Hopp til innhold

I dag vil ho verken svare ja eller nei

STORTINGET (NRK): Først blei Siv Jensen grilla i spørjetimen i Stortinget. Etterpå var det journalistane sin tur - men Frp-leiaren gir ikkje eit klart svar på om ho er villig til å bryte menneskrettane i Krekar-saka eller ikkje.

I denne videoen får du svaret. I dag vil Siv Jensen verken seie ja eller nei på direkte spørsmål, men ho slår fast at regjeringa forheld seg til grunnlova og lova om menneskerettane.

VIDEO: Her blir Siv Jensen grilla på pressekonferansen som vart arrangert like etter spørjetimen i Stortinget.

Finansminister og leiar i Framstegspartiet, Siv Jensen, måtte i dag stå skulerett i spørjetimen i Stortinget. Men det måtte ho også etterpå, på ein pressekonferanse som ho kalte inn til å all hast.

Den betente Krekar-saka har skapt mykje bry for regjeringspartiet - som eigentleg vil ha den kjende mullaen ut av landet.

– Vil du bryte menneskerettane?

– Framstegspartiet har til og med programfesta betydinga av å ha grunnleggjande menneskerettar, svarar Jensen.

Vil ikkje svare ja eller nei

Stortinget hadde kalt statsråd Jensen inn på teppet for å svare for seg, og under spørjetimen sa ho at regjeringa ikkje er villeg til å bryte menneskrettane. Sjølv har ho sagt dette minst to gonger på direkte spørsmål frå journalistar.

– Som finansminister kan eg slå fast at regjeringa legg grunnlova og menneskerettane til grunn, sa Jensen i spørjetimen.

Så seint som 16. januar i år sa Jensen til TV 2 at ho er villeg til å bryte menneskrettane i Krekar-saka. Det same sa ho til Dagsrevyen i 2009. Ho ville derimot ikkje svare klart på dette i dag:

– Så difor blir svaret ditt nei når nokon spør deg om du vil bryte menneskerettane?

– Men... Det er ikkje det denne debatten handlar om...

– Jo, det er faktisk det. Det er faktisk det du fekk spørsmål om i Stortinget, og det er det du har sagt til journalistane. Du har sagt at du er villig til å bryte menneskerettane - men i dag seier du nei, Frp står altså på menneskerettane?

– Denne debatten handlar om kva handlingsrom nasjonale styresmakter kan skaffe seg for å trygge borgarane sin sikkerheit. Det er eg oppteken av like mykje no som eg har vore heile tida. Det må gjerast innafor gjeldane lovar, og innafor menneskerettane. Men vi må samstundes finne ut kva handlingsrom vi har for å få det til.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Det var i dette intervjuet med Dagsrevyen i 2009 Frp-leiar Siv Jensen sa at ho var villig til å bryte menneskerettane.

– Dermed debatterer vi utan at du er villig til å bryte menneskerettane?

– Det vi har sagt heile tida...

– Du sa jo det. Du kan jo bare sjå på tv-opptaka.

– Det vi har sagt heile tida er: Korleis kan vi utfordre desse rammene? Korleis kan vi finne eit tilstrekkeleg handlingsrom?

– Ja, du sa det også - men du har også sagt at du er villig til å bryte menneskerettane, og i dag seier du at du ikkje er villig til å bryte menneskerettane?

– Nei, eg seier det same no som eg har sagt heile tida. Framstegspartiet sitt engasjement i denne saka ligg fast. Vi skal effektuere utvisningsvedtaket så raskt tilhøva ligg til rette for det. Medan vi ventar på det, må vi utnytte handlingrommet vi har for å trygge interessa for norske borgarar.

– Angrar du på noko av det du har sagt?

– Nei!

Har Krekar-saka blitt eit personleg nederlag for deg?

– Nei, tvert imot.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siv Jensen i Stortinget

PRESSA: Siv Jensen var under stort press i Stortinget i dag.

Foto: Simon Solheim / NRK (mobilfoto)

Tajik: – Dette uroar meg

Stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) er ikkje nøgd med det ho høyrer frå statsråden i denne saka.

– Det verkar som at Siv Jensen prøvar å dobbeltkommunisere seg ut av dette. Ho er tydeleg i rolla som finansminister og regjeringsmedlem, men i rolla som partileiar tek ho atterhald om retten til å meine andre ting.

– Man kan ho ha to hattar på seg?

– I ei sak som handlar om heilt grunnleggjande spørsmål, om kva vi står for som land, då kan ein faktisk ikkje ha på seg to ulike hattar.

– Gav statsråden eit klart og tydeleg svar på kva ho eigentleg meinar?

– Nei! Ho gav eit klart og tydeleg svar på kva regjeringa står for, og det er eg glad for, men svarar ikkje klart på kva ho meiner som partileiar. Det uroar meg.

Siv Jensen svarer i spørretimen i Stortinget

VIDEO: Her svarar Siv Jensen på spørsmål i Stortinget 28. januar 2015.

AKTUELT NÅ