NRK Meny
Normal

Vil ikkje at barna skal tru på julenissen

Ein av fem nordmenn vil ikkje at barna skal tru på julenissen. Det viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK.

Tom "Julenissen" Kristiansen i Drøbak

Julenissen i Drøbak får mange brev og ønskelister kvart år. Men ifølge ei måling Norstat har gjort, ønsker kvar femte spurde at barna ikkje skal tru på nissen.

Foto: Willy Hage / NRK

Kvart år sender norske barn over 20.000 brev og ønskelister til julenissen i Drøbak. Men no viser det seg at mange er skeptiske til nissen. I ei måling Norstat har gjort for NRK, har dei spurt eit representativt utval på 1015 personar om kor lenge dei ønsker at barna skal tru på julenissen.

Kvar femte spurde, eller 19 prosent, seier at dei ikkje ønsker at barna skal tru på nissen. Målinga visar også at menn er meir skeptiske enn kvinner. 22 prosent av mennene mot 16 prosent av kvinnene seier dei helst ser at barna ikkje trur på julenissen.

Svar fordelt på kjønn

Kor lenge skal barna tru på nissen?

Totalt

Mann

Kvinne

Fram til dei er 3 år

13%

14%

13%

Fram til dei er 5 år

41%

38%

44%

Fram til dei er 10 år

15%

16%

15%

Fram til dei er 15 år

1%

1%

2%

Heile livet

10%

10%

11%

Vil ikkje at dei skal tru

19%

22%

16%

Tom "Julenissen" Kristiansen

Tom Kristensen i Drøbak er fetteren til Julenissen. Han synest det er leitt om barn ikkje får tru på nissen.

Foto: Willy Hage / NRK

Tom Kristiansen i Drøbak, som omtalar seg sjølv som fetteren til nissen, synest det er leitt at så mange er skeptiske.

– Eg synest det verkar litt gledelaust at så mange er skeptiske til nissen. Det er vel ikkje noko som er meir harmlaust enn julenissen, eigentleg.

Forskjellar i utdanning

Dei med dei lengste utdanningane, er også dei som er mest skeptiske til julenissen. Kvar tredje person med over fem års universitets- og høgskuleutdanning seier dei ikkje ønsker at barna skal tru på nissen. Blant dei som ikkje har utdanning utover grunnskulen, er det 15 prosent som svarar ja på spørsmålet.

Svar fordelt på utdanning

Kor lenge skal barna tru på nissen?

Grunnskule

Vidaregåande

Høgare utdanning 1-3 år

Høgare utdanning 4 år

Høgare utdanning 5 år+

Fram til dei er 3 år

23%

11%

14%

13%

11%

Fram til dei er 5 år

40%

43%

39%

43%

36%

Fram til dei er 10 år

14%

15%

17%

16%

13%

Fram til dei er 15 år

0%

1%

2%

0%

4%

Heile livet

9%

13%

9%

9%

4%

Vil ikkje dei skal tru

15%

18%

19%

19%

33%

Men også geografi spelar inn når vi ser kor skeptiske er. På landsbygda svarar 26 prosent at dei ikkje vil at barna skal tru på julenissen, medan byar med mellom 5.000 og 50.000 innbyggarar er minst skeptiske. Der svarar 15 prosent at barna ikkje bør tru på nissen.

Svar fordelt på geografi

Kor lenge skal barna tru på nissen?

Oslo

By < 50.000 innb.

By 5.000 til 50.000 innb.

Tettstad

Landsbygd

Fram til dei er 3 år

14%

14%

12%

13%

14%

Fram til dei er 5 år

44%

36%

45%

40%

36%

Fram til dei er 10 år

12%

18%

14%

19%

14%

Fram til dei er 15 år

0%

1%

2%

1%

1%

Heile livet

10%

11%

11%

9%

10%

Vil ikkje dei skal tru

21%

20%

15%

18%

26%

– Bør ikkje ta frå dei illusjonen

Professor og psykolog, Willy-Tore Mørch

Professor og psykolog Willy-Tore Mørch meiner barn ikkje tek skade av å tru på julenissen.

Foto: Elise Holdal / NRK

Men det er ikkje slik at foreldre skal gå rundt og ha dårleg samvit om dei seier til barna at julenissen finnast. Barnepsykolog Willy-Tore Mørch seier barna ikkje tek skade av å tru på nissen.

– Det er hyggeleg og spennande for barna at julenissen finnast. Og det er ingen grunn til at vaksne skal ta frå dei den illusjonen.

Og i undersøkinga frå Norstat viser det seg at dei aller fleste vil at barna skal tru på nissen. 41 prosent av dei spurte synest det er greitt at barna trur på julenissen fram til dei er fem år. Noko meir oppsiktsvekkande er det kanskje at kvar tiande person seier dei vil at barna skal tru på nissen heile livet.

Skepsisen til nissen blir også mindre desto fleire barn det er i huset. I familiar med tre eller fleire barn, er det berre tre prosent av dei som er spurte som svarar at barna ikkje skal tru på julenissen. I familiar utan barn svarar 21 prosent det same.

Svar etter kor mange barn det er i familien

Kor lenge skal barna tru på julenissen

Ingen barn

1 barn

2 barn

3 barn +

Fram til dei er 3 år

15%

7%

10%

5%

Fram til dei er 5 år

39%

39%

47%

50%

Fram til dei er 10 år

14%

17%

19%

32%

Fram til dei er 15 år

1%

2%

4%

5%

Heile livet

10%

15%

10%

6%

Vil ikkje dei skal tru

21%

20%

10%

3%

Kulturstrøm

  • Superstjerner på sykebesøk

    Soullegenden Stevie Wonder og borgerrettsforkjemperen Jesse Jackson er blant dem som har besøkt alvorlig syke Aretha Franklin denne uken. Også Franklins tidligere ektemann Glynn Turnman har besøkt souldronningen i hjemmet hennes i Detroit.

  • «9 to 5»-oppfølger

    Skuespillerveteran Jane Fonda bekrefter ifølge People.com at det kommer en oppfølger til filmklassikeren «9 to 5» fra 1980, med Fonda selv, Lily Tomlin og Dolly Parton i rollene.

    Lily Tomlin, Jane Fonda and Dolly Parton laugh at special editon DVD release party of "9 to 5" in Hollywood
    Foto: Fred Prouser / Reuters