Hopp til innhold

Kripos: – Vi finkjemma åstaden med gaflar

BORGARTING LAGMANNSRETT (NRK): Kripos meiner dei var nøye då dei sikra spor etter drapet på Kristin Juel Johannessen. Likevel manglar politiet dokumentasjon på korleis sentrale spor i drapssaka blei tatt vare på i ettertid.

Drapet på Kristin Juel Johannessen

ÅSTADEN: Kristin Juel Johannessen blei drepen på Mørk ved Larvik 5. august 1999. Her kjem politiet, med Knut Holthe i spissen, til åstaden. Holthe vitna i dag i rettssaka etter drapet.

Foto: Ida von Hanno Bast / NTB scanpix

Nye DNA-funn under fingerneglene er hovudårsaka til at ein 39-åring no er tiltalt for drapet på Kristin Juel Johannessen 5. august 1999. Forsvarar Brynjar Meling har stilt spørsmål ved korleis politiet og rettsmedisinarane har handtert bevisa i desse 17 åra.

I dag vitna tidlegare politibetjent Knut Holthe i Borgarting lagmannsrett. Han jobba i Kripos og var med på å sikre åstaden i 1999, på Mørk utanfor Larvik.

– Det var ein mangel ved loggføringa. Det fanst ikkje logg over korleis bevisa blei oppbevara. Det blei loggført når prøvene blei sendt, når dei blei mottatt og slikt. Ut over det blei det ikkje loggført, seier Holthe.

Nye metodar for DNA-analysar gjorde det mulig for rettsmedisinarane å finne DNA i svært lite spormateriale. Dei fann DNA frå prøver tatt av dei avklipte fingerneglene til Kristin. Derfor er det eit sentralt tema korleis spormaterialet har blitt tatt vare på.

Teipa augebryn før finkjemming

Knut Holthe, tidligere politioverbetjent i Kripos, vitner i Kristin-saken i Borgarting lagmannsrett

FINKJEMMA: Knut Holthe, tidlegare politioverbetjent i Kripos, vitna torsdag i Borgarting lagmannsrett. Han fortalde korleis dei finkjemma åstaden der Kristin blei funnen drepen.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

Ved åstaden skildrar den tidlegare Kripos-tilsette korleis dei nitidig sikra alt av spor og mulig bevis.

– Somme av oss teipa augebryna for å sikre at ikkje noko falt ned på åstaden. Vi brukte gaflar for å grave i området, og plukka opp bitar med hanskekledde fingrar eller pinsett. Alt blei så markert med kva rute i området det blei funne i, seier Holthe.

Ifølge politibetjenten tok rettsmedisinsk institutt vare på alle prøvene, ved å fryse dei ned i fleire lag med emballasje.

– Ein tok aldri vare på materiale sikra frå eit offer i nærleiken av materiale sikra frå ein sikta, seier Holthe.

Slik skulle dei unngå at prøvene smitta over på kvarandre og vart forureina.

Klippa neglene

Neglene på den venstre handa til Kristin Juel Johannessen står sentralt i rettssaka mot Henning Hotvedt, som for andre gang er tiltalt for å ha drepen tolvåringen.

Neglene blei sikra av rettsmedisinarane då Kristin blei obdusert 6. august 1999, dagen etter at ho blei drepen. Då var det ikkje mulig å finne DNA på dei. Ein ny og betre analyseteknikk gjorde at politiet i fjor fann DNA som høyrer til Hotvedt på neglene som var på Kristins venstre hand.

rettsmedisiner

OBDUSERTE KRISTIN: Per Hoff-Olsen obduserte Kristin dagen etter at ho blei funnen drepen. Han klippa neglene hennar og sikra dei i ein såkalla lynlåspose.

Foto: Runa Victoria Engen

Sakkunnig og rettsmedisinar Per Hoff-Olsen fortalde i retten om då Kristin blei obdusert.

– På den tida sikra vi neglene ved å fysisk klippe dei av. Eg brukte ei rein saks og klippa av neglene på den eine handa, rett over ein lynlåspose. Så blei posen lukka og merka med kva hand dei kom frå, namn, dato og saksnummer. Det same blir gjort med andre handa, med ei anna, rein saks, seier sakkunnig Per Hoff-Olsen.

Så blei neglene sendt rett til oppbevaring, ifølge rettsmedisinaren. Posane som vart brukt til oppbevaring i 1999, skal ha framstått som intakt då nye DNA-analysar blei gjort i 2015.

– Eg kjenner igjen den lappen med namnet og persondata, eg ser mi eiga handskrift der, seier Hoff-Olsen på spørsmål frå aktor.

Forsvarar Brynjar Meling meiner det er tvil knytt til korleis desse prøvene blei handtert.

Rettsmedisinaren svara at posen ikkje var forsegla med anna enn lynlåsen, på det som ofte blir kalla ein «zip lock»-pose.

– Så den kan bli lukka opp av kven som helst, utan at ein ser at forseglinga er broten? spurte Meling.

– Ja, bortsett frå at den blei brakt rett opp til avdeling for biologisk funn, sa Hoff-Olsen.

– Ja, men det er 17 år sidan, svara Meling.

En 39 år gammel mann er tiltalt for drapet på 12 år gamle Kristin Juel Johannessen i 1999. Rettssaken startet tirsdag 16. august. Mannen nekter for å ha noe med drapet å gjøre.

«Prøvene blir skilt frå kvarandre»

I dag er Rettsmedisinsk institutt ein del av Folkehelseinstituttet (FHI). Dei vil ikkje uttale seg om korleis prøver har blitt oppbevart i saka, fordi dei skal vitne om det i lagmannsretten. Fleire polititilsette er og kalla inn som vitne om temaet.

FHI forklarar om deira generelle retningslinjer, at FHI aldri tar vare på prøvemateriale sikra frå åstad eller etterforsking. Det blir sendt tilbake til politidistriktet etter analysar.

– Materiale frå ulike personar i saka, funn på sikta eller fornærma, blir alltid undersøkt på ulike rom. Berre ein ei prøve eller gjenstand blir undersøkt av gongen, for å hindre oversmitting mellom prøver, seier FHI i ei uttale om deira generelle retningslinjer.

– Prøver frå personar som er tatt for å finne deira DNA-profil, blir handtert og analysert heilt åtskilt frå spormateriale, ifølge FHI.

AKTUELT NÅ