Hopp til innhold

Leiger seg nisse til jul

Mange leiger seg julenisse til julaftan. Fleire av eventbyråa som tilbyr nissar til jul, melder om fulle ordrebøker i år.

Dagleg leiar i Barnas dag, Yngve Gregersen, er inspirert av den norske fjøsnissen når han går på julenissebesøk. Mange ønsker seg nissebesøk på julaftan, og eventbyrået hans er fullbooka i år.

I desse dagar går nok diskusjonen i mange småbarnsfamiliar om kven som skal vere nisse i år. Og så gjeld det å kome fram til ei passande dekkhistorie, slik at barna ikkje klarer å finne ut kven som skjuler seg bak skjegget. Men no er det mange som omgår heile problemstillinga, og leiger seg nisse til jul.

Eventbyrået Barnas dag er eitt av firma som tilbyr nisse på julaftan. Dei er fullbooka søndag. Dagleg leiar Yngvar Gregersen seier det kan vere ulike grunnar til at folk vel å kjøpe seg nissetenester.

– Enkelte har kanskje ikkje nokon i huset som kan ta på seg rolla som julenisse. Barna kan også vere mistenksame, og då kan det vere greitt å få lurt dei litt. Og så er det mange som ikkje likar å kle seg ut, og som ikkje kjenner seg komfortable med det.

Travel dag

I løpet av julaftan, blir det mange besøk for firmaet. Dei startar runden tidleg på ettermiddagen, og er ferdige rundt klokka seks på kvelden.

– Vi gjer besøka våre på dagtid, og er ferdige rundt middagstider på julaftan. Så vi rekk ein god del besøk i løpet av den tida.

Også eventbyrået Varieté i Bergen tilbyr besøk av julenissen hos privatpersonar. Dei opna for bestillingar i november, og no er dei fullbooka. Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med selskapet.

Proffe nisseråd

Men sjølv om det er mange som no set bort nissebesøket til profesjonelle, er det framleis mange som gjer det på gamlemåten. Til dei av oss som anten vil gjere det sjølve, eller som var for seint ute med å bestille nisse på nett, har Yngvar Gregersen nokre råd med på vegen.

– Det er viktig, spesielt dersom det er små barn til stades, å ikkje trenge seg på. Bruk litt tid, og la barna nærme seg nissen i sitt eige tempo.

Han oppmodar også folk til å droppe maska.

– Eg er skeptisk til masker. Når mimikken blir bort, blir barna også lettare redde. Og då er sjarmen med nissen borte. Nissen skal gjere barna glade. Så ta deg god tid, og dropp maska om det er mogleg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger