Hopp til innhold

Karantenenemnda krev svar frå Per Sandberg

Karantenenemnda ber Per Sandberg gjere greie for dei møta han denne veka har hatt med iranske politikarar og næringslivstoppar.

Per Sandberg besøker Lindmo

Per Sandberg har fått spørsmål frå Karantenenemnda om dei møta han har hatt i Iran denne veka.

Foto: Julia Naglestad/NRK

Per Sandberg er på reise i Iran saman med kjærasten Bahareh Letnes og er venta tilbake til Noreg i løpet av søndag.

Leiar for Karantenenemnda , Hill Marta Solberg, seier til NRK at dei har registrert i media at den tidlegare statsråden igjen er i Iran.

Fylkesmann Hill-Marta Solberg

Den tidlegare Ap-politikaren, no fylkesmann i Nordland, Hill-Marta Solberg er leiar for Karantenenemnda.

Foto: Ola Helness / NRK

– Vi har skriftleg bede han om å gjere greie for kven han har møtt og kva som har vore innhaldet i dei møta han har hatt, seier Solberg.

Seks månaders karantene

Den tidlegare fiskeriministeren fekk seks månaders karantene då han trekte seg frå ministerposten i august. Hill Marta Solberg opplyser at det er den lengste karantenen dei kan gi for ein tidlegare politikar.

Etter vedtaket i Karantenenemnda kan ikkje Per Sandberg starte konsulentverksemd før 13. februar neste år, medan han har fått ytterlegare fire månaders karantene i saker som har med rådgjeving eller bistand i saker som gjeld kvotesystemet i fiskerinæringa.

Det har i dag ikkje vore mogleg å kome i kontakt med Per Sandberg for ein kommentar. Han seier likevel til Dagbladet , som følgjer reisa hans til Iran, at han er trygg på at møta hans i Teheran ikkje er strid med vilkåra i karantene-teksten. Han har ifølgje avisa blant anna hatt møte i det iranske fiskeridepartementet.


Fiskeriminister Per Sandberg og kjæresten Bahareh Letnes snakket ut i Dagsnytt 18 etter Iran-turen.

Fiskeriminister Per Sandberg og kjærasten Bahareh Letnes snakka ut i Dagsnytt 18 etter Iran-turen.

Letnes i intervju med iransk tv: – Jeg og Per skal skrive bok

Slik fikk departementet vite om Sandbergs Iran-tur

Bad om rask avklaring

Då den profilerte Frp-politikaren Per Sandberg trekte seg frå fiskeriminister-posten bad han Karantenenemnda om ei rask avklaring om karantenen . Han varsla utvalet om selskapet han har tenkt å drive saman med sambuaren Bahareh Letnes.

Det går fram av skjemaet Sandberg fylte ut til Karantenenemnda at det er snakk om eit enkeltmannsføretak i tillegg til selskapet til sambuaren, og som seinare skal bli eit aksjeselskapet. Her går det fram at selskapet skal drive konsulentverksemd innan marknadsføring, rådgiving og publikasjonar innanfor eit breitt spekter av næring/politikk.

«Herunder særleg norsk sjømatnæring/teknologi. Sambuar driv selskap med sikte på handel, på brei basis», heiter det vidare.

Han skreiv dette om kva oppgåver han skal ha i den nye stillinga:

«Forhandlar med ulike interesser for kontraktar, prosjekt knytt til sal, marknadsføring i inn- og utland. Det gjeld også førespurnader om foredrag, særleg knytt opp mot fiskeri og havbruk».

Sandberg i Iran: Sendte 153 SMS-er og hadde 22 telefonsamtaler

Per Sandberg besøker Lindmo på fredag. Der forteller den tidligere fiskeriministeren om sitt forhold til kjæresten Bahareh Letnes.

VIDEO: Per Sandberg på Lindmo.

AKTUELT NÅ