NRK Meny
Normal

Giske møtte på «Løvebakken AUF»-fest: – Ein hån mot varslarane

For ei veke sidan deltok Trond Giske på «Løvebakken AUF» sin påskefest, under tre månader etter at partiet konkluderte med seksuell trakassering mot fleire unge kvinner i nettopp AUF – og Ap.

Trond Giske og AUF-leiar Mani Hussaini

PÅ FEST SAMAN: Stortingsrepresentant Trond Giske (Ap) og AUF-leiar Mani Hussaini deltok begge to på «Løvebakken AUF» sin påskefest førre veke.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

NRK presiserer: NRK har etter publisering av saken endret tittelen. I en tidligere versjon sto det «AUF-fest», det er nå endret til «"Løvebakken AUF"-fest». Det er lagt til at AUF-leder Mani Hussaini understreker at AUF ikke er arrangør av festen. NRK har også endret tittelen som fremkommer i sosiale medier. En tidligere versjon av tittelen var «Giske deltok på AUF-fest med mye alkohol under tre måneder etter #metoo». Tittelen er endret til «Giske deltok på «Løvebakken AUF»-fest under tre månader etter #metoo». Det er tydeliggjort i saken at partisekretær Kjersti Stenseng ikke var med på middagen på Stortinget, men kom til utestedet Justisen på kvelden. I den første versjonen av saken stod det at Giske og Stenseng delte bord store deler av kvelden. Det er tatt ut av saken fordi opplysningen var upresis.

NRK er kjend med at fleire reagerte på Giskes oppmøte og nærvær på festen der tidlegare AUF-ere hadde invitert AUF-veteranar, nåverande tillitsvalde og tilsette i AUF sentralt.

Ei kjelde omtaler det som «utruleg spesielt» og ei anna kjelde kallar invitasjonen og deltakinga ei hån mot varslarane. Ingen av dei vil stå fram med namn i frykt for reaksjonar.

Fleire gonger i vinter har julebordet til det som vert kalla «Løvebakken AUF» blitt utsett på grunn av #metoo-sakene i Arbeidarpartiet.

Torsdag 5. april arrangerte den uformelle gruppa samansett av tidlegare AUF-tillitsvalde, i staden ein påskefest.

Dei fleste som var invitert er politikarar på Stortinget eller i partiapparatet, som tidlegare har hatt verv i AUF, deriblant Trond Giske. Også dei som er sentralstyremedlemmar og enkelte tilsette i AUF i dag deltok.

åsmund Aukrust på Stortinget

INVITERTE: Åsmund Aukrust inviterte gjestane til «Løvebakken AUF» sin middag på Stortinget førre veke.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Dette er eit årleg arrangement, ein middag for stortingsrepresentantar med bakgrunn frå AUF, seier Åsmund Aukrust, som sende ut invitasjonane. Han er stortingsrepresentant frå Akershus og tidlegare nestleiar i AUF.

– Meiner du det var klokt å invitere Giske, kort tid etter at Ap har konkludert med seksuell trakassering?

– Alle tidlegare AUF-leiarar vert inviterte, seier Aukrust, som ikkje vil kommentere saka ytterlegare.


Giske møtt med stående applaus, men beklager til varslerne

TILBAKE: 10. april beklaga Giske den upassande oppførselen sin tilbake i tid på eit partimøte i Orkland Arbeiderparti

Giske, Stenseng og Huitfeldt på bar

Justisen i Oslo

ETTERFEST: Fleire av deltakarane på «Løvebakken AUF» sin middag drog vidare på etterfest på utestaden Justisen i Oslo.

Foto: Google Maps

Etter middagen, som gjekk føre seg i kjellarstova på Stortinget, gjekk ein stor del av festdeltakarane vidare til utestaden Justisen midt mellom Stortinget og Youngstorget. Her skal festen ha halde fram ut i dei små timar med mykje alkohol, ifølgje fleire som deltok.

Trond Giske sjølv er taus om eiga deltaking:

– Dette har eg overhovudet ingen kommentar til, melder han til NRK.

NRK har snakka med fleire som bekreftar at Giske deltok aktivt i festinga utover natta. Det same gjorde partisekretær Kjersti Stenseng. Ho var ikkje til stades under middagen på Stortinget, men kom til Justisen på kvelden.

– Eg kan bekrefte at eg var til stades, men har ingen kommentar utover det, seier Stenseng på spørsmål frå NRK.

Også leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk, Anniken Huitfeldt, var på fest:

– Sidan eg var AUF-ar har eg deltatt på dette årlege arrangementet. Det gjorde eg også i år, seier ho til NRK.

Ekstraordinært landsstyremøte i Arbeiderpartiet.

KAMERATAR: AUF-leiar Mani Hussaini, partisekretær Kjersti Stenseng og kvinnepolitisk leiar Anniken Huitfeldt festa alle med Trond Giske på ein AUF-fest sist veke. Til venstre nestleiar Hadia Tajik.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ap-politikar: – Skakande

– Dette er skakande, og noko som fleire reagerer på, seier lokalpolitikar i Oslo, Anna-Sabina Soggiu. Ho har tidlegare reagert på Giskes tidlege comeback i politikken.

Anna-Sabina Soggiu

REAGERER: Anna-Sabina Soggiu frå Gamle Oslo Ap meiner Giske burde heldt seg for god til å delta på AUF-fest så kort tid etter konklusjonen i trakasseringssakene mot han.

Foto: Astrid Randen / NRK

– Dette forsterkar mitt inntrykk av at Ap ikkje tek inn over seg kva han har gjort, når partisekretæren og kvinnepolitisk talsperson i partiet ikkje reagerer på at Giske deltek på fest saman med AUF-arar.

– Men Justisen er vel ein offentleg stad?

– Eg meiner det er ei rar vurdering uansett. Dei kunne ha gripe inn og sagt det var ugreitt at han var der.

Soggiu trekker parallellen til korleis Høgre har utestengt Kristian Tonning Riise frå alle partiarrangement. NRK kjenner også til minst ei anna konkret sak frå Arbeidarpartiet der eit partimedlem vert nekta å delta interne arrangement, etter ei #metoo-sak.

– Eg forstår ikkje kvifor eldre tillitsvalde i det heile tatt treng å vere på AUF-fest, seier ho.

– FOR TIDLEG: Anna-Sabina Soggiu, nestleiar i Gamle Oslo Ap, seier Giske gjer eit for tidleg comeback i politikken.

AUF: Vil ikkje ta avstand frå Giskes deltaking

AUF-leiar Mani Hussaini understreker at middagen ikke er arrangert av AUF, men at det er tidligere AUF-ere på Stortinget som inviterer. Ifølge Hussaini betaler Arbeiderpartiets stortingsgruppe deler av middagen. Han var sjølv til stades på arrangementet som invitert gjest, og har ingen problem med at også Trond Giske deltok.

– Varselsakene har blitt handterte og Trond har tatt konsekvensane. Så vidt eg veit inviterte Løvebakken AUF alle tidlegare leiarar, generalsekretærar, sentralstyremedlemmar og andre som har hatt sentrale verv i AUF til middagen på Stortinget.

– Det er kort tid sidan varslingssakene mot Giske. Burde han ha halde seg heime?

– Det er ikkje opp til meg å avgjere, vi hadde ein hyggeleg påskefest. Det er snakk om ein middag med mange inviterte, der ein måtte betale ein eigendel. Det var ikkje servert alkohol på festen, men nokon hadde med seg.

– Meiner du det er passande at Giske deltok på festinga etter middagen saman med fleire frå AUF?

– Eg har inga meining om kva folk gjorde etter samkoma vi hadde, seier Hussaini.

Støre: Ingen kommentar.

NRK har spurt Ap-leiar Jonas Gahr Støre om han synest det er greitt at Giske stiller på AUF-fest, så kort tid etter at han måtte trekkje seg frå alle verv som følgje av upassande framferd overfor kvinner.

Støres pressesjef Camilla Ryste seier at Ap-leiaren ikkje har nokon kommentar til saka. NRK har også spurt Jonas Gahr Støre om han som partileiar har nokon kontroll eller innverknad på kva Trond Giske gjer og ikkje gjer. Heller ikkje det ynskjer Støre å svare på.

Se hele intervjuet med APs nestleder Trond Giske i Dagsrevyen.

I DAGSREVYEN: Trond Giske stilte opp i Dagsrevyen om varslar-saka like før jul. Det var før han trakk seg som nestleiar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger