Hopp til innhold

Høgsterett: Forsikringsselskap kan avvise utbetaling om du nektar operasjon

Eit forsikringsselskap kan nekte å utbetale pengar til ein kunde fordi han ikkje vil gjennomføre eit kirurgisk inngrep. Det slår Høgsterett fast.

Operasjon

OPERASJON: Dersom du nektar å gjennomføre ein operasjon, kan forsikringsselskapet avvise utbetaling. (Illustrasjonsbilete)

Foto: CBS

Spørsmålet om eit forsikringsselskap kan nekte utbetaling av pengar etter lisensforsikring fordi kunden ikkje vil gjennomføre eit kirurgisk inngrep var oppe i Høgsterett tidleg i juni.

I dag slo Høgsterett fast at forsikringsselskapet har retten på si side.

Den konkrete bakgrunnen for saka er ein Widerøe-flygar som fekk plager med gallestein.

På grunn av plagene, mista han helseattesten som krevst for å arbeide i lufta. Med tap av helseattest, og retten til å arbeide i lufta, slår lisensforsikringa inn.

Mannen leverte derfor eit krav på over 5 millionar kroner.

Kan nekta utbetaling

Protector forsikring avviste kravet og hevda at den gallesteinplaga flygaren måtte operere bort gallestein for å bli frisk og koma seg i arbeid igjen. Flygaren nekta og stod fast på kravet, men no har Høgsterett talt:

Selskapet kan nekta utbetaling fordi den forsikra flygaren ikkje vil gjennomføra eit kirurgisk inngrep.

Blir aldri operert

Øyvind Vidhammer mener forsikringsselskapene tidvis opptrer medisinsk uetisk.

Advokat Øyvind Vidhammer førte saka for flygaren i Høgsterett.

Foto: Ola Helness

Mannen har vore ute av arbeid i snart seks år. Han kjem i følgje advokat Øyvind Vidhammer, ikkje til å gjennomgå ein operasjon for å bli kvitt plagene som i periodar kan vera smertefulle.

Saka har versert i både Finansklagenemnda og rettsapparatet i fleire år. Flygaren fekk først medhald i Finansklagenemnda, deretter blei han i tingretten tilkjent 5 millionar kroner, summen Protector forsikring skulle utbetala i lisensforsikring etter mannen mista helseattesten som gir han rett til å fly.

Fredrik Messel, direktør for store skader, Protector forsikring

Fredrik Messel, skadedirektør i Protector forsikring

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Men Protector forsikring anka, og i Borgarting lagmannsrett fekk selskapet medhald.

Inngrep

Dermed blei det ny anke, og no har Høgsterett tatt endeleg stilling i saka; Lagmannsretten sin dom blir ståande.

I dommen frå Høgsterett i dag står det om vilkåret «urimelig inngrep i friheten til å råde over sin person», mellom anna:

«Det er klart at et pålegg om å gjennomføre en operasjon, er et «inngrep» i forsikredes frihet til å råde over sin person. Spørsmålet i saken er om inngrepet er «urimelig».

I Høgsterettsdommen framgår det også at det er kryssande omsyn i dette spørsmålet.

«På den ene siden står hensynet til den enkeltes personlige frihet og kroppslige integritet sterkt. Men friheten er ikke ubegrenset, når den går ut over andre – her forsikringsselskapet, og i siste instans forsikringskollektivet – som må betale for den forsikredes motvilje...».

Protector: svært nøgd

Skadedirektør Fredrik Messel i Protector forsikring er naturlegvis godt nøgd med dommen.

– Vi oppfattar at vi har fått aksept for at vi kan stille krav om operasjon i tilfelle det er snakk om små komplikasjonar og gode prognoser for å bli frisk. Det er ein viktig og prinsipiell dom, men kanskje aller viktigast for pilotane, sier han.

Det grunngiv han slik:

– Dersom ein ikkje hadde fått denne dommen, kunne dette tilbodet (lisensforsikring, red.anm.) falt bort eller blitt vesentleg forringa.

Messel seier det er svært sjeldan slike saker kjem så på spissen som her, men han seier det er viktig for selskapa at vi kan stille krav om at kunden gjer det ein kan for å bli frisk når det er liten fare for komplikasjonar.

Aksepterer dommen

Flygaren sin advokat, Øyvind Vidhammer, slår seg til ro med og aksepterer avgjerda i Høgsterett. Han meiner retten til å bestemme over eigen kropp ikkje er sett til side sjølv om dommen seier at eit forsikringsselskap kan nekta utbetaling dersom kunden ikkje gjennomføerer ein operasjon.

– Fridomen til å rå over eigen kropp veg tungt, og den veg framleis tungt etter denne avgjerda. Det prinsippet er det ikkje rokka ved. Poenget er at det skal gjerast ei heilt konkret avgjerd, og i denne saka meiner Høgsterett at det er rimeleg å kunna stille eit slikt vilkår (operasjon, red.anm.) fordi utsiktene til bedring er så gode og inngrepet er såpass lite, seier Vidhammer.

AKTUELT NÅ