Kan bli open leiarkamp på landsmøtet

Leiaren i Bergen Venstre, Ane Breivik, håpar det kjem opne motkandidatar til Trine Skei Grande på landsmøtet i april. Ola Elvestuen seier til VG at han vurderer å stille.

Ola Elvestuen og Trine Skei Grande

Ola Elvestuen seier til VG at han vurderer å stille kandidat til leiarvervet i Venstre.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Etter månader med høglydt intern misnøye og krav om endring i partileiinga i Venstre, kom valkomiteen i partiet i går endeleg med sitt forslag til vårens landsmøte:

Trine Skei Grande bør halde fram som leiar i partiet.

Det reagerer leiaren i Bergen Venstre, Ane Breivik, kraftig på.

Vil ha open kamp

– Eg synest prosessen har vore uryddig og uoversiktleg, seier Breivik.

Ane Breivik, nestleiar i Unge Venstre.

Ane Breivik, leiar i Bergen Venstre, ønskjer open leiardiskusjon på landsmøtet og vil at Sveinung Rotevatn stiller mot Trine Skei Grande.

Foto: Oda Scheel / Venstre

Ho er tillitsvalt både som nyvalt leiar i Bergen Venstre og som nestleiar i Unge Venstre. Både ungdomspartiet og lokallaget i vestlandshovudstaden har heile vegen støtta Sveinung Rotevatn som ny leiar i partiet. Breivik mislikar at denne diskusjonen er blitt forsøkt parkert med innstillinga som kom i går.

– No har vi mottatt ei innstilling på attval av noverande partileiar utan motkandidatar. Det trur eg mange er skuffa over. Eg skulle ønskje at vi kunne hatt motkandidatar å ta stilling til på landsmøtet.

– Kven bør stille som motkandidat mot Grande på landsmøtet?

– Det er opp til eventuelle motkandidatar men Unge Venstre har spelt inn Sveinung Rotevatn på topp.

– Vil du oppfordre Rotevatn til å stille?

– Ja. Eg trur han fint klarer å avgjere det sjølv, men eg skulle gjerne sett at han stilte.

Rotevatn: – Ikkje på jakt etter leiarverv

Men Breiviks favoritt Sveinung Rotevatn gir ikkje inntrykk av å ville gå inn i open kamp om leiarposisjonen. I intervju med NRK fredag ettermiddag svarar han stort sett det same uansett korleis NRK spør.

Valkomiteen i Venstre foreslår at Sveinung Rotevatn blir første nestleiar i partiet. Han seier han ikkje har leiarambisjonar.

Valkomiteen i Venstre foreslår at Sveinung Rotevatn blir første nestleiar i partiet. Han seier han ikkje har leiarambisjonar.

– Eg er takksam for alle som har spelt inn mitt namn til leiinga. Overfor valkomiteen har eg peikt på Trine, som eg trur vil gjere ein god jobb. No er eg glad for at eg er innstilt som første nestleiar, og eg håpar på å bli valt som det, seier han til NRK.

– Er det uaktuelt for deg å stille som motkandidat til Grande på landsmøtet?

– Eg er ikkje på jakt etter noko leiarverv. Eg trur Trine vil gjere ein god jobb.

Elvestuen vurderer å stille

Men det er altså ikkje umogleg at det kan bli open kamp.

Noverande nestleiar Ola Elvestuen seier at han tenker på å stille som motkandidat under landsmøtet i april.

– Eg vurderer å utfordre ein meir sentral posisjon enn den valkomiteen har foreslått meg til, er formuleringa han brukar i intervju med VG. Valkomiteen foreslår at Elvestuen vert kasta som nestleiar men skal få ein plass i det det 39 personar store landsstyret.

Etter det NRK forstår er det også fleire krefter i Venstre jobbar for å finne ut om det er mogleg å utfordre valkomiteen si innstilling på landsmøtet.

Leiaren i valkomiteen, Per A. Thorbjørnsen har følgjande å seie om Elvestuen sitt utspel:

Pressetreff Venstre Gardemoen

Leiar i valkomiteen i Venstre, Per A. Thorbjørnsen.

Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

– Eg kan stadfeste at Ola Elvestuen takka ja då han fekk tilbod om denne landsstyreplassen. Vi ga ingen føringar eller føresetnader for at han måtte akseptere det.

– Kva tenkjer du om at det kan bli kampvotering på landsmøtet?

– Det stiller eg meg heilt open til. Vår liste er berre det vi trur vert utfallet. Sjølv om vi har sett saman ein leiartrio, er det fritt fram for andre å melde seg på. Vårt mandat var å innstille ein på kvar plass, seier Thorbjørnsen til NRK.

Ingen ønskje om kampvotering

Lokallaga i dei to største byane i landet har dermed formulert misnøye med at Grande skal halde fram. I går gjekk to av partitoppane i Grandes eige lokallag, Oslo, ut i Dagbladet og kravde at ho går av.

Temaet om mogleg open leiarkamp på landsmøtet var oppe då Venstre-leiar Trine Skei Grande vitja NRKs Politisk kvarter i dag.

– Håpar du at du slepp kampvotering på landsmøtet? vart ho spurt.

– Eg trur alle saman håpar at vi slepp kampvotering. Eg trur ikkje det er det Venstre treng akkurat no. No trur eg vi treng at vi faktisk samarbeider.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger