NRK Meny
Normal

Har visst om bakteriar i 14 år: – Såg ikkje alvoret før no

Det er 14 år sidan det for første gong blei påvist antibiotikaresistente bakteriar i norsk fjørfe. Først no skal norske forskarar undersøkja om dette er farleg for oss menneske.

Kyllinger i kyllingfjøs

Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og Animalia søkte i september i år om å få forska på om kinolonresistente bakteriar i kylling er ein trugsel for oss menneske. Hittil er det gjort lite forsking på området.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Som eit av dei aller første landa i verda starta Noreg med eit offentleg overvakingsprogram av dyr og mat i år 2000.

Same året blei det påvist antibiotikaresistente bakteriar i fjørfe.

Likevel er det ikkje før no nyleg at det er sett i gang forsking på om dette kan gjera oss menneske sjuke.

– Det har ikkje sett så alvorleg ut tidlegare. Me fann nokre få isolat i år 2000, det er først no i løpet av dei siste åra at me har klart å avdekkja det store omfanget, fortel forskar ved Veterinærinstituttet Anne Margrete Urdahl.

Blei overraska

Forskar Anne-Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet

Forskar Anne-Margrete Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

I haust søkte Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og bransjeorganisasjonen Animalia til Forskingsrådet om finansiering til å forska på om kinolonresistente bakteriar i mat faktisk er farleg for oss.

Bakgrunnen for søknaden er at bruk av meir sensitive metodar i laboratorieundersøkingane nyleg avdekte bakteriar som er resistente mot antibiotikatypen kinolonar i minst halvparten av all norsk kylling.

Kinolonar er viktige i behandlinga av pasientar med kompliserte og alvorlege infeksjonssjukdomar. I verste fall kan resistens føra til at menneske døyr fordi denne antibiotikaen ikkje lenger fungerer.

– Då tenkte me «oi, er det så mykje! Kva betyr dette for menneska?», fortel forskar Urdahl.

I samarbeidsstudien «Har kinolonresistente E.coli hjå norsk fjørfe betyding for resistensførekomst hjå menneske?» ønskjer dei å finna svar på tre spørsmål:

  • Kan antibiotikaresistente bakteriar i fjørfe etablera seg i tarmen til mennesket?
  • Kan desse bakteriane gje sjukdom hjå mennesket?
  • Kan resistensen frå ein fjørfebakterie overførast til bakteriar som gir sjukdom hjå mennesket?

FHI: – God kjøkkenhygiene er kanskje ikkje nok

Overlege Martin Steinbakk

Overlege Martin Steinbakk ved Folkehelseinstituttet seier det er viktig med forsking som tettar dei store kunnskapshola rundt faren ved antibiotikaresistens i mat.

Foto: Folkehelseinstituttet

Førebels finst det ikkje dokumentasjon som slår fast at det er farleg for oss å eta mat med antibiotikaresistente bakteriar.

Nokre få studiar er gjort i andre land, men resultata er ikkje utan vidare gyldige for Noreg.

– Det finst nokre studiar på dette frå før, men ikkje mange. Norske fjørfebakteriar er ikkje nødvendigvis like dei i andre land. Dermed er det ikkje sikkert at resultata frå andre land kan overførast til norske forhold, forklarar Urdahl ved Veterinærinstituttet.

Funna av kinolonresistens i halvparten av norsk kylling kjem få månader etter at det blei slått alarm om bakteriar med resistens mot ei anna antibiotikagruppa (ESBL) i éin av tre kyllingfiletar i norske butikkar.

Det er allereie starta opp forsking på om ESBL-resistens i kylling utgjer ein helsefare for oss menneske.

Folkehelseinstituttet (FHI) seier dei vil få eit langt betre grunnlag for å gje gode råd dersom også kinolonstudien blir gjennomført.

– Prosjektet er viktig fordi det kan gje svar på spørsmål om kva risikoen er knytt til resistente bakteriar i matvarer. Det gir oss i Folkehelseinstituttet eit betre grunnlag for å gje råd til folket, styresmaktene og til næringa, seier overlege ved FHI, Martin Steinbakk.

Per i dag er god kjøkkenhygiene det einaste kylling-rådet FHI gir til befolkninga. Det er berre rått kjøtt som kan vera farleg, bakteriane døyr ved gjennomsteiking.

– Men god kjøkkenhygiene er kanskje ikkje nok dersom det viser seg at resistente bakteriar i maten utgjer ein betydeleg risiko for mennesket. Det er store kunnskapshol på dette området, fortel Steinbakk.

Listhaug: – Skal prioritera meir forsking

Landbruksminister Sylvi Listhaug

Meir forsking, kursing av bønder og veterinærar, strenge hygienereglar og hyppigare testing er landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) sine tiltak mot omfattande antibiotikaresistens i norsk kylling.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Dersom søknaden får gjennomslag hjå Forskingsrådet, vil den omtalte studien kunne starta opp etter nyttår.

Meir forsking var eitt av fire tiltak som landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) la fram i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar i norsk fjørfe denne veka.

Ho vil gje Forskingsrådet klar beskjed om at dette problemet skal prioriterast opp neste år.

– Det høyrest absolutt positivt ut for oss og til sjuande og sist er det jo samfunnet som tener på at me får fleire svar rundt faren med antibiotikaresistente bakteriar i maten vår, seier forskar Urdahl ved Veterinærinstituttet til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger