Hopp til innhold

KrF vil nesten doble barnetrygda – Høgre og Ap avventande

Korkje Høgre eller Arbeidarpartiet vil love støtte til forslaget frå Kristeleg Folkeparti om å auke barnetrygda frå 12.000 kroner til 20.000 kroner dei neste tre åra.

Pressemøte KrF om barnereform.

Tilsynelatande idyll i partileiinga i KrF på pressekonferansen torsdag. Frå venstre Olaug Bollestad, Knut Arild Hareide og Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Det har ikkje vore endringar i barnetrygda sidan 1996, og dette meiner Kristeleg Folkeparti det er på høg tid å gjere noko med. KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad peikar på at prisveksten har vore på 55 prosent sidan den gongen.

– Verdien av barnetrygda blitt mindre. Samstundes har barnefattigdomen auka frå fire prosent på 1990-talet til ti prosent i dag, sa Ropstad på ein pressekonferanse i føremiddag. Han fortel at auken KrF har foreslått vil gi auka utgifter på statsbudsjettet på 10 milliardar kroner.

Partileiar Knut Arild Hareide seier at partiet vil leggje fram dette kravet uavhengig av det vegvalet partiet gjer. Dei kjem ikkje til å stille ultimatum, seier han, at det å kjempe mot fattigdom er ei kjernesak for KrF.

– Auka skatt for høgtlønte

Dette vil partiet hente inn ved å auke skatten til dei med høgast inntekt. Han viser til eit eksempel der ein familie utan born med inntekt på over to millionar kroner vil få auka skatten sin med 18.700 kroner i året.

Kristeleg Folkeparti står framfor eit ekstraordinært landsmøte der partiet skal ta ei avgjer om dei skal gå i regjeringssamarbeid med Høgre, Framstegspartiet og Venstre, eller om dei skal støtte ei regjering frå Arbeidarpartiet.

Partileiar Knut Arild Hareide ynskjer eit samarbeid med Arbeidarpartiet, medan dei to nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad ynskjer å gå inn i regjeringa til Erna Solberg.

Høgre: – Samde i intensjonen

Kristin Ørmen Johnsen

Kristin Ørmen Johnsen barne- og familiepolitisk talskvinne i Høgre.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Barne- og familiepolitisk talsperson i Høgre, Kristin Ørmen Johnsen, seier til NRK at dei også er opptekne av den økonomiske situasjonen til barnefamiliane. Ho viser til at regjeringa har dobla eingongsstøtta, styrkt kontantstøtte vesentleg og gitt 48.000 born rimelegare barnehageplass.

– Dette konkrete forslaget frå KrF har vi ikkje fått studert i detalj, men eg kan seie at vi er samde i intensjonen om å styrkje den økonomiske situasjonen til barnefamiliane. Men vi er ikkje nødvendigvis samde i innretninga, seier ho.

Ørmen Johnsen legg til at dei er viljuge til diskutere dette med Kristeleg Folkeparti, og at det er god sjanse for at dei kan finne fram til gode løysingar, slik dei også har gjort dei siste fem åra.

Dersom Kristeleg Folkeparti på landsmøtet 2. november seier ja til å støtte ei regjering frå Arbeidarpartiet, kan det vere duka for eit snarleg regjeringsskifte. På spørsmål om Arbeidarpartiet vil kome KrF i møte når det gjeld barnetrygda, svarar Ap-leiar Jonas Gahr Støre at partiet vil kjempe mot barnefattigdomen.

Hareide: – Ting kunne vært gjort bedre

Hareide-rival hadde dialog med Høyre om abort-utspill

Ap: – Løft for barnefamiliane

Ap-.leiar Jonas Gahr Støre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier at økonomien til barnefamiliane har høg prioritet i partiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Familien er det viktigaste fellesskapet for å sikre alle born ein god oppvekst. Auken i barnefattigdom var bakgrunnen for at vi sette eit eige oppvekstutval, som blant anna ser på barnetrygd og andre velferdsordningar for barnefamiliane. Det er på tide med eit løft for barnefamiliane, og Ap vil betale for det ved å gjere skattesystemet meir omfordelande og rettferdig, seier han til NRK.

Han gjer det klart at det å auke barnetrygda er eitt av fleire tiltak dei vil sjå på, men at partiet må kome tilbake til kor mykje og i kva tempo det skal skje.

– Arbeidarpartiet gjekk til val på eit løfte om å ikkje auke skattane for vanlege lønnsmottakarar og pensjonistar. Det løftet ligg fast, seier Støre.

Frp støttar auke

Erlend Wiborg (Frp) er leder av arbeids- og sosialkomiteen.

Erlend Wiborg (Frp) lovar støtte til ein auke i barnetrygda.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Leiar i arbeids- og sosialkomiteen, Erlend Wiborg (Frp) seier til NRK at han støttar forslaget om å auke barnetrygda. Han har leidd utvalet i partiet der dei har gått gjennom innretninga på norske velferdsytingar.

– Vi har konkludert med at det er rett å auke barnetrygda. Samstundes vil vi også skattleggje barnetrygda. Det betyr at dei som har låg inntekt for vesentleg meir enn i dag, og dei med middels inntekt vi få omtrent det same, medan dei som har høg inntekt reelt sett vil få mindre, seier han.

Wiborg trur Frp og KrF kan bli samde om ein auke i barnetrygda.

SV-leiar Audun Lysbakken seier i ein kommentar at det er svært gledeleg at KrF og SV står saman om ei kraftig styrking av barnetrygda.

– Det er dette som må til for at færre born må vekse opp i fattige familiar. Ei kraftig styrking av barnetrygda er eitt av hovudkrava til SV inn mot eventuelle forhandlingar, og no kan KrF og SV syte for at det skjer, seier Lysbakken.

AKTUELT NÅ