NRK Meny
Normal

Hevdar #metoo er misbrukt i FpU-maktkamp

TØNSBERG (NRK): Kjelder i Framstegspartiets ungdom hevdar varsel om seksuell trakassering er brukt som ein del av maktkampen om posisjonar i ungdomspartiet.

Bjørn Kristian Svendsrud, formann i FpU

SPLITTA: Landsmøtet i Framstegspartiets ungdom (FpU) var splitta i val av nestformann. No vil formann Bjørn Kristian Svendsrud samle ungdomspartiet igjen.

Foto: Espen Breivik / NRK

Det som vert omtalt som ryktespreiing og splitting prega delar av landsmøtet til Framstegspartiets ungdom i Tønsberg denne helga.

Tidlegare nestformann i FpU, Kristian Eilertsen, vart ikkje gjennvald som nestformann i ungdomspartiet, etter fleire varselsaker mot seg. I likskap med han sjølv, hevdar enkelte i ungdomspartiet at han har vore utsett for ein maktkamp, med #metoo som middel.

Eilertsen og Lavik

VRAKA: Tidlegare nestformann i FpU, Kristian Eilertsen, vart ikkje gjenvalt. Han har fleire varsler mot seg i partiet.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

To av landsmøtedeltakarane hevdar overfor NRK at formannen og generalsekretæren i ungdomspartiet står bak ein maktkamp mot Eilertsen. Dei ynskjer å vere anonyme, men reknast av andre i ungdomspartiet som støttespelarar av den tidlegare nestformannen.

Dette tek formann i FpU, Bjørn Kristian Svendsrud, sterk avstand frå.

– Det er ein svært alvorleg påstand utan rot i verkelegheita. Statusen til den det er varsla om har ikkje betydning for saksbehandlinga, seier han og peikar på at det er landsmøtet som avgjer.

Også to varslarar som NRK er i kontakt med reagerer på påstanden.

– For meg var det viktig å varsle om det eg har opplevd. Eg er ikkje aktiv lengre og visste heller ikkje at det var val no, seier ei av dei.

Valet splitta salen i to

NRK har tidlegare fortalt om fleire jenter som har sendt inn varsel om seksuell trakassering mot Eilertsen, fleire av dei fortel at dei trakk seg unna politikken på grunn av vedkommande. Kvinnene kjem frå ulike delar av landet og er ikkje aktive lengre.

Organisasjonsutvalet i Frp konkluderte med at seksuell trakassering hadde funne stad, men lét Eilertsen halde fram som nestleiar med ei åtvaring.

Under valet av nestformann vart FpU-delegatane splitta i to. Det enda likevel med at Eilertsen mista nestformann-vervet med 30 mot 40 stemmer, til fordel for Andreas Brännström frå Oslo.

– Eg har stått i ein maktkamp i FpU i to år, og var førebudd på utfallet av voteringa. På mange måtar er det også ein lettelse, for dette gir meg tid til å drive med andre ting framover, sa Eilertsen etter valet.

Fleire i ungdomspartiet skildrar Eilertsen som verdikonservativ, medan Brännström er politisk liberal. Derfor har fleire peika på at Eilertsen er ein god representant i sentralstyret som reknast som liberale.

Kristian Eilertsen FPU

STÅANDE APPLAUS: Tidlegare nestformann i FpU, Kristian Eilertsen, vart takka av med ståande applaus under FpUs landsmøte.

Foto: Espen Breivik / NRK

Dei same anonyme kjeldene hevdar at FpU-leiinga behandlar varslarsaker i ungdomspartiet etter eigne interesser og ulikt frå person til person, etter kven dei sjølv har som favorittar.

Dette kjenner Svendsrud seg ikkje igjen i.

– Alle varsel som har kommen inn til FpU er behandla og lukka i tråd med dei etiske retningslinjene i partiet, seier Svendsrud.

I sin opningstale til landsmøtet tok Svendsrud avstand til ryktespreiing i ungdomspartiet i forkant til landsmøtet.

Ba sentralstyret prioritere organisasjonskultur

Fleire av delegatane under landsmøtet tok ordet for å be eit nyvalt sentralstyret prioritere å jobbe for ein god organisasjonskultur.

– Det var vore ei tøff periode. Vi legg opp til at det skal vere trygt hos oss, når media spør må svaret sjølvsagt vere; ja, det er trygt å vere med i FpU, sa Sandra Kim Eldevik, nestformann i Akershus FpU.

– Sentralstyret skal vere i førarsetet for ein god organisasjonskultur, men den må vi også skape saman. Det er trygt å vere med i vårt ungdomsparti, det skal vi kommunisere tydeleg, svarte Svendsrud frå talarstolen.

No vil formannen fokusere framover.

– Den siste tida har vore krevjande for heile organisasjonen. Eg opplever eit samla landsmøte søndag ettermiddag kor alle FpU-arane ynskjer å legge ei vanskeleg tid bak seg, og sjå framover for å jobbe med organisasjon og framtidas politikk for landet, seier Svendsrud.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger