Hopp til innhold

Irans president nekta å snakka med CNN-journalist utan hijab

Irans president braut ein intervjuavtale med CNN-journalist Christiane Amanpour i New York fordi ho nekta å dekka til håret.

Manipulert bilde/bildecollage av Irans president Ebrahim Raisi og CNN-journalist og nyheitsanker Christiane Amanpour.

TAKKA NEI: Irans president Ebrahim Raisi (til venstre) nekta å bli intervjua av CNN-journalist og veteran Christiane Amanpour fordi ho nekta å dekka til håret.

Foto: FREDERICK M. BROWN] [LUDOVIC MARIN / AFP

Medan Irans president, Ebrahim Raisi, er i USA på FNs hovudforsamling i New York, kom nyheita om at minst 31 sivile er drepne i demonstrasjonar i Iran.

Protestane braut ut etter at Mahsa Amini (22) døydde i varetekt. Amini blei arrestert for å gå med hijaben på feil måte.

– I går kveld planla eg å spørja president Raisi om alt dette og mykje meir, skreiv CNN-journalist og nyheitsanker Christiane Amanpour på Twitter.

Intervjuet ville blitt presidenten sitt første på amerikansk jord, ifølge den britisk-iranske journalisten.

Les også Mahsa sin far til NRK: – Styresmaktene snakkar ikkje sant

Amini på bilde hentet fra sosiale medier.

– Me er i New York

Amanpour skriv at intervjuet var planlagt i vekevis. 40 minutt etter at intervjuet skulle starta, kom president Raisi sin assistent og bad Amanpour om å dekka til håret.

– Eg takka høfleg nei. Me er i New York, skriv Amanpour.

Ho seier ho poengterte at ingen andre iranske presidentar hadde spurt ho om dette.

Assistenten til Raisi sa ifølge Amanpour at intervjuet ikkje ville skje dersom ho ikkje dekka til håret, og sa at det var eit spørsmål om respekt.

Igjen sa Amanpour nei.

– Og så gjekk me vekk. Intervjuet skjedde ikkje, skriv ho i Twitter-tråden.

Oversett frå engelsk: Og så gjekk me vekk. Intervjuet skjedde ikkje. Medan protestar held fram i Iran og folk blir drepne, ville det vore eit viktig augneblikk å snakka med President Raisi. 7/7.

Amanpour skriv: «Og så gjekk me vekk. Intervjuet skjedde ikkje. Medan protestar held fram i Iran og folk blir drepne, ville det vore eit viktig augneblikk å snakka med President Raisi».

Foto: Skjermdump / Twitter

Får støtte

Fleire har rosa Amanpour for å nekta å følga førespurnaden til presidenten.

– Bra for @amanpour. Dagane der iranske tenestemenn krev at kvinnelege reporterar og tenestemenn går med hijab for å få intervju og møter burde vera over. Tvungen hijab reflekterer ein forelda og intolerant ideologi, ikkje ein kultur, tvitra iransk-amerikansk politikk-analytikar Karim Sadjadpour.

New York og FN-korrespondent for BBC, Bahman Kalbasi, støtta Amanpour på Twitter og skreiv at det verkar som den iranske presidenten trur han kan innføra hijab i New York også.

Les også – De brenner symbolet på den iranske republikken

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger