Den russiske forsvarsministeren Sergej Sjojgu blei tatt imot på raud laupar då han landa i Nord-Korea onsdag.
Han kom i kompani med den russiske ambassadøren til Nord-Korea, den russiske viseforsvarsministeren og viseutanriksministeren.
Russarane var i Nord-Korea for å diskutere «felles interesse».
Ifølge Nord-Korea skal den russiske delegasjonen ha kome i anledning «70-årsdag for sigeren i frigjeringskrigen». I år er det nemleg 70 år sidan Koreakrigen tok slutt ved ei våpenkvile.
«Utvikling av militært vennskap»
Den russiske delegasjonen og Nord-Korea sin leiar, Kim Jong-un, møtte i hovudstaden Pyongyang.
Ifølge det nordkoreanske statlege nyheitsbyrået KCNA diskuterte dei «utviding og utvikling av det militære vennskapet, og samarbeid mellom hærane».
Det russiske forsvarsdepartementet bekreftar at besøket var ei styrking av samarbeidet mellom landa:
– Besøket vil bidra til å styrke russisk-nordkoreanske militære band, og vil vere eit viktig stadium i utviklinga av samarbeidet mellom dei to landa, skreiv Russlands forsvarsdepartement i ei utsegn.
Nord-Korea skal på si side ha uttrykt støtte overfor Russlands «forsvar av landets suverenitet og sikkerheit», og ønsker Putin suksess med å bygge eit «mektig Russland».
Våpenutstilling
Den russiske forsvarsministeren blei tatt med på ei våpenutstilling i Pyongyang.
På utstillinga var det mellom anna ballistiske missil og dronar. Sjojgu blei vist rundt av Jong-un, som forklarte dei ulike militære køyretøya og våpena.
I tillegg til Russland, var også Kina invitert til Nord-Korea for å feire landet sin 70-årsdag.
Kim Jong-un nytta anledninga til å takke Kina for innsatsen under Koreakrigen.
Kina var den viktigaste støtta i krigen, og bidrog med store militære styrkar. Også Sovjetunionen var på Nord-Korea si side under krigen, som varte frå 1950 til 1953.
Ein delegasjon blei sendt til Nord-Korea på onsdag, på vegne av Kinas president Xi Jinping. Dei hadde med seg eit brev frå presidenten sjølv.
Også den russiske forsvarsministeren hadde med seg eit brev frå sin øverstkommanderande, president Vladimir Putin.
Russland skulda for å kjøpe ammunisjon
USA skulda Nord-Korea i fjor for å ha selt våpen til Wagner-gruppa i Russland. Dette har Nord-Korea avvist, og åtvara amerikanarane mot å «dikte opp rykte».
I mars i år skulda USA landet på nytt for å ha selt ammunisjon til Russland.
John Kirby, talsperson for Det kvite hus, sa at president Putin ønsker å sende mat til Nord-Korea, mot våpenstøtte i retur:
– Vi er framleis uroa over at Nord-Korea vil gi ytterlegare støtte til Russlands militære operasjonar mot Ukraina, og vi har ny informasjon om at Russland aktivt søker meir ammunisjon frå Nord-Korea, sa Kirby.