– Vi lever i ei kroppsopptatt tid. Det blir prega av tida vi lever i. Det er ingen frisoner lengre.

Vi snakkar ofte om ein kropp vi har, og ikkje ein kropp vi er i.

Ho fortel at mange kvinner får høyre frå jordmor eller på fødestua at kroppen kjem raskt tilbake, at amming er bra, for da renn kiloa av.

Ho meiner vi må passe på korleis vi snakkar om desse tinga, fordi det er noko av det mest normale som skjer.

Ting skjer utan at vi treng å styre for mykje med han.

Godta mammakroppen

Christina sin baby blei fødd med låg blodprosent og måtte på intensiven og dette gjorde alt verre for Christina

Eg blei slengd inn i ein fødselsdepresjon. Som igjen gjorde at eg mista all matlyst. Det berre balla på seg. Når du i tillegg skal handtere dei kroppslege forandringane som skjer etter ein fødsel, som er ganske massive. Så blir det rett og slett ein skikkeleg prøvelse.

Christina Kjeserud Ose

I dag er Christina Kjeserud Ose mamma til to friske jenter

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

I dag er Christina mamma til to friske jenter.

Ho ønsker å fortelje historia si, fordi ho håpar ho kan hjelpe andre til å be om hjelp i tide.

– Det er lov å ikkje vere så overlykkeleg for at kroppen din på ein måte forandrar seg i baugar og kantar. Samtidig som du kan vere glad for ungen som kjem ut, som er frisk.

AKTUELT NÅ