Hopp til innhold

Høgsterett avgjer om forsikringsselskap kan kreve operasjon

Flygaren vil ikkje opererast for gallestein og krev 5 millionar kroner av forsikringsselskapet etter tap av retten til å fly. Protector forsikring krev at mannen blir operert og går tilbake på jobb. Denne veka skal Høgsterett avgjere tvisten.

Gardermoen 20200117. Et De Havilland Canada Dash 8-100 (LN-WIN) fra Widerøe letter fra Oslo lufthavn.

GALLESTEIN: Widerøe-flygaren slit med gallesteinplager, og mista helseattesten som krevst for å fly. No vil han ha utbetalt forsikringspengar.

Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix

Ein Widerøe-flygar avviste forsikringsselskapet sitt krav om å operera bort gallestein for å bli frisk og koma i arbeid igjen, og krevde utløysing av lisensforsikringa.

Han fekk først medhald i Finansklagenemnda, deretter blei han i tingretten tilkjent 5 millionar kroner, summen Protector forsikring skulle utbetala i lisensforsikring etter mannen mista helseattesten som gir han rett til å fly.

Men Protector forsikring anka dommen, og i Borgarting lagmannsrett fekk selskapet medhald.

Onsdag og torsdag skal Høgsterett ta endeleg stilling i saka. Skal mannen få utbetalt forsikringspengane eller skal Protector forsikring kunna kreva at mannen let seg operera for å blir kvitt gallesteinplagene?

– Det blir ingen operasjon

Mannen har vore ute av arbeid i snart seks år, og han kjem i følgje advokat Øyvind Vidhammer, uansett utfall av rettssaka, ikkje til å underleggja seg operasjon for å bli kvitt plagene, som kan vera smertefulle.

I forsikringsavtalelova går det fram at «Selskapet kan gi den forsikrede pålegg om tiltak som åpenbart vil begrense omfanget av selskapets ansvar, og skal dekke kostnadene ved disse tiltak».

Men det står også at «... den forsikrede plikter ikke å følge et pålegg som gjør et urimelig inngrep i friheten til å råde over sin person».

I Høgsterett skal advokat Øyvind Vidhammer i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig prosedere saka for flygaren.

Prinsipielt viktig sak

– Kjernen i saka er om eit forsikringsselskap kan pålegge ein forsikringskunde å gjennomføre eit kirurgisk inngrep som eit vilkår for forsikringsutbetaling, i dette tilfellet for tap av ein helseattest for ein pilot, seier Vidhammer til NRK.

Det var akkurat dette lagmannsretten ga Protector medhald i.

– Den avgjerda meiner vi er uriktig, og det er derfor vi har anka saka inn for Høgsterett.

Han seier saka er prinsipielt viktig.

– Det handlar om retten til å kunna nekta å utføra eit kirurgisk inngrep, men likevel ha rett til forsikringsutbetalinga, heilt eller delvis, sier Vidhammer.

Han meiner forsikringsavtalelova har ei absolutt grense som går på at den forsikra ikkje treng å føgje pålegg som utgjer eit urimeleg inngrep i fridomen til å råde over eigen person.

– Det er det som gjer denne saka viktig og prinsipiell; kor går grensa mellom selskapet sin rett til å gi eit slikt pålegg og den forsikra sin rett til å bestemme over eigen kropp?

– Ikkje urimeleg krav

Skadedirektør Fredrik Messel i Protector forsikring er glad lagmannsretten ga selskapet medhald. Før Høgsterett si behandling av saka, som startar i dag, seier Messel at dei vil hevda at forsikringstakaren er nødt til å gjera det han kan for, innan rimelege grenser, å avgrensa selskapets tap og for å bli frisk.

Fredrik Messel, direktør for store skader, Protector forsikring

VANN I LAGMANNSRETTEN: Skadedirektør Fredrik Messel i Protector forsikring vann saka i lagmannsretten etter tap i Finansklagenemnda og tingretten.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

Messel meiner dette ikkje handlar om å flytte makta over eigen kropp frå enkeltindivid til utanforståande.

– Her er det snakk om at ein vil ha ei erstatning for at ein er blitt sjuk, og då bør ein gjera det ein kan for å bli frisk. Vi stiller ingen urimeleg krav her.

Han meinert gallesteinplager lett kan handterast.

Det er ein enkel operasjon, det er seks og eit halvt tusen av dei i året, du gjer det i løpet av ein times tid, du er maks innlagt ein dag og du er frisk og rask til å kunna gjennomføra ditt tidlegare arbeid innan ei veke etterpå. Vi oppfattar ikkje at dette er å gripe urimeleg inn i nokons fridom eller personens kropp, seier Messel.

AKTUELT NÅ