Hopp til innhold

Borte frå jobb? Her er dei nye reglane

Sjuk? Permittert? Eller passar du brakkesjuke, heimeverande barn? I dag la arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen fram dei nye reglane for korona-fråvær.

Koronasituasjonen endrer levevaner

Som alle andre barnehagebarn må 5 år gamle Julian vere heime frå barnehagen. Dagane går med til leik og litt læring. Men iPaden er aldri langt unna.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

2020 kjem til å gå over i historia som året nordmenn var mest borte frå jobben. Mandag denne veka vedtok Stortinget nye lover for både permitteringar, sjukedagar og omsorgsdagar. I dag presenterte regjeringa detaljane som gjeld frå denne veka.

Her er det du har rett på.

Sjukdom

Måling av feber. Illustrasjonsbilde.

Feber? Du kan bruke eigenmelding i 16 dagar, seier arbeidsministeren.

Foto: Comnet / NTB scanpix

FØR koronakrisa var dette reglane for sjukedagar:

  • Arbeidstakar fekk 100 prosent løn sjølv om ein var sjuk (gjeld for løn opp til 6G, ca 600.000 kroner).
  • Dei første 16 dagane betalte arbeidsgjevar, deretter plukka Nav opp rekninga.
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar fekk sjukepengar frå Nav frå den 17. sjukedagen. Desse hadde rett til 80 prosent sjukeløn.
  • Det var mogleg å få sjukepengar i inntil eitt år.
  • Du har kunna bruke eigenmelding for kortare sjukefråvær. Arbeidsgjevarar hadde litt ulik praksis, men kunne krevje at du leverte sjukmelding frå lege ved sjukefråvær over tre dagar.
Møte om økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer dei nye reglane for korona-fråvær frå jobben.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Frå mandag denne veka gjeld følgande reglar:

  • Arbeidstakarar har fortsatt rett til full sjukeløn.
  • Arbeidsgjevar betaler berre løna dei første tre dagane ved korona-relatert sjukefråver. Nav tek rekninga frå dag 4.
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar får sjukepengar frå Nav frå den 4. sjukedagen. Desse har hatt rett til 80 prosent sjukeløn.
  • Det er mogleg å få sjukepengar i inntil eitt år.
  • Eigenmelding er greit i 16 dagar, det krevst ikkje sjukmelding i desse 16 dagane.

– I praksis betyr dette at arbeidsgjevarar kan godta eigenmelding for heile den noverande arbeidsgjevarperioden på 16 dagar, dei kan vere trygge på at Nav ikkje vil nekte å refundere sjukepengar, seier statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H).

Han ber folk bidra så godt dei kan.

– Det beste er om folk kan bidra til å halde hjula i gang med heimekontor eller fleksibel jobbing, seier Isaksen til NRK. – Men regelen er at viss du vere heime på grunn av smittevernreglane styresmaktene har gitt, då har du rett til sjukepengar. Det gjeld sjølv om du verken opplever deg som sjuk, har blitt testa eller har fått påvist smitte.

Sjukt barn

FØR koronakrisa var dette reglane for arbeidstakarar som måtte vere heime med sjukt barn («omsorgspengar»):

Forkjølet liten jente.

Talet på dagar ein kan vere heime for å gje omsorg til barn blir dobla.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • Arbeidstakar har hatt rett til å vere heime med barn under 12 år eller kronisk sjuke barn under 18 når barnet er sjukt.
  • Arbeidsgjevar betalte omsorgspengar som tilsvarer løn.
  • Du har ikkje trengt å søke, berre melde frå til arbeidsgjevar.
  • Dei fleste (dei med eitt og to barn) har hatt rett til ti «sjukt barn-dagar». 15 dagar dersom du har fleire barn. Talet på dagar har vore det doble for eineforsørgarar.
  • Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har kunna søke om omsorgspengar frå den 11. dagen dei er heime med sjukt barn.

Med effekt frå førre fredag (13. mars) gjeld no følgande reglar:

  • Foreldre får dobla talet på «sjukt barn-dagar». Alle har altså krav på det dobbelte av det dei har under normale forhold.
  • Foreldre får rett på omsorgspengar for å vere heime med barn når skular og barnehagar er korona-stengt. Du kan altså bruke «sjukt barn-dag» sjølv om barnet ditt er friskt, men har eit omsorgsbehov.

– Viss du må vere heime med barna og ikkje har noko alternativ, så er barna å rekne som sjuke når skulen eller barnehagen er stengt, utdjupar Torbjørn Røe Isaksen til NRK.

I «A4-familien» med to foreldre som bur saman med to barn under 12 år vil altså begge dei to vaksne ha rett til å vere heime i 20 dagar kvar med full løn for å ta seg av barn i år.

Vidare:

  • Staten tek mestparten av rekninga. Arbeidsgjevar skal berre betale dei tre første dagane av omsorgspengane.
  • Frilansarar og sjølvstendige får rett til det same talet «sjukt barn-dagar» som arbeidstakarar. Dei får 100 prosent lønskompensasjon, men det blir trekt ein venteperiode på tre dagar.
  • Det blir mogleg å overføre dagar med omsorgspengar mellom to foreldre. Alle foreldrepar kan gjere dette. Men målet med ordninga er å sikre at ein forelder med samfunnskritisk funksjon, for eksempel i helsevesenet, skal sleppe å vere heime med sjukt barn fordi den andre har brukt opp kvota.

Permittert?

Kav-logo

Permittert? Du får dagpengar frå Nav.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

FØR koronakrisa var dette reglane for permitterte arbeidstakarar:

  • Permitterte arbeidstakarar hadde rett på løn frå arbeidsgjevar i 15 dagar etter permittering.
  • Etter dette hadde arbeidstakaren krav på dagpengar frå Nav.
  • Den permitterte kunne få opptil 62,4 prosent av inntektene og maksimalt 7 190 kroner frå Nav per veke før skatt.
  • Ein hadde rett på dagpengar i opptil 26 veker i løpet av en periode på 18 månader.
  • Ein måtte vere permittert i minst 50 % for å ha rett på dagpengar.
  • Det var tre dagar ventetid før dagpenge-betaling starta.

Frå i dag (20. mars) gjeld følgande reglar:

  • Permitterte arbeidstakrarar får løn frå arbeidsgjevaren sin i berre to dagar etter permittering.
  • Frå dag 3 til dag 20 får den permitterte utbetalt dagpengar frå Nav som tilsvarer 100 prosent løn. Gjeld inntekter opp til 6G (ca 600.000 kroner).
  • Dersom ein allereie har vore permittert lengre enn to dagar, tek Nav rekninga frå i dag (fredag 20. mars).
  • Frå dag 21 som permittert får du mindre i dagpengar. Utbetalinga blir på 80 % av inntekten du har hatt opp til 300 000 kroner (3G) pluss 62,4 % av inntekten du har hatt mellom 300 000 (3G) og 600 000 (6G).
  • Det er no nok å vere 40 % permittert for å ha rett på dagpengar.
  • Det skal ikkje lenger vere tre dagar ventetid før utbetaling av dagpengar.
  • Ein har fortsatt rett på dagpengar i opptil 26 veker i løpet av en periode på 18 månader.

AKTUELT NÅ