Hopp til innhold

Knut Arild Hareide trekker seg som parlamentarisk leiar for KrF

Ei samla stortingsgruppe ønskte seg Knut Arild Hareide (KrF) som parlamentarisk leiar, men Hareide ønsker ikkje vervet. Hans Fredrik Grøvan blir ny parlamentarisk leiar for partiet.

I Politisk kvarter forteller Knut Arild Hareide hvorfor han trekker seg som parlamentarisk leder for KrF

I Politisk kvarter fortel Knut Arild Hareide kvifor han trekker seg som parlamentarisk leder for KrF

Det seier han på Politisk kvarter i dag tidleg.

I november vedtok eit fleirtal av delegatane på KrFs landsmøte at partiet skulle gå i forhandlingar for å bli ein del av Solberg-regjeringa. Dåverande partileiar Knut Arild Hareide var ein del av mindretalet som ikkje ønskte å gå inn i regjeringa.

Då forhandlingsresultatet mellom regjeringa og KrF var klart i midten av januar, valde Hareide å gå av som partileiar. Men det var venta at han skulle halde fram som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget.

Måndag kveld gjekk ei samla stortingsgruppe inn for at han skulle få vervet. Men no seier Hareide han ikkje vil ha denne jobben.

– Eg har vore i tvil, og landa til slutt på at det var rett for meg å seie nei. Eg ønskte eit anna vegval enn fleirtalet av partiet. Eg meinte difor det var best for meg og for partiet at eg ikkje er parlamentarisk leiar, sa Hareide i Politisk kvarter.

Ønskte ein ryddig overgang

Den parlamentariske leiaren spelar ei viktig rolle med å lose sakene til regjeringa gjennom Stortinget, og er den regjeringa og statsministeren rådfører seg med for å få gjennomslag for politikken. Samtidig skal han forsvare partiet sine interesser på Stortinget.

Hareide meiner det kunne blitt vanskeleg for han å fylle ei slik rolle.

– Same kva eg hadde sagt, anten eg forsvarte regjeringa eller kom med kritikk, ville det blitt stilt spørsmål ved intensjonane mine.

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide var blant mindretalet i KrF som ikkje ønskte å bli ein del av Solberg-regjeringa. I midten av januar trekte han seg som partileiar. No takkar han også nei til vervet som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Etter at han no har gått av som partileiar, meiner Hareide at det var mest ryddig at han også gav frå seg vervet som leiar for partigruppa på Stortinget også.

– Eg ønsker å gi leiarskapet vidare på ein ryddig måte. KrF har gått inn i regjering, og då må vi ta konsekvensen av det. Og så skal vi alle gjere ein jobb for at partiet på ein best mogleg måte skal kome seg vidare, og det skal også eg bidra til.

Ropstad overraska

Kjell Ingolf Ropstad var mannen som snudde KrF og fekk partiet inn i den borgarlege regjeringa mot Hareide sin vilje. Han seier han støtta Hareide som parlamentarisk leder.

– Eg er sikker på at han ville gjort ein god jobb, men eg har forståing og respekt for valet.

– Er du overraska?

– Ja, seier Ropstad i Vandrehallen etter spørjetimen på Stortinget.

Også Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier han har forståing for valet.

– Når du er parlamentarisk leiar så er du førsteforsvarar for regjeringa kvar dag og kvar veke i alle saker. For han som ønskte eit anna val, så forstår eg at han trakk den konklusjonen, seier Støre.

Statsminister Erna Solberg seier at det er viktig for regjeringa med gode parlamentariske leiarar for å fronte regjeringas politikk på Stortinget, men at KrF sjølv må ta ansvar for å velje kven som skal bekle rolla.

Grøvan tek over

I staden blir det no Hans Fredrik Grøvan som får oppgåva med å leie KrF på Stortinget. Han ønskte i utgangspunktet at partiet skulle halde fram i opposisjon på Stortinget, men då det alternativet blei stemt ned, valde han å følgje fleirtalet som ville inn i Solberg-regjeringa.

Han hadde helst sett at Hareide hadde halde fram som parlamentarisk leiar, men når han ikkje ville det, takka Grøvan ja til vervet då han fekk tilbodet.

– Vi må respektere det valet Hareide har gjort. Og eg skal prøve å fylle rolla som parlamentarisk leiar på best mogleg måte.

Hans Fredrik Grøvan på Gardermoen før plattformen legges frem

Hans Fredrik Grøvan blir ny parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget. Han seier han vil vere lojal mot regjeringsplattforma, samtidig som han vil markere KrF på Stortinget.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Han seier han vil kjempe for å få gjennom sakene til regjeringa i Stortinget, samtidig som han vil jobbe for å få gjennomslag for sakene til KrF.

– Vi skal vere lojale mot den plattforma vi har snikra saman med dei andre regjeringspartia. Men vi skal også ha ei tydeleg KrF-stemme i politikken.

Sjølv om Knut Arild Hareide no har gjeve frå seg leiaransvaret i KrF, vil han halde fram i gruppestyret på Stortinget.

AKTUELT NÅ