– Eg håper Noreg set pris på bilaterale samband og vil arbeide for å ta opp att banda, sa viseutanriksministeren i Kina Ma Zhaoxu onsdag.
Foto: Alexander F. Yuan / ApLeiinga i Beijing har ikkje gløymt avgjerda til Nobelkomiteen om å tildele fredsprisen til den fengsla kinesiske dissidenten Liu Xiaobo for to år sidan.
Frå Kina si side vil det ikkje gjerast noko aktivt for å betre forholdet, slo viseutanriksminister Ma Zhaoxu fast onsdag.
Kina har lagt all den politiske dialogen med Noreg på is, og landet har innført straffetoll på norsk laks.
Norske bedrifter i Kina har også fått problem med å skaffe visum til dei tilsette etter fredspristildelinga, og dei møter også andre utfordringar i landet.
- LES OGSÅ: Slik straffer Kina Norge
– Eg håper Noreg set pris på bilaterale samband og vil arbeide for å ta opp att banda, sa Ma Zhaoxu, ifølgje nyheitsbyrået AP.
Rasar over «premiering av kriminell»
Ma repeterte dei tidlegare skuldingane frå Beijing om at den norske regjeringa trekte i trådane då Nobelkomiteen tok avgjerda for to år sidan, noko som vert avvist frå norsk side.
Kinesisk reaksjon på fredspristildelinga i 2010 var raseri og skuldingar om at Noreg premierte ein kriminell.
Den kinesiske statsministeren Wen Jiabao skal neste veke delta på eit møte mellom asiatiske og europeiske land i Laos kor også norske representantar vil vere til stades.