Hopp til innhold

Kronprinsen rekrutterte stesonen til konferansejobb

Ålesund (NRK): Marius Borg Høiby er med i staben når stefar, kronprins Haakon arrangerer næringslivskonferanse i Ålesund. – Det er veldig gøy å ha han med på laget i år, seier kronprins Haakon.

Kronprins Haakon og Marius Borg Høiby.

Kronprins Haakon saman med Marius Borg Høiby under markeringa av kongeparet sine 25 år på trona tidlegare i år.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Marius hjelper til. Han tek imot gjester og gjer førefallande arbeid. Det er mykje som skal gjerast i kulissane her for at dette skal gå knirkefritt, seier kronprins Haakon til NRK. I ettermiddag starta konferansen SIKT med bedriftsbesøk. 168 deltakarar mellom 20 og 40 år tok hurtigbåten frå konferansebyen Ålesund til Ulsteinvik og omvising på Ulstein Verft.

Unngår kamera

I kulissane, og langt unna alle kameralinser, var konferansemedarbeidar Marius Borg Høiby. 19-åringen har sagt ja til å bidra på stefar Haakon sin konferanse, men unngår all merksemd. På SIKT 2016 sine heimesider står han likevel oppført som medlem av SIKT-teamet, saman med blant andre hoffsjef Gry Mølleskog og kommunikasjonssjef ved slottet, Marianne Hagen.

– Ikkje løn frå slottet

Marius Borg Høiby.

Slik er Marius Borg Høiby presentert i programmet.

– Vi har ein fantastisk fin gjeng som jobbar med dette. Dei fleste er tilsette på slottet. Det er ikkje Marius. Han får heller ikkje løn derfrå, seier kronprins Haakon.

Marius Borg Høiby gjekk ut av vidaregåande skule i vår og har no eit såkalla friår for å jobbe.

Marius Borg Høiby med i «Skam»-avslutningen

Unge leiartalent

Gjestene Borg Høiby tek imot er unge leiartalent frå mange delar av norsk samfunnsliv. Camilla Hagen Sørli, arving til forretningsmannen Stein Erik Hagen, er med. Det er også Ayesha Wolasmal, rådgjevar i verdas helseorganisasjon, WHO, og kjent frå NRK-serien Nobel. Blant deltakarane er også leiaren i KrFU, Ida Lintveit og medieutviklingssjef i NRK, Heidrun Reisæter.

Målet er å vere ein morosam og relevant arena for nytenking og fordomsfri diskusjon, seier kronprins Haakon, som arrangerer konferansen for fjerde gang.

– Fin erfaring

Marius Borg Høiby.

Marius Borg Høiby er med i staben til kronprins Haakon på ein næringslivskonferanse i Ålesund.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kvifor har kronprinsen valt å invitere Marius Borg Høiby med?

Fordi eg tenkjer at det er fint for både han og meg. Det er fint å vise han kva eg driv med. Og så tenkte eg kanskje at han kunne lære litt også av korleis vi organiserer det og at det var ei fin erfaring for han.

Ole Gunnar Solskjær

I morgon går hovuddelen av SIKT av stabelen på NTNU i Ålesund. Ole Gunnar Solskjær er blant innleiarane. Han skal snakke om kva som er hans drivkraft i arbeidet som fotballtrenar.

Kronprinsparet «rullet» med russen

Her fester foreldrene med russen

AKTUELT NÅ