Hopp til innhold

Intensivsjukepleiaren fekk ikkje vaksine fordi ho er vikar: No er ho koronasmitta

Medan intensivsjukepleiarar som er fast tilsett blir prioriterte for koronavaksine, opplever dei som jobbar i bemanningsbyrå at dei ikkje blir det, sjølv om dei jobbar skulder ved skulder, tett på koronapasientar.

Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir

ISOLASJON: Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir fortel at ho blei smitta på sjukehuset på Bærum.

Foto: Privat

Adalheidur Audbjargardottir er i isolasjon. Ho fortel at ho blei koronasmitta på jobb på intensivavdelinga på sjukehuset i Bærum.

– Vi jobbar i frontlina. Det er så viktig at vi er friske. Behovet er så enormt at intensivsjukepleiarar blir flydd inn frå andre land i Norden, seier Audbjargardottir, som har arbeidd som intensivsjukepleiar i 17 år.

Ho er tilsett i Dedicare, eit bemanningsbyrå som leiger ut helsepersonell til helseføretaka. 40 av 50 intensivsjukepleiarar i Dedicare har per no ikkje fått vaksine.

– Eg forstår ikkje kvifor, og eg forstår heller ikkje kvifor vi ikkje får eit skikkeleg svar på kvifor vi ikkje får vaksine, seier Audbjargardottir.

– Følar meg som ei smittebombe

Gudrun Aune Hagen jobbar også i Dedicare og har dei siste to vekene vore stasjonert på sjukehuset i Sandnessjøen.

Gudrun Aune Hagen

Gudrun Aune Hagen er intensivsjukepleiar i Dedicare og fortel at ho reiser rundt på ulike sjukehus etter behov.

Foto: Privat

Ho har heller ikkje fått vaksine.

– Eg følar meg som ei smittebombe som reiser rundt i Noreg og skal jobbe tett på covid-pasientar. Risikovurderinga er ikkje god, seier Hagen.

Ho fortel at ho har vore innom sjukehus der kontorpersonale og administrative tilsette har fått vaksine, men ikkje ho, sjølv om ho jobbar tett på dei sjukaste koronapasientane.

Både Hagen og Audbjargardottir har teke problemstillinga opp med både avdelingsleiarar og bemanningsbyrået dei jobbar i. NRK har sett fleire e-post-korrespondansar.

– Vi hamnar mellom alle stolar, og ingen vil ta ansvar for oss. Eg føler at vi ikkje kjem fram med noko som helst, seier Audbjargardottir.

FHI viser til sjukehusa

Dedicare og andre bemanningsbyrå NRK har vore i kontakt med har teke dette opp med helsestyresmaktene. Dei rår ikkje over vaksinar sjølve. Folkehelseinstituttet (FHI) opplyser til NRK at det er sjukehusa som skal sørge for å prioritere og eventuelt vaksinere disse sjukepleiarane.

– Du må vende deg til sjukehusa for intervju om dette, seier overlege Preben Aavitsland i FHI.

Helse Sør-Øst, det største regionale helseføretaket i landet, opplyser at alle skal behandlast likt:

Helsepersonell som leies inn (...) skal få vaksine i helseforetaket der de er innleid. Prinsippet er at helsepersonell i like funksjoner skal prioriteres likt.

Jan Frich, viseadministrerande direktør i Helse Sør-Øst

Helseføretak: – Utfordrande

Fagdirektør Ulrich Spreng i Vestre Viken HF, som er eitt av elleve helseføretak under Helse Sør-Øst, stadfestar at dei har prioritert faste tilsette som har stillingsprosent på 50 prosent eller meir.

Han fortel at det er utfordrande for helseføretaket å vaksinere dei som kjem frå bemanningsbyråa.

– Det går ofte kort tid frå behovet oppstår og til vi mottar tilbodet frå vikarbyrået. Vi veit ikkje alltid kva vikar som kjem til slutt, seier Spreng i ein e-post til NRK.

Adalheidur Audbjargardottir har arbeidd på sjukehuset i Bærum, som er ein del av Vestre Viken HF, i fleire periodar, først gjennom Power Care, og deretter gjennom Dedicare.

– Vi ser at vi burde ha gitt denne vikaren tilbod om vaksine, seier Spreng.

Han opplyser at dei framover tek sikte på at også vikarar som regelmessig jobbar hos dei, får tilbod om vaksine.

Nyleg skal fleire av dei 40 intensivsjukepleiarane i Dedicare som ikkje har fått vaksine, ha fått tilbod om det.

NRK har vore i kontakt med Helgelandssykehuset, der Gudrun Aune Hagen for tida er stasjonert. Medisinsk direktør Fred Mürer seier at utfordringa med å vaksinere vikarar i korttidsengasjement er at vaksinen blir sett i to runder.

– Vi veit ikkje alltid om, eventuelt når, dei kjem til oss neste gong. Då er det utfordringar knytt til å planlegge korrekt fullvaksinering. Vi vil derimot sjå på kva som kan gjerast for å betre vaksinasjonsstatus for vikarane, seier han.

Forbundsleiar: – Dette er eit problem

Leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, fortel at det ikkje berre er medlemmer som har teke kontakt med dei, men også leiarar som jobbar i ulike helseføretak.

– Dei har lurt på kva dei skal gjere med vikarar som jobbar hos dei, og som har reist mellom fleire ulike institusjonar og regionar. Dei blir ikkje prioriterte av helseføretaka, seier Larsen.

Forbundet har ikkje tal på kor mange dette gjeld.

– Men vi har fått mange nok førespurnader til at vi har teke dette opp med FHI og dei regionale helseføretaka. Vikarar i intensivavdelingar må prioriterast for vaksine, seier Larsen til NRK.

– Ein ting er klart; dette er eit problem, seier ho.

Dette skal også gjelde andre helsepersonell i bemanningsbyrå. NRK får opplyst at det er ulik praksis rundt om i landet, og at enkelte helseføretak er flinke til å også prioritere dei som jobbar i bemanningsbyrå, spesielt personell som intensivsjukepleiarar. Dei jobbar tett på koronapasientar, men også andre kritisk sjuke som er i risikogruppa, og difor ikkje bør bli smitta.

– Stort behov for at eg er frisk

Intensivsjukepleiar Adalheidur Audbjargardottir håpar ho snart blir frisk.

– Heldigvis har eg berre lette symptom. Eg er trøytt og sliten, og ligg mykje i senga, men eg kjenner meg forbaska bra, i alle fall samanlikna med andre mange andre som blir smitta, seier ho.

Audbjargardottir legg til:

– Eg elskar jobben min. Eg føler eg gjer ein veldig god jobb, og det er eit stort behov for at eg er frisk og kan vere tilgjengeleg for sjukehusa.

AKTUELT NÅ