Hopp til innhold

Kim Jong-un til Putin: – Eg støttar din heilage kamp mot Vesten

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un er i Russland for å snakke med Vladimir Putin. Her skal dei diskutere «alle spørsmål».

Putin og Kim ser på kvarandre og smiler. Tek kvarandre i handa.

Putin og Kim var glade for å sjå kvarandre utanfor det russiske romsenteret Vostochny kosmodrom onsdag.

Foto: Vladimir Smirnov / AFP

Vladimir Putin og Kim Jong-un satt i eit to timar langt lukka møte onsdag formiddag. Der skal dei ha blitt einige om å ytterlegare styrke det strategiske samarbeidet mellom dei to landa.

Ifølge det statlege nyhetsbyrået Tass skal dei ha diskutert fleire samarbeidsmoglegheiter, mellom anna jordbruk. Putin skal ha sagt at Russland har «noko å tilby Nord-Korea» på dette feltet.

Etter møtet skal dei, ifølge Reuters, ha ete mat og skåla på russisk TV. Medan Kim ville skåle for Putins helse, skåla Putin for styrka samarbeid.

Putin og Km sit i kvar sin stol. Flagga til dei to landa står imellom dei, i tillegg til eit bord med ein kvit blomsterbukett. Dei har på dress og ser mot kvarandre.

Dei to leiarane skal ha snakka saman i eit lukka møte i to timar onsdag formiddag.

Foto: VLADIMIR SMIRNOV / Pool/AFP

I forkant av møtet møttest Putin og Kim utanfor romsenteret Vostochny kosmodrom aust i Russland, med russisk-statlege medium til stades. Romsenteret er ein oppskytingsbase for satelittar og rakettar.

Ein video viser to smilande statsleiarar, som visstnok var glade for å sjå kvarandre:

– Eg er glad for å sjå deg, seier Putin til Kim, før dei handhelsar i over eit halvt minutt.

Ifølge russiske medium, seier Putin at grunnen til at besøket er lagt til romsenteret, er at Russland vil hjelpe Nord-Korea med å bygge satellittar:

– Det er derfor vi kom hit. Nord-Koreas leiar viser stor interesse for raketteknologi. Dei prøver å utvikle romprogrammet sitt.

Kim på si side skal ha sagt, gjennom ein omsettar, at dei to landa «saman vil kjempe imot imperialismen», ifølge Reuters:

– Eg støttar din heilage kamp mot Vesten, sa Kim.

På russisk TV uttrykte den nordkoreanske leiaren si støtte til Russland, og kalla dagens møte for eit springbrett til eit sterkare band mellom dei to landa. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Ein talsperson for Kreml skal ha presisert at tredjeland ikkje har grunn til å uroe seg over samarbeidet, ifølge Reuters.

Putin og Kim står og høyrer på ein mann snakke. Dei ser alvorlege ut. Dei er inne på eit romsenter. Fleire menn i dress står bak dei.

Putin og Kim får omvising inne på romsenteret Vostochny kosmodrom onsdag.

Foto: Sputnik/Artem Geodakyan/Pool / Reuters

Våpenutstilling i juli

Tysdag rulla pansertoget til Nord-Koreas leiar, Kim Jong-un, inn i den russiske regionen Primorskij. Regionen grensar mot Nord-Korea, og ligg heilt aust i Russland.

Dei to møttest sist i 2019. Også då i Russland, på Kim sitt første offisielle besøk til landet.

I juli i år blei Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu invitert til Nord-Korea.

Det var første gong Kim opna dørene i landet for utanlandske gjester sidan covid-pandemien.

Sjojgu blei tatt med på ei våpenutstilling, og ifølge det nordkoreanske statlege nyheitsbyrået KCNA diskuterte dei to «utviding og utvikling av det militære vennskapet, og samarbeid mellom hærane».

Etter besøket sa talsperson for USAs nasjonale tryggingsråd, John Kirby, at Sjojgu hadde prøvd å «overtyde Pyongyang om å selje artilleriammunisjon» til Russland.

Amerikanske styresmakter har tidlegare sagt at våpenforhandlingane mellom Russland og Nord-Korea «avanserer».

Nord-Koreas leder Kim Jong-un sammen med Russlands forsvarsminister Sergei Shoigu besøker en våpenutstilling i Pyongyang, Nord-Korea 26. juli 2023.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un tok med Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu på ei våpenutstilling i Pyongyang i Nord-Korea i slutten av juli.

Foto: AP

Amerikanske medium: Russland ønsker våpen

Det var venta at dei to leiarane ville diskutere moglegheiter for at Nord-Korea kan forsyne Russland med fleire våpen som kan brukast i krigen i Ukraina.

Det oppgav ikkje-namngitte kjelder til The New York Times i forkant av besøket, før andre kjelder seinare melde det same til NBC.

Ifølge amerikanske kjelder, vil Putin at Kim sender artillerigranatar og panservernrakettar til Russland. Til gjengjeld skal Nord-Korea få tilgang til avansert teknologi for satellittar og atomubåtar. Nord-Korea har nyleg hatt to mislykka satellittoppskytingar, ifølge BBC.

På veg inn til romsenteret i dag, der Putin og Kim skal ha eit lukka møte, skal dei to ha fått spørsmål om dei vil diskutere våpenforsyningar.

Putin svarte at dei kjem til å diskutere «alle spørsmål». Det rapporterer statlege russiske nyheitsbyrå, ifølge Reuters.

Kim jong-un går ut av eit grønt tog. Han har på dress, smiler og held seg i rekkverket. Bak han går ein mann i dress.

Kim Jong-un kom til Russland med eit smil tysdag. Då han steig ut av toget, var den raude løparen rulla ut, og eit orkester spelte musikk.

Foto: guvernør Krai Oleg Kozhemyako via Telegram / Reuters

Forskar og forfattar Ankit Panda har mellom anna skrive bok om Kim Jong-un og er ekspert på Stillehavsregionen i Asia og atomstrategi.

Han er klar på at Russland og Nord-Korea begge har ting som det andre landet vil ha.

– Det vil vere avgjerande om begge sider kan finne passande prisar dei er villige til å betale – mot hjelp frå den andre, sa han til BBC.

Han seier at Russland sannsynlegvis vil be Nord-Korea om konvensjonelle våpen, inkludert artillerigranatar og ammunisjon til rakettartilleri, i byte mot mat og råvarer, og vidare støtte ved internasjonale forum som FN.

Missil skotne opp frå Nord-Korea

Samtidig som at Kim er i Russland og snakkar med Putin, melder sørkoreanske- og japanske nyheitsbyrå om at Nord-Korea har skote opp kortdistanserakettar frå eit område nær hovudstaden Pyongyang. Desse skal ha falt ned i Japanhavet, melder Reuters.

Nord-Korea har gjort slike testskytingar ved fleire anledningar dei siste månadane.

AKTUELT NÅ