Hopp til innhold

Mahsa sin far til NRK: – Styresmaktene snakkar ikkje sant

Dødsfallet til ei ung kurdisk kvinne har ført til store demonstrasjonar i Iran. Far hennar seier styresmaktene «lyg» når dei seier ho døydde av naturlege årsaker.

Amini på bilde hentet fra sosiale medier.

Amini på ferie med familien i nord-Iran.

Foto: IRANWIRE / Reuters

Over 3600 kilometer skil oss i luftlinje.

Frå heimen sin i Saqqez, ein kurdisk by vest i Iran, fortel Amjad Amini på telefonen til NRK om korleis dotter hans, Mahsa Amini, døydde.

Han vil ikkje visast på video eller bilete, for å verne om seg sjølv og familien.

– Då dei gjekk ut av t-banestasjonen, blei dei stoppa av moralpolitiet som tok henne med inn i bilen sin.

På gravsteinen til Amini står det: «Kjære Jina, du vil aldri vere død. Du har blitt eit symbol.»

– Ho sa til dei: «Eg er ikkje kjent i byen, ver så snill å ikkje ta meg inn.» Men dei høyrde ikkje på henne og dytta henne. Deretter veit eg ikkje kva som skjedde vidare.

Amjad seier at han utan tvil kjem til å politimelde saka, og at hans største ønske er å få vite kven som er ansvarlege, og at dei innrømmer at dei har gjort noko feil.

– Dei har drepe eit ungt menneske. Livet til ein 22-åring har teke slutt. Alt har blitt øydelagt for oss.

Når dei snakkar om 22-åringen dei har mista, brukar familien det kurdiske namnet hennar: Jina.

Amini kort tid før ho blei pågripen.

Amini blei teke bilete av på t-bana kort tid før ho blei arrestert.

Seier dottera var heilt frisk

22-åringen var på besøk hos familien sin i Teheran for første gong, og var med broren sin då ho blei pågripen av moralpolitiet, skriv fleire nyheitsbyrå.

Årsaka skal ha vore at ho hadde på seg hijaben «feil», ifølgje både styresmakter og statlege medium.

Problemet var at ho viste for mykje av håret sitt, melder fleire internasjonale medium, då Iran har strenge reglar for korleis plagget skal brukast.

Augnevitne fortel at Amini skreik og blei slått før ho blei tvungen inn i ein politibil. Ein video frå politistasjonen viser at ho segner om. Deretter stoppar opptaket.

KOMA: Jina Amini på sykehuset i Tehran før hun døde.

Amini på sjukehuset i Teheran.

Amini døydde på eit sjukehus i hovudstaden etter eit slag og fleire hjarteinfarkt, tre dagar etter at ho blei stoppa på gata, skriv Al Jazeera.

Då Amjad kom til sjukehuset nekta legane han å sjå dotter si, seier han til NRK.

Politiet i Iran har tidlegare hevda at dødsårsaka var hjarteproblem, men har sidan sagt at ho hadde segna om fleire gongar på jobb.

– Nei, dette er på ingen måte sant, seier Amjad.

– Kanskje har ho vore litt forkjølt, men ho hadde ingen sjukdommar. Den dagen ho blei lagt inn på sjukehuset såg eg blåmerke på beina hennar, og at begge beina hadde blitt svarte.

– Eg kravde at rettsmedisinske folk skulle sjå på det, men eg blei ikkje høyrt.

Melder om 31 drepne sivile

Fleire iranske kvinner har rive av seg dei påbodne hovudsjala sine i protest. Videoar på sosiale medium viser andre som brenn opp hijaben sin eller klipper av seg håret.

Demonstrant i Iran

Bilete frå demonstrasjonane har sirkulert på sosiale medium.

Sjef for organisasjonen Iran Human Rights i Oslo, Mahmood Amiry-Mohgaddam, seier organisasjonen har fått inn rapportar om 30 dødsfall torsdag i samband med protestane.

IHR melder at det reelle talet sannsynlegvis er mykje høgare.

– Vi har med å gjere eit regime som har gjort dette i mange, mange år. Det er ikkje uvanleg at anten folk blir drepne i fangenskap eller under andre omstende, og at styresmaktene rapporterer det som anten sjølvmord eller sjukdom.

IHR meiner utifrå bevisa dei har sett at Amini blei offer for vald fordi styresmaktene sa ho ikkje hadde dekt seg til, og har bede om ei internasjonal gransking av dødsfallet.

Amiry-Mohgaddam seier likevel at han ikkje har sett så mykje sinne i landet før, trass i 15 år med protestar mot brot på menneskerettane i Iran.

– Eg trur at det som skjedde med Mahsa er den siste dropen som har fått begeret til å renne over, seier Amiry-Mohgaddam.

– Måten dei reagerer på, måten dei står imot væpna styrkar på, det har eg aldri sett før. På ei side er heilt vanlege menneske som krev å få moglegheita til å leve eit normalt liv, og på den andre er det væpna politi som skyt på dei.

Nektar for at Mahsa blei slått

Den iranske ambassaden i Oslo har sendt eit svar til NRK på skuldingane.

– Presidenten for den islamske republikk Iran uttrykte sin sympati for familien i ein telefonsamtale med Mahsa Aminis far, skriv dei i ein e-post.

UN General Assembly Iran

Den iranske presidenten Seyyed Ebrahim Raisi talte til FN si generalforsamling onsdag.

Foto: Mary Altaffer / AP

– Ifølge videoopptaka som politiet har teke og dei primære dokumenta til rettsmedisinarane, som også har blitt delt med Mahsa Amini sin familie, blei ho ikkje banka på noko vis.

Amjad seier at dei fekk sjå ein overvakingsvideo frå politistasjonen.

– De har vist oss berre et utvald klipp av overvåkningsbildene, men ikkje alt. Eg kravde at de skulle vise oss video frå utanfor politistasjonen og inne i bilen.

– De sa berre at batteriene på kameraene var døde, og vi har ikkje opptak av det som har skjedd der.

Talspersonen for ambassaden skriv vidare at «visse kretsar og grupper prøvar å misbruke dette uheldige, menneskelege tilfellet til trongsynte politiske formål».

Ein demonstrasjon i den iranske hovudstaden onsdag.

Ein demonstrasjon i den iranske hovudstaden onsdag.

Foto: - / AFP

Dødsfalla som er meldt av iranske statlege medium er vesentleg lågare enn IHR sine tal.

Dei melder torsdag ettermiddag at 17 personar har døydd i samband med demonstrasjonane, og at tre politifolk også har blitt drepne.

Reuters skriv at fleire politistasjonar og bilar har blitt sett fyr på i hovudstaden Teheran så vel som fleire andre byar.

Les også Anonymous hevdar å ha stengt ned statlege medium i Iran

«Kan føre til stor endring»

Mahmood Amiry-Mohgaddam trur at protestane dødsfallet har ført til kan føre til «ei stor endring» i Iran, blant anna på grunn av aukande motstand til det noverande regimet.

– Dei har ikkje folket si støtte, så dersom folk mister frykta si og står imot regimet, så kan protestane gå så langt som det går an, det vil seie at heile regimet fell.

-

Leiaren for Iran Human Rights trur det reelle talet på døde i Iran er høgare enn det som er meldt.

Foto: PETTER BERNTSEN / AFP

– Men det vi sjølvsagt er redde for, basert på den kjennskapen vi har, er at dei vil gå veldig langt for å halde på makta.

Huitfelt reagerer

Utanriksminister Anniken Huitfeldt fortel til NRK at ho tok opp Mahsa Aminis dødsfall då ho møtte Iran sin utanriksminister i New York torsdag.

– Eg var tydeleg på at dødsfallet er noko mange av oss reagerer sterkt på. Det er viktig at hendinga blir etterforska. Dei som står bak må stillast til ansvar, seier Huitfeldt.

Ho vil følgje opp problemstillinga i møter med Iran og FN.

– Det er svært urovekkjande at fleire skal ha mista livet i samband med iranske tryggingsstyrkar sine reaksjonar på demonstrasjonane etter dødsfallet. Protestane gir eit kraftig signal til Irans styresmakter om at hijab-påbodet og dagens handheving av det er noko mange iranarar opplever og reagerer på som eit overgrep mot fridommen til individet, seier Huitfeldt.

Les også Irans president nekta å snakka med CNN-journalist utan hijab

Manipulert bilde/bildecollage av Irans president Ebrahim Raisi og CNN-journalist og nyheitsanker Christiane Amanpour.

AKTUELT NÅ