Hopp til innhold

Krise i barnevernet – statsråd avbraut ferien for hastemøte

Regjeringa vil fase ut kommersielle aktørar frå barnevernet. Fire dagar etter ei innstramming bad Kjersti Toppe dei om hjelp til å auke kapasiteten på eit anna område.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe ifbm Spydeberg-sak

AKUTT: Barne- og familieminister Kjersti Toppe ber private aktørar bidra med fleire barnevernsplassar.

Foto: Tom Balgaard / Tom Balgaard/NRK

– Det er ikkje nok plassar til barn som blir meldt inn, og vi opplever brot på plikta staten har til å sørge for plass til barna, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Den akutte krisen gjeld både institusjonsplassar til barnevernsbarn og fosterheimar, får NRK opplyst av departementet.

– Det er ein alvorleg og pressa situasjon i institusjonsbarnevernet no, seier Toppe.

Frå mai 2022 til mai i år var det ein auke på 40 prosent i behovet for såkalla åtferdsplassar i barnevernsinstitusjonar.

Denne veka avbraut Toppe ferien for å delta på eit hastemøte. Der bad ho private aktørar om å auke kapasiteten.

– Vi spør no statlege, ideelle og kommersielle aktørar om kva dei kan bidra med på kort sikt, seier Toppe.

Les også Barnevernsutvalget: – Situasjonen er alvorlig og presserende

Barneutvalgets leder, Marit Skivenes, legger frem rapporten

Fleire kommersielle tilbydarar av barnevernsplassar er organisert i NHO Geneo. Dei er positive til å bidra.

– Vi har i utgangspunktet ikkje lyst til å kritisere ministeren når ho endeleg handlar. Men vi har varsla om mangel på kapasitet i lang tid, seier fagdirektør Reidar Holst Christensen.

Han seier medlemene er klare til å bidra, men dei vil stille krav til føreseielege vilkår.

Reidar Holst Christensen

– NHO Geneo organiserer både ideelle og kommersielle private aktørar innanfor barnevernstenester, fortel fagdirektør Reidar Holst Christensen.

Foto: Lena Verås Larsen

– Dette kan ikkje vere kontraktar som går ut til hausten. Det er viktig både for våre medlemer sine 4000 tilsette, og det gode faglege tilbodet dei tilbyr til sårbare barn og unge, seier Christensen.

Les også Trenger flere fosterhjem: – En myte at du må være «A4»

Monice Rørnes

Stor mangel på fosterheimar

Frå 1. juli har kommunane ikkje lenger lov å inngå nye avtalar om fosterheimar gjennom private aktørar. Fire dagar seinare kalla statsråden inn til hastemøtet.

Mangelen på fosterheimar blei òg tatt opp på møtet.

I juni var det 230 barn i Noreg som venta på fosterheim. Same månad la Toppe fram ein tiltaksplan. Hensikta med dei var å rekruttere fleire fosterfamiliar, og halde på dei som tar på seg oppdrag.

– Vi må ta ansvar for mangelen på fosterheimar, og då må vi syte for at tenestene snakkar godt saman. Og gjere alt vi kan for å auke kapasiteten, seier Toppe.

Tone Granaas, generalsekretær i Norsk Fosterhjemsforening, seier at tiltaka ikkje løyser fosterheimskrisa, og at det må større endringar til.

Tone Granaas, gen.sekretær i Norsk Fosterhjemsforening

Granaas meiner det offentlege kan lære av det private.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Ein må i alle fall ikkje fjerne det private tilbudet som fungerer i dag. Våre medlemer fortel at det statlege barnevernet har noko å lære av det private, seier Granaas.

Les også Barnevernet mangler akuttplasser – ungdom plasseres på hotellrom og i politiarrest

Noen ganger er barnevernet nødt til å ta i bruk rom på pensjonat som akuttplasser

Ber regjeringa snu

– Samstundes som regjeringa gjer det vanskelegare å få fosterheim fasar dei ut private aktørar. Det går ut over barna, dei mest sårbare av alle, seier stortingsrepresentant Anna Molberg frå Høgre.

Anna Molberg

Anna Molberg (H) ber regjeringa snu om utfasinga av kommersielle aktørar i barnevernet.

Foto: Caroline Ytre

Ambisjonen om å fase ut kommersielle aktørar frå barnevernet kom i Hurdalsplattformen til Støre-regjeringa. Trass i hastemøtet denne veka held Toppe fast på målet.

– Det er heilt feil at vi snur. Vi ser at det er stor risiko ved å drive barnevernet slik det blir gjort no, med store delar av borna ut på anbod. Målet er å bygge opp kapasiteten i det offentlege, seier Toppe.

– Oppfordringa mi til Toppe er å ta av dei ideologiske brillene, sjå realitetane og svelgje ein kamel. Å endre politikken er til det beste for sårbare barn, seier Anna Molberg.

AKTUELT NÅ