Hopp til innhold

Kaos då Greta Thunberg kom til Madrid med tog

Det krydde av journalistar og nysgjerrige då klimaaktivisten Greta Thunberg kom til Madrid med nattoget frå Lisboa fredag morgon. Ho måtte ha politieskorte for å kome seg heilskinna ut av Atocha-stasjonen.

VIDEO: Kaotisk då Greta Thunberg kom til Madrid fredag morgon.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den svenske 16-åringen kom til Portugal for to dagar sidan etter 21 døgn om bord i ein seglbåt over Atlanterhavet frå USA til Portugal. Ho kom med nattoget frå Lisboa, og seinare fredag skal Thunberg halde tale i samband med ein større marsj for klimaet i den spanske hovudstaden.

Ho bar med seg den faste plakaten sin med teksten «Skolstrejk för Klimatet».

No høyrer det med til historia at togreisa frå Lisboa til Madrid ikkje var heilt utsleppsfri. Ifølgje den spanske storavisa El Pais så var det eit diesellokomotiv som drog vognene på den ti timar lange turen mellom dei to hovudstadene.

– Eg greidde å snike meg inn i Madrid i dag tidleg, eg trur ikkje nokon såg meg, var den ironiske kommentaren hennar på Twitter seinare på dagen.

Laster Twitter-innhold

Seinare fredag heldt ho ei pressekonferanse saman med andre unge frå «Fridays for Future»-rørsla.

– Nokon menneske ynskjer at alt skal halde fram som før og er redd for forandringar. Forandring er det vi unge kjem med, og derfor forsøker dei å stilne oss. Det er bere eit bevis på at vi har innverknad og at vår stemmer høyrast, sa Thunberg.

Skal berge Paris-avtalen

Klimatoppmøtet, som eigentleg skulle haldast i Santiago i Chile, starta i Madrid måndag denne veka. Møtet vart flytta på grunn av den tilspissa innanrikspolitiske situasjonen i Chile, med store demonstrasjonar og sosial uro.

Det er likevel varsla ein klimamarsj i Santiago fredag.

DIREKTE: Thunberg møter pressa kl. 16.20

Klimatoppmøtet COP25 i Madrid blir avslutta fredag om ei veke. Målet er å bli samd om ei vidareføring av Paris-avtalen frå 2015 om tiltak for å prøve å avgrense den globale oppvarminga til mellom 1,5 og to grader.

– Eg håpar at COP25 kjem til å føre til noko konkret og ein auke i bevisstheita til folk. Eg håpar verdsleiarar vil forstå alvoret, for det ser ikkje ut til at dei gjer det no, sa Thunberg på pressekonferansen torsdag.

Greta Thunberg blir rekna som initiativtakaren til den store internasjonale «Fridays for Future» (Fredagar for framtida)-rørsla, der fleire millionar born og unge har skulka skulen og teke til gatene for å demonstrere for klimaet.

men til trass for ein enorm oppmerksemd frå heile verda, føler ikkje den unge svenske aktivisten at dei har fått til så mykje forandring så langt.

– Vi har streika i over eitt år og ingenting har skjedd. Dette er ikkje berekraftig, unge kan ikkje skulke skulen i lang tid framover. Klimakrisa ignorerast, seier ho.

Bruker berømte malerier for å illustrere klimaendringer

Ungdomar frå heile verda på COP25 i Madrid.

Ungdomar frå heile Europa har reist til Madrid med tog. Russiske Arsjak Makitsjyan er nummer to frå venstre.

Foto: Pierre-philippe Marcou / AFP

Russisk aktivist

Blant dei mange som reist til Madrid i samband med toppmøtet er den russiske fiolinisten Arsjak Makitsjyan (25), som vart uteksaminert frå Musikkonservatoriet i Moskva i juni. Han har vore ein av leiarane for fredagsprotestane i Moskva, og han reknar med å bli fengsla når han reiser tilbake til den russiske hovudstaden, med tog sjølvsagt, seinare i månaden.

– I mange år så øvde eg på instrumentet mitt kvar dag, men eg har teke ein pause. Det kjendest feil å spele fiolin medan Titanic er i ferd med å gå ned. Dessutan er det vanskeleg å jobbe i eit stort orkester når eg ikkje vil reise med fly, seier Makitsjyan til nyheitsbyrået AFP.

Han fortel at han lenge var den einaste i Russland som deltok i fredagsprotestane, men at dette har endra seg.

– Eg er ikkje lenger åleine. Kvar fredag demonstrerer elevar og studentar for klimaet i sju eller åtte større russiske byar, seier han.

Derfor er klimatoppmøtet i Madrid viktig

Kort klipp med ein fråsegn frå Jeremy Clarkson.

Kort klipp med ei fråsegn frå Jeremy Clarkson.

Kjendis-refs

TV-kjendisen Jeremy Clarkson, tidlegare programleiar i BBC-suksessen «Top Gear» og erklært klimaskeptikar, opplevde under eit opphald i Kambodsja den ekstreme tørken der. Han sa då at kanskje klimaendringane var menneskeskapte likevel.

I eit intervju med den australske TV-kanalen Seven Networks vart han spurd om han no er ein støttespelar til Greta Thunberg, men dette avviste han blankt.

– Ho er galen og farleg. Ho skremmer born slik at dei ikkje får sove om natta. Ho burde gå tilbake til skulen og halde kjeft, var svaret frå Clarkson.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger