Hopp til innhold

– Responstidskrav krev mannskap

Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, er einig i at det må komme krav om responstid for politiet, men meiner at det då må leggjast til rette for at kravet kan etterlevast.

I etterkant av att 22. juli-rapporten har blitt kjend, vert det kravd at også politiet bør få krav om responstid.

Krev responstid for politiet

I 22. juli-kommisjonen sin rapport frå politiet krass kritikk fordi dei brukte for lang tid på å komme seg til Utøya.

Både politiet og fylkesberedsskapssjefen i Sogn og Fjordane meiner det er ein naturleg følgje av 22.juli-rapporten at det no blir innført krav om reponstid for politiet.

– Må vere mannskap

Ronny Iden

UTFORDRING: Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, fortel at krav om responstid kan bli utfordrande i eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

At det no må kome krav om responstid for politietaten, er også fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, einig i. Det er viktig at det også følgjer ressusar med eit slikt krav, meiner han.

– Vi er positive til at vi får eit krav til oss som er knytt til responstid, og så får vi sjå kva oppfølging det for. Det er meiningslaust å få eit responstidskrav som vi ikkje kan makte å overhalde, seier Iden.

– Det er viktig at det er nok mannskap og god nok beredskapssituasjon, slik at vi kan etterleve eit krav om responstid, seier han.

– Viktig diskusjon

Slik det er i dag har både brannvesen og ambulanse krav om kor lang tid dei kan bruke på å rykkje ut. Det har ikkje politiet.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

VIKTIG: Fylkesberedsskapssjef, Haavard Stensvand, meiner diskusjonen om krav om resposnstid for politiet, er den viktigaste diskusjonen i kjølvatnet av 22. juli-rapporten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesberedsskapssjef Håvard Stensvand seier eit krav om responstid for politiet er noko av dei viktigaste ein må gripe fatt i etter 22.juli kommisjonen sin rapport. Det skriv Firda.

– Ein av dei viktigaste diskusjonane i kjølvatnet av rapporten er dette med responstid, og i kor stor grad responstid skal vere ein del av dei tinga som styrer politiet si organisering. Det å komme raskt til ein åstad, og raskt kunne ivareta oppgåver som å leie ein redningsaksjon, er viktig, seier Stensvand til NRK.no.

Tek kritikken innover seg

Etter å ha sett rapporten ser fungerande politimeister Iden at politiet har fått hard kritikk.

– Det er ein kritikk som vi må ta innover oss. Kritikken er til slutt formulert i læringspunkt, forbetringspotensiale, og det må vi ta fatt i, men kritikken er hard, seier politimeisteren.

I eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane, kan eit krav om responstid by på utfordringar for politidistriktet.

– Vi har den geografien vi har. Responstida kan by på utfordringar, og det må vi prøve å kompensere så godt vi kan med å vere gode på det vi skal gjere. Vi må øve meir, og trekkje lærdom av dei øvingane vi gjennomgår, seier Iden.

Han seier også at det, uavhengig av eit slikt krav, er behov for fleire tenestefolk i politiet i dei næraste åra, men at eit slikt krav vil forsterke dette behovet.

– Vi skulle hatt betre beredskap, men vi meiner at vi har ein akseptabel beredskap ut i frå vårt daglege risikobilete. Det er klart at dersom det skjer store ting skal vi få ei utfordring, men vi er betre rusta no enn vi var for eit år sidan. Vi har trass alt seks fleire stillingar, seier Iden.

– Responstid er viktig

Også fylkesleiar i Politiets fellesforbund, Kjetil Drange, meiner eit krav om responstid for politiet er viktig.

– Eg trur responstid også kan vere med på å avdekke dagens situasjon, og kor lite, etter mitt syn, tilfredsstillande den er, seier han.

Kor lite tilfredsstillande er dagens situasjon?

– Når folk kan vente på politiet i fleire timar, så synest eg ikkje det er bra, seier Drange.

Har gjort forbetringar

Ifølgje fungerande politimeister, Ronny Iden, har Sogn og Fjordane politidistrikt allereie gjort fleire forbetringar.

– Vi har blant anna bestemt oss for å styrke operasjonssentralen. Vi har øvd på alle nivå av konseptet som heiter «Skyting pågår». Vi har også inngått samarbeidsavtale med redningshelikopteret så vi raskare kan flytte mannskap, seier Iden.

– Vi har beslutta framskutt lagring av våpen i bil, og vi har også fått seks nye stillingar, er vi er i ferd med å fylle no. Vi vil også inngå nabohjelp med nabodistrikta, og i tillegg skal vi betre kompetansen på innsatsleiinga.