Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at det er forskjellar blant dei 19 ambulansetenestene i landet på kor lang tid dei brukar på å rykkje ut til pasientane.
– Går ut over pasientane
I oversikta til Helsedirektoratet over landets 19 AMK-sentralar, skil det heile 10 minutt per oppdrag mellom den raskaste og den treigaste.
Atle Skinnes i Ambulansepersonellets Yrkesorganisasjon meiner mangelen på krav om responstid går ut over pasientane.
– Det er fordi det berre er ei anbefaling. Blir det eit krav, så blir det litt meir rundt om kring i Noreg, seier han.
I motsetnad til brannvesenet, har ikkje ambulansane noko krav til kor raskt dei må vere på plass hjå den som treng hjelp. Skinnes tek til orde for eit krav fordi han meiner det vil bli meir føreseieleg for pasientane.
– Får vi eit nasjonalt krav, då veit pasientane når dei kan forvente å få ein ambulanse, seier Skinnes.
Vestfold og Telemark er best
Rapporten er utarbeida i samarbeid med dei fire helseregionane i Noreg. Gjennom to år har Helsedirektoratet hatt eit prosjekt der Norsk Pasientregister har henta inn og samla aktivitetstal for tenestene.
LES OGSÅ:
Ambulansetenesta i Vestfold og Telemark er blant dei raskaste i landet. Med dei tek det i gjennomsnitt 12.4 minutt å kome fram til ein pasient frå sentralen tek imot naudanropet.
Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Cecilie Daae, seier ambulansetenesta i Noreg ligg rimeleg godt an.
LES OGSÅ:
– Vil sei at vi ligg akseptabelt og rimeleg godt an, men det er klart eit behov og rom for forbetringar, seier ho.
– Ikkje urovekkjande avvik
Ifølgje Helsedireketoratet sine nettsider, viser internasjonal forsking at Noreg ligg i front når det gjeld overleving og helsetilbod til store pasientgrupper.
Helsedirektoratet skriv at dette viser at dei akuttmedisinske tenestene leverer gode tenester når det hastar.
LES OGSÅ:
– Den norske akuttmedisinen er truleg i verdstoppen – og engasjerte eldsjeler i tenesta skal ha det meste av æra for den kvaliteten vi har i dag, seier Cecilie Daae. Avvika i rapporten er ikkje urovekkjande, meiner ho.
– Sjølv om tala i rapporten må tolkast med varsemd, er det ikkje urovekkjande store avvik i responstid frå det eine AMK-distriktet til det andre.
– Blir ikkje følgt opp
Anbefalingane frå midten av 90-talet seier at ambulansen bør bruke 12 minutt i tettbygde strøk, og 25 minutt i grisgrendte strøk, der dei fleste sentralane er eit stykke unna.
Sjølv om Daae i Helsedirektoratet seier anbefalingane fungerer godt, er ikkje Skinnes einig i det.
– I dag trur eg ikkje dei tidene blir følgt opp godt nok rundt om kring i Noreg, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: