Hopp til innhold

Kritisk til Nav-rot: Meiner Torbjørn Røe Isaksen burde ordna opp før

Nesten to månader etter at Stortinget vedtok full lønskompensasjon for folk som vart permitterte, fortalde Nav om at dei vart forseinka. Nav-minister Torbjørn Røe Isaksen skulle rydda opp langt tidlegare, meiner Ap og Sp.

Ullevål sykehus

KRITISK: Senterpartiets stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Irritasjonen veks no på Stortinget over at permitterte ikkje har fått dei pengane dei har krav på.

Etter ekspressforhandlingar på Stortinget, kom regjeringa 20. mars med ei rekke regelendringar som skulle vere til hjelp for både permitterte arbeidstakarar og kriseråka bedrifter: Dei som vart permitterte skulle få utbetalt 100 prosent lønskompensasjon frå Nav frå tredje dag i permittering.

– Helt forferdeleg

Dei pengane har ingen sett noko til enno. Over 50 dagar etter stortingsvedtaket, 11. mai, kunngjorde Nav at løysinga var forseinka.

Martin Josefsen er ein av dei som ventar. 23-åringen har vore permittert i ni veker, utan å få utbetalt pengar.

Martin Josefsen har vært permittert i ni uker, uten å få penger fra NAV.

Martin Josefsen har vore permittert i ni veker, utan å få utbetalt pengar.

Foto: Valentina Baisotti

– Eg synest det er helt forferdeleg, vi har allereie ventet såpass lenge. Da vi blei permittert blei vi fortalt ganske tidleg at vi skulle få betalt for 18 dagar, så da regnet eg med at de skulle komme ganske raskt. No har det snart gått tre månader og de har framleis ikkje komme, seier Josefsen.

Til vanleg jobbar han på et hotell, men dei siste ni vekene har han vore permittert. No begynner det å gå tomt for sparepengar.

– Eg har brukt kredittkortet når eg har handla mat og sånn, og så har eg hatt oppsparte middel, men no begynner det sjølvsagt å bli ganske tomt, og eg ventar framleis på pengane, fortset 23-åringen.

– Årsaka er den tekniske løysinga

I Stortinget i dag kravde Senterpartiets Per Olaf Lundteigen å få vite kva arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gjort for at folk skal få dei pengane dei har krav på.

Isaksen vedgjekk i Stortinget i dag at forseinkinga er uheldig.

– Årsaka til forseinkinga er at den tekniske løysinga Nav opphavleg la til grunn ville ført til ei rekke feilutbetalingar. Då ville mange ikkje fått dei pengane dei har krav på, forklarte statsråden vidare.

Lundteigen er ikkje imponert over verken svaret eller handteringa. Han meiner Isaksen kunne gjort langt meir for å sikre at permitterte fekk pengar på konto.

– Statsråden har tydelegvis stola på Nav, og Nav har ikkje klart å levere. Når det viste seg at dette var vanskeleg å få på plass, burde han kutta tvert og heller utbetalt vanlege dagpengar. Så kunne kompensasjonen opp til 100 prosent løn kome seinare, utdjupar Lundteigen til NRK.

Han meiner også statsråden burde informert Stortinget betre.

– Han kunne kome tilbake til Stortinget og fortalt at det var problem. Men vi høyrde ingenting om at dette var problematisk før det kom ei pressemelding frå Nav 11. mai.

– Bortforklaring

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Arild Grande meiner heller ikkje at Isaksen kan skulde på Nav.

– Forklaringane minner meir om bortforklaringar enn forklaringar. Dei har vikla seg inn i noko byråkratisk rot som dei må ta ansvar for.

Grande hevdar motivasjonen hos regjeringa er låg for å ordne opp.

– Det er jo regjeringa og Torbjørn Røe Isaksen som burde ha sagt «vi ordnar ei forskotsordning, du får pengane på konto, så ordnar vi detaljane i etterkant». Men det opphavlege forslaget frå regjeringa var jo at folk ikkje skulle få desse pengane i det heile tatt, så det er nok difor dei har hatt lite motivasjon for å få fiksa dette for folk.

Meldte at ordninga var klar

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen er ikkje einig i kritikken frå opposisjonen.

– Det er 450.000 permitterte, og Nav blir pressa til det ytste kvar dag. Eit samrøystes storting har vedteke nye og utvida ordningar. Dei var klare over at det kunne ta opptil fleire månader då dei vedtok dette, argumenterer Isaksen.

Hans departement skreiv nemleg i eit svar til Stortinget at «det kan ta fleire månader å få på plass nye system».

Samtidig meldte han sjølv i ei pressemelding så seint som 14. april at «den midlertidige ordninga med full løn i 18 dagar etter arbeidsgjevarperioden er klar». Då var det altså gått tre og ei halv veke sidan regjeringa sjølv presenterte regelendringane for permitterte etter stortingets vedtak.

I same pressemelding står det at løysinga skal vere enkel og handterleg for Nav. Det er ingen signal der om at løysinga ikkje kjem på plass.

– Det baserte vi på at det var ei løysing som vi saman med Nav meinte var den enklaste, seier Isaksen til NRK.

– Den enkelte skulle søke på dette. Nav hadde tilgang til tala som gjorde at dette kunne skje automatisk. Det trudde vi heilt fram til etter vi hadde fastsett regelverket. Så viste det seg at det ikkje let seg teknisk gjennomføre.

– Kven var for optimistiske, Nav eller departementet?

– Vi var begge for optimistiske. Vi har jobba med eitt mål for auge, å få løysingar på plass i rekordfart. Vi har valt løysingar vi trudde kunne kome på plass raskt. Men her er vi blitt nokre veker forsinka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger