Hopp til innhold

Oppdrettar klaga inn etter at sju kvalpar frå ulike kull fekk same liding

Sju familiar har klaga inn ein oppdrettar for det dei meiner er dårleg hundeavl etter at fleire kvalpar fekk sjeldan tilstand. Oppdrettaren meiner dei ikkje kunne gjort noko annleis.

Marvin er en australsk cobberdog som fikk lidelsen short ulna syndrom

HALTA: Då den australske cobberdogen Marvin starta å halte, vart det avdekt at han hadde lidinga Short ulna-syndrom.

Foto: Privat

Dei sju hundane har fleire ting felles:

  • Alle er blandinghundar av typen australsk cobberdog
  • Alle kjem frå same kennel
  • Alle er fødde under koronapandemien
  • Alle har fått same diagnose, men i ulik grad
  • Alle har eigarar som meiner lidinga kjem av dårleg hundeavl

– Vi er sju familiar som står saman om ei bekymringsmelding til Mattilsynet fordi vi meiner dette handlar om kvalifikasjonane oppdrettar har til å drive ansvarleg og etisk hundeoppdrett, seier Cathrine Berget, som er talsperson for familiane.

Dei viser til paragraf 25. i dyrevelferdslova, som handlar om avl.

Sjeldan liding

Berget er matmor til den eitt år gamle australske cobberdogen Sam, som til liks med seks andre hundar frå same oppdrettar, har fått ei sjeldan liding som heiter Short ulna-syndrom.

Det vil seie at forbeina til hunden ikkje utviklar seg normalt medan hunden veks. Det kan føre til feil i beinstilling, halting og smerte. Prognosane for operasjon er best før hunden er fullvaksen.

Alle hundane kjem frå Kennel Cunard, som driv oppdrett av australsk cobberdog. Det er ein blandingshund, som ikkje er ein godkjent rase av Norsk kennelklubb eller den internasjonale kennelklubben FCI.

– Vi meiner det handlar om dårleg hundeavl når fleire hundar frå ulike kull har fått same liding, seier familiane til NRK.

Ein av desse sju kvalpane vart avliva 4 månader gammal på grunn av alvorsgrada av lidinga og tilleggsdiagnosar.

I bekymringsmeldinga reagerer dei mellom anna på det dei meiner er bagatellisering av diagnosen, ansvarsfråskriving og manglande respons på spørsmål frå eigarane.

australsk cobberdog valp Storm

Storm vart fødd 21.11.21 og er kullsøsken til Nure og Lurve. Han var ein roleg kvalp, ville ikkje leika og la seg ned ved alle høve. Storm fekk diagnosen Short ulna. Operasjon vart fråråda og Storm vart avliva fire månader gammal.

Foto: Privat
Nure ble operert to ganger, gang nummer to kun på ett bein da første operasjon ikke gav godt nok resultat.

Nure vart født 21.11.21 og er kullsøsken til Storm og Lurve. Han er operert to gonger. Gong nummer to berre på eitt bein då første operasjon ikkje gav godt nok resultat.

Foto: Privat
Lurve måtte bli bæres etter operasjon

Lurve er fødd 21.11.22 og er kullsøsken til Storm og Nure, alle har stamfar frå Drøbak hundehotell. Lurve vart operert for OCD (sjukdom i leddbrusk) og får seinare også diagnosen Short ulna.

Foto: Helene Brørby
Hunden Sam sitter på et fjellberg med bandasjerte forlabber og potesokker etter å ha blitt operert for short ulna-syndrom. Hunden er australsk cobberdog

Sam vart fødd 9.11.21 og er kullsøsken til Ludde og Marvin. Han blir operert for Short ulna i begge bein. No handlar det om å bremsa slitasje på olbogeledd og brusk. Prognosane er usikre.

Foto: Privat
australsk cobberdog Marvin som ble operert for short ulna

Marvin er fødd 9.11.21 og er kullsøsken til Sam og Ludde. Han får også diagnosen Short ulna og blir operert to gonger, i april og juni 2022

Foto: Privat
Ludde australsk cobberdog

Ludde er fødd 9.11.21 og er kullsøsken til Sam og Marvin. Etter fleire konsultasjonar hos veterinærar og spesialistar fekk Ludde konstatert Short ulna-syndrom september 2022. Ludde er ikkje operert.

Foto: Privat
australsk cobberdog Pepsi

Pepsi er fødd 6.11.20. Har felles forfedrar med Sam, Ludde, Marvin, Lurve, Nure og Storm. Pepsi vart operert i begge bein då han var 7 månader, men pga. feilstillinga i beina er han svært utsett for slitasje og smerter i ledd og forkorta levetid.

Foto: Privat
Cobberdog Sam og Lurve

Totalt er det snakk om 7 hundar fordelte på 3 kull i perioden 2020–2021. Ein kvalp vart avliva på grunn av alvorsgrada av Short ulna og av tilleggsdiagnosar, fire er opererte, to er ikkje opererte.

Foto: Aud Darrud / NRK
australsk cobberdog Sam

Ifølgje Kennel Cunard er det rundt 10.000 australske cobberdog i Noreg i dag.

Foto: Aud Darrud / NRK
australsk cobberdog Nure har lidelsen short ulna syndrom, som kan føre til at hundens ben vokser feil.

Hunden ber ca. 60 prosent av vekta si på forbeina. Halthet i forbein og særleg i desse ledda vil vera alvorleg for ein hund, og det blir meir alvorleg jo større dyret er.

Foto: Marius Christensen / NRK

Kopla ikkje diagnose til genetikk

I ein e-post til NRK skriv Kennel Cunard at dei er lei seg for hundane er blitt sjuke, og at dette er ei vond oppleving for dei som oppdrettar.

– Short ulna er ein sjeldan diagnose, og det er hunderasar med korte bein som er disponerte for han, og difor ikkje cobberdogen. I tillegg kan sjukdommen vere både arveleg og miljødisponert, skriv Sissel Frenningsmoen, som eig kennelen.

Ho skriv at dei hadde hatt tre eller fire tilfelle av tilstanden, før dei to kulla dei fekk i 2021.

Kennelen skriv at då dei fekk melding om at ein kvalp frå 2020-kullet hadde fått lidinga, tenkte dei ikkje på at det kunne vere genetisk og gjelde fleire kvalpar.

Storm ble avlivet da han var rundt fire måneder gammel, på grunn av store leddplager.

Men då oppdrettaren seinare fekk melding om andre tilfelle i eitt av 2021-kulla, skjønte dei at dette kunne vere genetisk.

– Då tok vi kontakt med alle på kullet, og bad dei vere merksame på symptom, og at det kunne vere lurt å ta røntgenbilete for å vere sikre.

Fleire hundar med leddplager

Då alle var heime under koronapandemien i 2020 og 2021 skaut talet på hundeeigarar i vêret.

Elena Moldal er førsteamanuensis i kirurgi ved NMBU veterinærhøgskulen med doktorgrad i kirurgi, og er i tillegg europeisk spesialist i kirurgi på hund og katt.

Elena Regine Moldal, Førsteamanuensis i kirurgi ved NMBU veterinærhøgskolen med doktorgrad i kirurgi og er i tillegg europeisk spesialist i kirurgi på hund og katt.

– Fleire av desse hundane med Short ulna endar opp med livsvarig medisinsk behandling med smertestillande og betennelsesdempande medisinar, seier Elena Regine Moldal, førsteamanuensis i kirurgi ved NMBU.

Foto: Håkon Sparre / NMBU

Ho har ikkje behandla desse hundane, men synest dei generelt ser fleire hundar med skjelett- og leddplager etter pandemien.

Eg synest vi erfarer at vi ser fleire problem som kan komme av genetikk, spesielt etter koronapandemien. Det kan verke som det vart avla ganske ukritisk blant nokon, for vi ser mykje problem med skjelett og ledd, som kan komme av genetisk opphav, seier Elena Moldal.

Samtidig påpeikar ho at det er vanskeleg å vite kva gen som gir kva utslag hos hunden.

Merka auka etterspurnad

Kennel Cunard seier etterspurnaden etter australsk cobberdog er stor, og at han mangedobla seg under pandemien.

Men dei avviser at dei fall for freistinga å produsere fleire kull enn det som var planlagt for å møte etterspurnaden.

– Talet på kull vi har hatt var uansett fastsett i planlegginga vår før pandemien starta, skriv Frenningsmoen.

Ho skriv at ein avlshund hos dei normalt har tre kull, men at nokon har færre.

Ho synest det er leitt at dei har vorte klaga inn til Mattilsynet, men at tilsynet er velkomne til å saumfare rutinane deira.

Viktig å komme seg tidleg til veterinær

Short ulna-syndrom kan vere årsaka til at hunden haltar, går stabba, blir hjulbeint i olbogeleddet og kalvbeint i handleddet.

Det er ikkje forska mykje på smerter som følgje av Short ulna-syndrom, men heilt subjektivt og personleg vurderer eg denne tilstanden som ganske smertefull for hunden, seier Moldal.

Røntgenbilde av forbeina til hunden Storm, som viser at de er krumme og at beine har vokst skjevt.

Røntgenbilde av forbeina til hunden Storm som vart avliva.

Foto: Privat/Anicura Dyreklinikk

Ho påpeikar at det veldig viktig å komme tidleg til veterinær, då prognosane for operasjon er best før hunden er ferdig vakse.

Blir det oppdaga tidleg, så kan nokon bli heilt bra, eller tilnærma heilt bra. Ein del vil slite med dette resten av livet, seier ho.

Short ulna-syndrom er ei utviklingsliding, som kan komme av genetisk disposisjon, men det kan også oppstå som følgje av ein skade/traume.

Eg kjenner ikkje til desse aktuelle cobberdogene, og det er vanskeleg å seie heilt sikkert, men ut frå kva eg høyrer som veterinær ville eg ha sagt at her ligg det føre heilt klare indikasjonar på at det er noko i genmaterialet, at det er arveleg, seier Moldal.

australsk cobberdog-møte

Lurve og Sam vil mykje heller at Helene Brørby skal leike enn å snakke med NRK

Foto: Aud Darrud / NRK

Trudde dei var åleine

NRK møter seks av hundane, og eigarane deira, ein kald vinterdag på Ekeberg.

Alle hundane protesterer høglydt då dei må vente i bilane, medan eigarane skal snakke med oss. Det blir mykje lydar.

Det endar med at hundane får komme ut. Hundebanda går på kryss og tvers når alle skal helse på alle, og hundane verkar lykkelege over å treffe kvarandre.

Alle dei sju eigarane trudde lenge at dei var åleine om å ha ein kvalp som ikkje var bra, men oppdaga ved slump at dei har felles historier.

Kvalpane kjem frå tre ulike kull. Eigarane seier at det første kullet aldri vart varsla om at det var påvist Short ulna i kullet. Det andre kullet vart varsla då ein veterinær stadfesta diagnosen på ein kvalp, medan det tredje kullet vart varsla etter nokre månader.

Dei er opprørte over at oppdrettaren ikkje varsla dei raskare og betre då det vart oppdaga Short ulna-syndrom i kulla.

– Det er provoserande, seier dei samla.

Kvalpeeigarane meiner dette kan ha ført til at lidinga ikkje vart oppdaga tidleg nok for fleire av hundane, og høve til å kunne bli operert.

Alle disse hundene har fått diagnosen Short ulna-syndrom.

Alle desse hundane har fått diagnosen Short ulna-syndrom.

Kunne ikkje føresjå

Kennel Cunard skriv at dei no i ettertid ser at tilfella dei har opplevd i desse kulla kan komma av genetikk.

– Vi skulle jo ønska at vi kunne skrudd tida tilbake og informert tidlegare, skriv dei i e-posten til NRK.

Men dei meiner dei var raske på labben i det eine kullet, då dei fekk bekrefta at fleire kvalpar hadde fått påvist lidinga, og at det kunne vere genetisk.

– Frå vi vart varsla, gjekk det åtte timar før vi informerte alle eigarar om at dei burde sjekke kvalpane sine, skriv dei.

Kennelen skriv at mødrene til hundane som no har fått påvist Short ulna, tidlegare har hatt kull med friske kvalpar. Dei hevdar difor at det var vanskeleg å føresjå at så mange kvalpar seinare skulle få lidinga.

– Her var det rett og slett kombinasjonen av foreldra og gena som gjorde utslaget. Vi har diskutert med fleire spesialistar som seier at det ikkje var noko vi kunne ha gjort i forkant for å føresjå sjukdom hos så mange kvalpar.

Christin Pedersen med sin nye hund australske cobberdog, Nero

Christin Pedersen måtte ta eit siste farvel med kvalpen Storm, då han var fire månader gammal. Av same oppdrettar fekk ho kjøpt ein ny australsk cobberdog som heiter Nero.

Foto: Marius Christensen
Ludde sammen med matfar Aadne Tho

Aadne Tho med hunden Ludde

Foto: Marius Christensen
Cathrine Berget med hunden Sam

Cathrine Berget med hunden Sam

Foto: Marius Christensen
Pia Tangen og Aleksander Aas sammen med hunden Marvin

Pia Tangen og Aleksander Aas med hunden Marvin

Foto: Marius Christensen / NRK
Helene Brørby med hunden Lurve

Helene Brørby med hunden Lurve

Foto: Marius Christensen / NRK
Trine Lilleby sammen med hunden Nure

Trine Lilleby med hunden Nure

Foto: Marius Christensen / NRK
Jarle Lerøen sammen med hunden Pepsi hjemme i stua.

Jarle Lerøen med hunden Pepsi

Oppdrettaren seier til NRK at mødrene no er tekne ut av avlsprogrammet etter at det vart oppdaga Short ulna i kulla, slik at gena ikkje blir førte vidare.

Ein hannhund teken ut av avlsprogrammet

Fedrane til hundane er knytt til Kennel Nor i Drøbak, som driv avl og avlsservice på australsk cobberdog. Dagleg leiar Rita Vedal Wiik skriv i ein e-post til NRK at dei er svært merksame på genetiske sjukdommar.

Då det kom meldingar om fleire tilfelle av Short ulna i fleire kull, gjorde dei også ei vurdering om dette kunne vere genetisk. Det gjorde at ein av fedrane blei teken ut av avlsprogrammet.

– Ein av våre hannhundar har meir enn eitt tilfelle av Short ulna blant sine kull. Han er av sikkerheitsomsyn teken ut av avlsprogrammet, skriv Wiik.

Men dei andre hundane som er brukt i dei kulla der lidinga er påvist, er inntil vidare ikkje tekne ut.

– Dei har mange andre avkom utan kjente tilfelle av Short ulna. Dersom vi tek ut av avl alle individ som har slektskap til eit sjukt individ, utan å vite om det har ein samanheng, vil vi berre sitte igjen med dei som ikkje er undersøkt godt nok.

Ho skriv at dei i staden prøver å finne den sannsynlege årsaka, og ta ut dei hundane som går igjen når det er tilfelle som opptrer hyppigare enn det som er vanleg for rasen.

Jobbar med forskrift

Mattilsynet stadfestar at dei har fått bekymringsmeldinga. Dei seier dei ikkje kan seie noko om kor alvorleg saka er før dei har vore på tilsyn.

– Men vi kan seie at vi ikkje reknar dette som ei akutt dyrevelferdssak, sidan det dreier seg om oppdrett som kan ha medført at fleire av hundane seinare har utvikla genetiske sjukdommar, seier seksjonssjef Jarle Bergsjø i seksjon dyr i Østfold og Follo til NRK.

På generelt grunnlag understrekar Mattilsynet at oppdrettar har ansvar for å produsere sunne, friske og velfungerande hundar. Dei har også fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å utvikle ei eiga forskrift for avl av hund. Denne typen avl har ikkje vore regulert i forskrift tidlegare.

Les også Kjende skam då ho brukte 103.000 på redde livet til Molly (6)

Line Hødnebø og hunden Molly

NRK har etter publisering lagt til at australsk cobberdog ikkje er rekna som ein godkjent hunderase av NKK/FCI.

AKTUELT NÅ