Hopp til innhold

– Bortkasta pengar

Kvart år brukar staten fleire millionar kroner på å informere innbyggerne. Det har veldig lite for seg, seier forbruksforskar.

Informasjonskampanje frå NAV

Studien frå NOVA føyer seg inn i ei rekke studiar som ikkje kan vise effekt av infokampanjar.

Foto: Faksimile NAV

Vi verken lærer noko eller endrar handlingar, viser forskning frå NOVA.

– Det er i beste fall tvilsomt å tru at menneske kan ta til seg kunnskap ved å lese eit informasjonsmateriell. Vi skal i alle fall ikkje forvente det, seier Niklas Jakobsson, forskar ved NOVA. Dei har studert om mottakarane av ein opplysningskampanje frå NAV om pensjon hugsar kva dei blei fortalt, eller om kampanjane er bortkasta.

Niklas Jakobsson, NOVA

Dei pengane staten brukar på slike kampanjar bør kunne brukast på ein meir fornuftig måte, seier Jakobsson.

Foto: NOVA

Han er overraska over at dei som fekk og leste kampanjen ikkje ein gong fekk eit grunnlag for å lære meir seinare.

– Vi trudde at når folk leste materiellet så ville dei lære litt, og så kunne dei lære meir på lengre sikt. Men resultata våre viser at dei les stoffet og lærer noko, men etter fire månader så har dei gløymt alt.

Ikkje berre pensjon

Pensjon er eit komplisert tema, men dei enklare kampanjane, til dømes om grønsaker og bilbelte, er like bortkasta, meiner forbruksforskar Runar Døving.

– Generelt så er det konsesus om at ein informasjonskampanje har veldig lite for seg. Først og fremst så er det ein subsidiering av reklamebransjen.

Runar Døving

Kampanjar gir óg eit inntrykk av at den etaten som lagar kampanjen gjer noko, og det kan byggje samhald blant dei som jobbar der, seier Døving.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Virker ikkje aleine

Ein kampanje må treffe akkurat i det ein skal fatte ei avgjerd for å bety noko, meiner Døving.

– Når det er ein kampanje om fem om dagen i butikken, og samtidig lågare pris, så vil det skape effektar.

Eit anna alternativ er å forby det ein meiner er skadeleg.

– Det var ikkje informasjonskampanjar som fekk folk til å slutte å røyke, det var røykeloven.

Guro Ranes

Våre kampanjar er ikkje bortkasta, for det er fleire no enn før som brukar bilbelte, seier leiar for trafikksikkerheit i Statens Vegvesen, Guro Ranes.

Foto: Knut Opeide

I Statens vegvesen ser dei óg at infokampanjar i seg sjølv har liten effekt, derfor er dei alltid kobla mot kontrollar, som kan resultere i straffereaksjonar.

Telefonhjelp heller enn brosjyrer

Forskarane frå NOVA meiner at pengane som det offentlege brukar på slike kampnajar, burde ha blitt brukt på noko meir fornuftig.

Runar Døving at pengane kunne ha vore brukt betre på å vere meir tilgjengeleg for å svare på spørsmål på telefon, fordi mange er meir oppteken av korleis akkurat deira pensjon vil sjå ut i framtida enn detaljane i pensjonsreformen.

Statens vegvesen brukar over 20 millionar kroner på ulike kampanjar i år.

– Eit liv, statistisk sett, er verd 35 millionar kroner. Så lenge vi kan redde eit liv på vegane i år, så er dette verd kvar krone, seier Guro Ranes.

AKTUELT NÅ