Arbeidarpartiet har torsdag ferdigbehandla varslingssakene mot tidlegare nestleiar Trond Giske, og kome fram til at det i fleire av tilfella har vore brot på partiet sine interne retningslinjer mot seksuell trakassering.
Når NRK spør vil han ikkje bekrefte eller avkrefte om det har vore usemje mellom han og partisekretær Kjersti Stenseng.
– Det er min beslutning, som eg tek fullt og heilt. Vi har jobba tett saman og samarbeida godt.
– Men er Stenseng einig i din fulle og heile konklusjon?
– Det får du spørje henne om. Poenget er at dette ansvaret høyrer partileiaren, fordi det handlar om ein nestleiar.
– Men har det vore noko usemje mellom dykk?
– Det har vore diskusjonar om korleis vi skal handtere saker. I nokon av desse sakene har vi kome til at det har vore brot på retningslinjene, i andre saker har vi ikkje kome dit. Kva diskusjonar vi har hatt internt deler eg ikkje, men konklusjonen står eg ved. Vi har jobba mykje og solid med dette.
NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå partisekretær Stenseng.
Har sjølv tatt beslutninga
Partileiaren har ved fleire anledningar peika på at det er partikontoret og partisekretæren som behandlar varslingssaker i Arbeidarpartiet, men i opptrappinga av Giske-saka har han sjølv vore tydeleg på at det er han som er sjefen.
– Normalt behandlar partikontoret slike saker, men når det er snakk om ein tillitsvalt så høgt oppe er det eg som tek slike avgjersle, noko sentralstyret har gitt meg full tillit til.
Arbeidarpartiet skriv i ei pressemelding at partiet si vurderingar er formidla vidare til den enkelte varslar og Trond Giske. Arbeidarpartiet vil av omsyn til dei involverte ikkje gi ytterlegare kommentarar til dei enkelte varsla.
Giskes advokatar med kraftig kritikk
Trond Giske kjem med eit kraftig svar gjennom sine advokatar Christopher Hansteen og Frode Sulland.
– Vi stiller oss kritiske til at Arbeidarpartiet i realiteten opptrer både som etterforskar og dommar i sakene, utan å ha den sjølvstende som er nødvendig for å opptre upåverka i begge relasjonar, seier Hansteen.
Dei meiner Giske medan han er sjukmeldt ikkje har fått anledning til å kome med sin versjon, og meiner han kan motbevise fleire av sakene.