Hopp til innhold

Ny dom: Forsikringsselskap kan påleggja operasjon

Ein Widerøe-flygar ville ikkje opererast for gallestein og blei i tingretten tilkjent 5 millionar. Men i lagmannsretten vann forsikringsselskapet.

Et Widerøefly på Svolvær flyplass i Lofoten

Ein flygar i Widerøe ville ikkje operere bort gallestein for å bli frisk. Han blei i tingretten tilkjent fem millionar kroner. Men forsikringsselskapet Protector vann i lagmannsretten.

Foto: Dina Storvik / NRK

Widerøe-flygaren mista helseattesten og retten til å fly på grunn av plagene med gallesteinen. Han blei i tingretten tilkjent 5 millionar kroner i lisensforsikring, altså erstatning for at han mista helseattesten og ikkje lenger kunne utøva yrket sitt. Men forsikringsselskapet anka, og vann i Borgarting lagmannsrett.

Vann fram i tingretten - tapte i lagmannsretten

Lagmannsretten meiner Protector forsikring hadde rett til å påleggja flygaren å gjennomføra ein galleblæreoperasjon og at han, ved ikkje å la seg operera, ikkje har krav på den resterande delen av utbetalinga under lisensforsikringa.

Han hadde då alt fått utbetalt over ein halv million kroner frå selskapet.

Mannen har vore ute av arbeid i fem år, og hadde vunne fram i både finansklagenemnda og i tingretten. Direktør Fredrik Messel i Protector forsikring er glad lagmannsretten har snudd saka.

Fredrik Messel, direktør for store skader, Protector forsikring

Fredrik Messel i Forsikringsselskapet Protector seier dei er nøgde med domen.

Foto: Bjørn Atle Gildestad

– Vi er nøgde med domen. Vi får høve til å stille krav om at dei som vil ha utbetalt ei erstatning fordi dei har blitt sjuke, er pliktige til å ta ein operasjon dersom den gjer dei friske, seier han.

– Men flyttar ikkje denne domen makta over eigen kropp frå einskildmennesket til forsikringsselskapet?

– Føresetnaden for at vi er villige til å dekka erstatning når folk er blitt sjuke og mister inntekta, er at dei gjer det dei kan for å bli friske, det som rimeleg kan forventast av dei, seier Messel.

Selskapet får altså fullt medhald i lagmannsretten. Domen gjentar fleire gonger både operasjonsplikt for forsikringskunden og rett til pålegg for forsikringsselskapet.

Reagerer med vantru

Espen Rekkedal er flygaren sin advokat.

– Han reagerer med vantru på at forsikringsselskapet kan påleggje han operasjon, seier Rekkedal om klientens reaksjon.

Advokaten reagerer på at storleiken på utbetaling blir brukt som argument for at han heller bør operera.

Espen Rekkedal, advokat

Espen Rekkedal er advokat for Widerøe-flygaren som krev pengar frå ei lisensforsikring då han mista helseattesten og retten til å fly.

Foto: NRK

– Det sitatet frå lagmannsretten er kanskje noko av det mest overraskande med domen. Vernet om den personlege fridomen og eigen integritet skal ikkje forsvinne når forsikringsummen blir høg, meiner Rekkedal.

Professor Edvin Schei ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved universitetet i Bergen uttalte seg til NRK om saka etter tingrettsdomen. Han blei seinare stemna som sakkunnig vitne av flygaren sin advokat då saka kom opp i lagmannsretten. Han er overraska over domen

– Det som skjer her, er vel at retten tenkjer at «ja, men det er jo ein liten risiko, og det er veldig mykje pengar å få», slik at ein ut frå ei ganske snusfornuftig vurdering, vil eg sei, tenkjer at «såpass risiko må folk kunna ta».

Ønskjer saka til Høgsterett

Han ser gjerne at saka hamnar i Høgsterett til ei grundigare prinsipiell behandling av kven som bestemmer kva som skal gjerast med kroppen vår.

– Eg trur det hadde vore interessant, for retten brukar storleiken på beløpet som eit argument. Og dei brukar storleiken på risikoen som eit argument. I dette ligg det ei trekkspelvurdering, seier Schei.

Også Harald Sverdrup, direktør i Finansklagenemnda som gav mannen full støtte då saka var oppe der, vil ha saka opp i øvste rettsinstans.

– Saka er prinsipiell og det finst inga rettspraksis på området. Vi ser gjerne at saka kan finne si endelege avgjerd i Høgsterett.

AKTUELT NÅ